Trass i at Nord-Irland tapte igjen, til og med på sjølvmål, og er solid planta på botnen av si nasjonsligagruppe, er det ikkje dommedagsstemning i laget og landet. Snarare tvert imot.
Det var mykje positivt å ta med seg frå kampen i Oslo. No kan vi gå inn i november og vite at vi kan spele på fleire ulike måtar, sa Baraclough ifølgje Belfast Telegraph.
Med å «gå inn i november» meiner Baraclough playoff-finalen mot Slovakia heime i Belfast om fire veker. Med siger der er Nord-Irland klar for sitt andre EM på rad.
Den kampen overskuggar alt anna for Nord-Irland, og derfor legg ikkje Baraclough særleg vekt på 0-1-tapet i nasjonsligaen.
Det var også grunnen til at han gjorde ti endringar på laget frå kampen mot Austerrike søndag. Han ville spare spelarane i det tette kampprogrammet, og han ville sjå fleire aktuelle i aksjon.
Og Baraclough likte det han såg.
– Spelarane som kom inn, gjorde ein veldig god jobb. Vi har vist at vi ikkje berre har ein god førsteellevar, men ein sterk tropp.
Frustrerande tap
NØYTRALISERT: Jonny Evans var årsaka til at Erling Braut Haaland ikkje scora, meiner aviskommentatoren. Her er nordmannen i duell med Jonny Evans' bror Corry Evans.
Foto: Orn E. Borgen / AFPLikevel måtte han vedgå at det var frustrerande å tape kampen på Ullevaal, til og med på eit sjølvmål.
– Å tape ein kamp på den måten er ekstra skuffande. Eg meiner gutane fortente å få eit resultat her etter den innsatsen dei la ned, men slik blei det ikkje.
Uheldige Stuart Dallas meinte også at nordirane kan vere nøgde med det dei leverte, og meinte dei nøytraliserte Norge godt.
– Uheldigvis trefte ballen meg i skuldra og gjekk i mål. Det er slikt som skjer, sa han.
Avisas kommentator Steven Beacom gir ekstra skryt til lagkapteinen og Leicester-forsvararen Jonny Evans. 32-åringen spela ikkje i 1-5-kampen mot Norge i september, men var tilbake no i sin landskamp nummer 87.
– Godt nok til å gå til EM
– Det var ikkje tilfeldig at Jonny Evans spela når Erling Haaland ikkje greidde å score, skriv Beacom. Sjølv om kapteinen spela berre første omgang.
Han meiner at det Nord-Irland viste på Ullevaal, er godt nok til å slå Slovakia og gå til EM.
Nord-Irlands tidlegare landslagsspelar Aaron Hughes meinte at Nord-Irlands forsvar gjorde det langt betre på Ullevaal enn i Belfast-kampen i september.
– Midtstopparane våre svikta då, denne gongen var dei mykje betre. Men Ødegaards dødballar var alltid farlege, og vi sat med kjensla av at det ville gi resultat. Det blei det også, seier Hughes til Sky Sports.
– Men det var surt å tape på eit sjølvmål, legg han til.