– Eg skal vera hundre prosent igjen 1. august. Så då tar vi ein skikkeleg service når vi først er i gong, seier Kristoffersen til NRK.
Denne sesongen tok Kristoffersen seks sigrar i slalåm og sikra seg slalåmcupen samanlagt, som første nordmann sidan Kjetil André Aamodt gjorde det same i år 2000.
Det har gått hardt utover kroppen.
- I dag har han trekt visdomstenner.
- 2. mai skal han fjerne mandlane.
- Den skadeplaga leggen skal gjennom rehabilitering.
Under verdscuprenna i Kitzbühel i januar vart det kjend at Kristoffersen hadde store smerter i leggen. Ei MR-undersøking i byrjinga av februar viste at 21-åringen hadde symptom på trøyttleiksbrot i leggen.
Kristoffersen køyrde resten av sesongen på smertestillande og kunne til slutt jubla for siger i slalåmcupen samanlagt.
No når sesongen er over skal han få orden på leggen, slik at alt er i orden før oppkøyringa til neste sesong startar for fullt. Og leggen er allereie på god veg.
– No har eg køyrd ganske mykje på ski i seks dagar på rad, utan at det har gjort vondt i leggen. Eg har ikkje tatt smertestillande heller så det er veldig positivt, sa Kristoffersen til NRK på Kvitfjell i førre veke.
Men det er ikkje berre leggen han skal få orden på.
I dag har han trekt visdomstenner og i byrjinga av mai er det fjerning av mandlane som står for tur.
– Mandlane har eg slite med i fleire år, og no passa det seg å få det gjort, seier han.