– Overgangen vil nok gå sin gang. Men Brann kan få ein reaksjon, til dømes bot eller poengtap, seier den rutinerte advokaten til NRK.
Det var Bergens Tidende (BT) som første melde om at Sivert Heltne Nilsen sin overgang til Horsens kan skape trøbbel for Brann. Klubben kan nemleg ha brote overgangsreglementet til NFF.
Brann har fleire gonger sagt at dei har hatt ein munnleg avtale med Heltne Nilsen. Dersom det kom eit tilbod som Brann kunne leve med, så skulle dei la midtbanespelaren gå.
– Vi har ein avtale med Sivert om å sleppe han om det kom eit tilbod. Den avtalen ønskjer vi å halde, sa sportssjef Rune Soltvedt før overgangen vart offisielt landa.
Går gjennom avisartiklar
Men ein slik avtale kan vere i strid med NFF sitt overgangsreglement.
– Vi kjem til å ta ein gjennomgang av avisartiklane der saka har blitt omtala og deretter ta ein runde med Brann. Så får vi vurdere om det har skjedd brot på reglementet, seier Espen Auberg, leiar for juridisk seksjon i NFF, til BT.
Sportsleg leiar i Brann, Rune Soltvedt, har vore lite snakkesalig om Sivert Heltne Nilsen sin overgang.
– Eg ønskjer ikkje å seie noko om kven som har ivra for at overgangen kom no eller kven som har initiert han, sa Soltvedt til NRK i går.
Alt skal vere skriftleg
BT har samla nokre av retningslinjene i NFF sitt overgangsreglement som kan skape trøbbel for Brann:
- «Alle forpliktende forhold skal være skriftlig og inntas i kontrakten eller i vedlegg til denne.»
- « Avtaler/dokumenter som forplikter klubben, skal være undertegnet av klubbens leder eller ansatt/tillitsvalgt i klubben med skriftlig fullmakt fra klubbens styre.»
- « ... Det kan heller ikke avtales begrensninger i klubbens frie forhandlingsrett ved fremtidig overgang til ny klubb.»
Ifølgje NFF-jurist Espen Auberg er munnlege avtalar i utgangspunktet like bindande som skriftlege.
– Men i praksis er det vanskelegare å grave i ein munnleg avtale enn ein skriftleg, seier Auberg til BT.
– NFF har tatt kontakt
Dagleg leiar i Brann, Vibeke Johannessen, kan ikkje kommentere den omdiskuterte avtalen per no.
– Eg har ingen kommentarar til dette no, anna enn at dersom NFF ønskjer ei forklaring, så tek vi det direkte med NFF, skriv Johanessen i ein SMS til NRK.
Men den daglege leiaren bekreftar at NFF har tatt kontakt med dei om saka.
Gunnar Martin Kjenner synest det er spesielt at Brann har kome i ein slik situasjon.
– Norske klubbar brukar å vere veldig tydelege på å følge reglementet. I forhandlingar har dei for vane å avvise alle krav frå spelarane. Derfor er det rart at Brann har kome i denne situasjonen, meiner idrettsjuristen.
PS. Sivert Heltne Nilsen, som så vidt har kome i gang med sitt opphald i Horsens, har ikkje vore tilgjengeleg på telefon så langt i kveld.