NIF ber om å utsette OL
Noregs Idrettsforbund ber Den internasjonale olympiske komité om at OL i Tokyo ikkje må gjennomførast før pandemisituasjonen er under kontroll.
Det skriv Idrettsforbundet i ei pressemelding, der det står at NIF har sendt brev til IOC. I brevet skriv NIF at dei er uroa for den vanskelege situasjonen i Noreg og verda elles, og at dei olympiske leikane i Tokyo ikkje vert gjennomført slik situasjonen er no.
– På bakgrunn av den høgst uavklarte situasjonen i Noreg og i store delar av verda elles, er det verken forsvarleg eller ønskjeleg å sende norske utøvarar til OL eller Paralympics i Tokyo til 2020 før verdssamfunnet har lagt denne pandemien bak seg, seier idrettspresident Berit Kjøll.
Kjøll presiserer at Noreg vil ta sine eigne val, uavhengig av kva IOC landar på, og at utøvarane sine stemmer vil vere viktige å lytte til når ei avgjersle vert tatt.