Då bør du hive deg rundt og nominere vedkomande. For på Idrettsgallaen på Hamar 10. januar skal Årets Ildsjel kårast – det er ein av dei gjevaste prisane på gallaen.
Men du må vere rask. Nominasjonsfristen er førstkomande søndag, 9. november.
I kriteriane står det at:
- Vedkomande må ha gjort ein solid innsats for idretten.
- Ho/han kan vere enten trenar, tilltitsvald eller ha andre verv.
- Ho/han kan ikkje vere tilsett i eller lønna av klubben.
(ekstern lenke)
Trønderske prisvinnarar i fjor
– Idretten er tufta på frvillig arbeid, og den aller største æra for den gode lokale aktiviteten er det alle frivillige trenarar, leiarar, dugnadsarbeidarar og tilltitsvalde som skal ha, seier idrettspresident Børre Rognlien.
Det er dermed slett ikkje berre dei aller dyktigaste utøvarane som skal hyllast på den årlege Idrettsgallaen. Grasrota og dei som gjer ein jobb utelukkande av idealisme og ekte idrettsglede, skal også trekkjast fram i lyset.
I fjor gjekk prisen til
, dugnadsgjengen ved Knyken skisenter i Orkdal.Aamodt: – Den viktigaste prisen
Årets eldsjel-jury er Kjetil André Aamodt, Stig Inge Bjørnebye, Astrid Uhernholdt Jacobsen, Tora Berger, Marco Elsafadi, Glenn Solberg og Kristin Kloster-Aasen.
– Dette er den viktigaste prisen som blir delt ut på Idrettsgallaen, seier Aamodt. – Det vesentlegaste med idretten er aktiviteten i seg sjølv – at ungdommen har ein sunn og aktiv oppvekst som gir meistringsglede. Det er ting ein tar med seg vidare i livet, uansett kva for arena ein hamnar på. Eldsjelene er ein sentral del av dette, seier Aamodt.
Ut av dei nominerte skal juryen finne ein kandat frå kvar landsdel, totalt fem. Dei skal portretterast av Dan Børge Akerø, og portretta blir sende på NRK.
Deretter kan du stemme på dei fem kandidatane mellom 13. desember og 9. januar.