Hopp til innhold

Lagkamerat meiner Wolfe (19) viser eit sterkt teikn: – Det svartna for meg

David Wolfe (19) og Aune Selland Heggebø (20) var spelarane som sikra kvalifiseringsplassen for Brann, og akkurat det meiner lagkamerat Fredrik Pallesen kan gi fordelar inn mot neste sesong.

Football, Eliteserien, Brann - Sarpsborg 08

Brann sikra kvalifiseringsplassen føre Stabæk. Sjå måla av unggutane her.

No haustar unggutane enormt med skryt av både lagkameratar og trenar Eirik Horneland, men sjølv hugsar Wolfe lite av kva han nettopp har gjort.

Eg hugsar nesten ingenting, skal eg vere ærleg. Det svartna heilt for meg. Då eg såg den ballen gå i mål, då var det berre å klikke fullstendig og bli omringa av gutane, seier Wolfe til NRK.

Han er ekstremt stolt over prestasjonen, og no meiner lagkameratane at dei har ein fordel inn mot neste sesong.

– Mental fordel

Unggutane var nemleg i sentrum denne kvelden. Heggebø scora første mål etter pasning av Wolfe, før sistnemnde sette inn Brann si andre scoring.

– Det gir oss ein stor mental fordel. Viss det først butta litt i mot, kan det vere tøft, men dei krigar seg tilbake og viser at dei er nokre vi kan rekne med. Det er eit sterkt teikn og ein sterk eigenskap. Wolfe leverer ein fantastisk prestasjon, og det lovar godt for framtida, seier Fredrik Pallesen til NRK.

Sjølv meiner trenar Eirik Horneland at han har fått betalt for å satse på dei.

Vi har fått betalt for å våge å satse på dei. Vi har slite med kontinuitet og slite med ei ramme som sit godt nok. No har dei fått mykje erfaring og fekk utteljing for det i dag. Det er utruleg deileg, seier Horneland til NRK.

Football, Eliteserien, Brann - Sarpsborg 08

KJENSLER: David Møller Wolfe og Sivert Heltne Nilsen feirar etter 1–0.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Sender eit fint signal

Det at det var unge, lokale spelarar som stod i sentrum i årets viktigaste kamp, meiner NRK sin ekspert er eit fint signal på kva Brann som klubb prøver å få til.

Carl-Erik Torp

EX-BRANN: tidlegare Brann-spelar Carl-Erik Torp er spent på om Brann klarar å halde seg i Eliteserien neste år.

Foto: NRK

– Brann prøver å vere ein klubb med ein ung, lokal profil. Unge spelarar får moglegheita og bidrog veldig sterkt til at Brann fekk den kvalikplassen, seier Carl-Erik Torp til NRK og held fram:

– Dei har vore der lenge, og det er noko fint ved det at det er styret i Brann som har styre-vedtatt dette, og sagt at det er dette dei skal stå for, seier han.

– Korleis kan dette gi ein mental fordel inn mot neste sesong?

– Dei viste eit uredd, ungt, lokalt energi som eg trur Brann treng, og det kan vere starten på noko betre. Å snakke om neste sesong er litt tidleg, jobben er ikkje gjort enno. Dei har eit enormt press på seg, avsluttar Torp.

Fekk streng beskjed

Sjølv visste ikkje Pallesen at kvalikplassen var sikra før ei stund etter kampslutt. Han fekk nemleg ikkje lov til å fokusere på Odd mot Stabæk, der sistnemnde også kjempa om kvalikplassen.

Football, Eliteserien, Brann - Rosenborg

TUNGT: Pallesen og resten av spelarane kriga med nebb og klør til siste slutt.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Eg spurte benken kva stillinga var i Odd-kampen, men då fekk eg beskjed frå Horneland om å fokusere på vår kamp og komme meg tilbake på plass, seier Pallesen til NRK.

Han har mange blanda kjensler i kroppen etter å endeleg ha vunne etter tap i dei siste ni serierundane.

– Vi har kjempa med nebb og klør heile sesongen. Dette styrkar oss. No får vi ein boost i gruppa. Vi har kriga så mykje mot så mykje «drit» dei siste vekene, siste månadane og siste året, avsluttar han.

No ventar Jerv på Intility Arena på onsdag, og den oppgåva skal laget ta med den største alvor.

Det var viktig å få ein ny sjanse i ein utruleg vanskeleg sesong for Brann sin del. Vi er audmjuke overfor den store oppgåva i Oslo på onsdag, avsluttar Horneland.

Stabæk rykkjer ned

Bortelaget Stabæk måtte vinne over Odd for å sikre kvalifiseringsplassen, men det klarte dei ikkje.

Heimelaget Odd kom best i gong. Etter 18. minutt sette Conrad Wallem inn fyrste mål, men snautt kvarteret seinare fekk Stabæk moglegheita til å rette på stillinga.

Oliver Edvardsen blei felt av keeper Leopold Wahlstedt i feltet, og det blei blåst straffe. Den valte Fitim Azemi å ta, men bomma.

I pausen avslørte trenar Eirik Kjønø at Azemi ikkje var sett opp som straffetakar i denne kampen.

– Det er utruleg ergeleg at vi bommar på straffe, og at ein som ikkje skulle ta straffa, går fram og tek den. Det er frustrerande, seier Kjønø kontant til Eurosport.

I andre omgang var det nettopp bergensaren Fredrik Haugen som skaffa utlikninga, men Odd stoppa ikkje der, og gjekk kort tid seinare opp i leiinga att, etter scoring av Espen Ruud, før Lauritzen tok brodden på kampen med 3-1-scoringa.

Eliteserien fotball 2021: Odd - Stabæk

FØRSTE MÅL: Conrad Wallem set inn 1–0 til Odd.

Foto: Trond R. Teigen / NTB

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal