Anaheim Mighty Ducks, som tok heim Stanley Cup i juni, startar tittelforsvaret mot Los Angeles Kings med to kampar i den britiske hovudstaden laurdag og søndag.
Kampane blir også spela under open himmel.
Og 3. oktober startar resten av sesongen. Totalt skal 1230 grunnspelkampar avviklast fram til 6. april. Deretter følgjer to månader med Stanley Cup-sluttspel.
Merkevaren NHL
Grunnen er at NHL ser på Europa som ein interessant marknad.
- Vi vil utbreie merkevaren NHL så langt som mogeleg, og Europa er eit naturleg område, seier Anaheims direktør Brian Burke.
- Og ordinære seriekampar i Europa er ein milestolpe, legg han til.
Men medan NHL vil auke interessa utanfor Nord-Amerika, er ligaen og ishockeyen på vikande front på heimebane. Ikkje i Canada, rettnok, men i USA. Og 24 av dei 30 klubbane i NHL er derfrå.
Ut av "the big four"?
TV-publikum sviktar, og ishockeyen står i fare for å miste statusen som ein av dei fire store, saman med baseball, basket og amerikansk fotball. Dei fleste klubbane taper pengar.
Anaheim er tittelhaldar, men saknar i sesongstarten to av dei mest røynde og sentrale spelarane frå laget som sikra seg Stanley Cup med finalesiger over Ottawa Senators på forsommaren.
Teemu Selanne scorar 48 mål og Scott Niedermayer hadde 54 målgjevande pasningar forrige sesong. Men Niedermayer er suspendert, og Selanne er ute av form.
Anaheim er likevel blant favorittane i Western Conference, og håpar å bli første lag på 10 år som forsvarar ein conference-tittel.
Pittsburgh favoritt i aust
I Eastern Conference held mange Pittsburgh Penguins som favoritt. Men både New York Rangers og Ottawa Senators har viste sterke takter før sesongstarten.
Og i hockey-galne Canada drøymer dei framleis om kanadisk Stanley Cup-vinnar. Det har ikkje hendt sidan Montreal vann i 1993.
Og første nyttårsdag kan det bli sett publukumsrekord. Då møtest Pittsburgh og Buffalo på ei utandørsbane med plass til 73.000 tilskodarar.