Mellom anna blir det dømt hands når ballen treffer handa, uansett om det er med vilje eller ikkje. Det kan gi utfordringar både for spelarar og dommarar.
Norge skal praktisere dei nye reglane i to privatkampar mot New Zealand i Marbella fredag og tysdag.
– Det er ei drastisk endring, seier NRKs fotballekspert Carl Erik Torp.
– Utfordringar
Hands-regelen blir skjerpa inn. Hittil har dommaren måtte vurdere kva posisjon handa er i om det skal dømmast eller ikkje.
– No er det mykje tydelegare at når ballen treffer handa, skal det blåsast frispark eller straffe, seier Torp.
Men han er klar på at praktiseringa av denne regelen vil skape utfordringar.
– Då kan ein ta til å spekulere i om spelarane vil utnytte situasjonen. Ein er tett på, ein står ein meter unna, og kan vippe ballen opp i ei hand for å få straffe, ser Torp for seg.
– Så får vi sjå korleis dette blir i praksis. Samstundes vil ein unngå diskusjonane om straffe eller ikkje, det blir tydelegare no, seier han.
Usikker landslagssjef
Landslagssjef Martin Sjögren er usikker på korleis hands-regelen vil slå ut.
– Eg trur det framleis vil byggje på ei subjektiv oppfatning av dommaren, seier han til NRK.
I kampane i Marbella er det lokale dommarar som skal dømme.
– Dei er nok ikkje like innkøyrde på dei nye reglane som VM-dommarane vil vere. Eg synest ikkje det er så veldig stor skilnad på reglane no mot dei som har vore før, seier Sjögren.
Det var IFAB, komiteen som fastset reglane i internasjonal fotball, som vedtok endringane på sitt møte i mars. Reglane skal tre i kraft 1. juni, derfor blir dei brukt i VM som opnar berre seks dagar seinare.
– Andre reglar får større konsekvensar
Sjögren trur det er andre regelendringar enn hands-tolkninga som får dei største konsekvensane.
– No kan du setje i gang eit frispark eller innspark til ein som står inne i straffeområdet, og det kan påverke spelet mykje meir enn hands-regelen, trur landslagssjefen.
Norge vil ikkje bruke dei nye reglane i oppbygginga av spelet i ei normal kamputvikling.
– Men vi har snakka om at våre motstandarar kan kome til å gjere det. Og no får vi tre sjansar til å teste dette i «skarpt läge», seier Martin Sjögren.