Hopp til innhold

Mystisk sjukdom har gitt handballproffen treningsnekt: – Eg kjenner meg heilt frisk

Handballmålvakta Emily Stang Sando (32) fekk treningsnekt av legane i mars. No, fire månadar seinare, veit ho enno ikkje kvifor.

Emily Stang Sando

I EM: Emily Stang Sando var ein av reservemålvaktene i europameisterskapet i vinter.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Eg har vore mykje frustrert, eg har vore gjennom heile kjensleregisteret, seier Stang Sando til NRK.

Handballspelaren spelar til dagleg for SG BBM Bietigheim i Tyskland og står med 30 a-landslagskampar for Noreg, men no er det full stopp på alt av aktivitet.

Ho skildrar den vesentlege endringa i livet som natt og dag. Det seier vel dei fleste toppidrettsutøvarar som ufrivillig blir sett ut av sporten dei driv med.

Forskjellen er at Sando kjenner seg heilt frisk. Det gjorde ho då ho fekk beskjeden, og det gjorde ho òg då ho deltok på europameisterskapet i desember som var.

No er OL-draumen spolert, og ho veit heller ikkje om ho rekk årets sesong. Årsaka? Den er framleis ukjent.

Mykje usikkerheit

Til trass for at ho aldri har hatt nokre symptom, var legane på ferta av noko som ikkje stemde innvendig hjå handballspelaren. Det oppdaga dei tilfeldigvis på ein helsesjekk tilbake i august.

Fleire undersøkingar av hjartet blei gjort, men legane fann ikkje ut av det. Difor reiste ho til meisterskapet i Danmark. Tre månadar seinare kom den triste meldinga.

På eit papir stod det at ho hadde fått ein infeksjon i hjarteposen, kalla perikarditt.

Det var det som gav Sando treningsnekt, men no fortel Sando at det er store grunnar til å tru at betennelsen er ute av kroppen.

Likevel kan ho ikkje byrje å trene. Ingen veit kva som er den eigentlege grunnen til utslaga på hjartetestane, og utgreiingar hjå fleire ulike legar er gjort.

– Det kjem forskjellige svar, og det gjer det vanskeleg å stelle seg til kva som er riktig. I og med at eg har vore frisk og rask i alle år, gjer det saka enda vanskelegare, seier ho.

Ho erkjenner at det har vore ei tøff tid.

– Det har vore veldig tøft. Eg kjenner meg heilt frisk og føler at eg kan gå ut og springe ein tur med ein gong, seier Sando.

Potensielt livsfarleg

Landslagslege Anne Froholdt kan fortelje at perikarditt er ein arbeidshypotese som legane har.

– Betennelse i hjarteposen er noko ein av og til ser hjå idrettsutøvarar, men det er ikkje nødvendigvis noko som vi veit Emily har. Ho er under utgreiing, og vi har ein slags tentativ diagnose – at det kan ha vore det, seier Froholdt.

Møbelringen Cup). Golden League, landslagsturnering kvinner i Fornebu Arena (2. runde). Norge Frankrike.

HAR KONTROLL: Landslagslege Anne Froholdt.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Forstyrringa på hjartet blei oppdaga gjennom EKG-test og det kan vere problematisk, meiner Froholdt.

– Tyske klubbar sjekkar slikt veldig grundig. Det kan vere veldig godt, men kanskje på litt vondt også. Ein oppdagar ting som kanskje ikkje er noko problem, og så blir det store utgreiingar som kanskje ikkje blir brukt til noko ting. Dette har hengt ved ho gjennom heile sesongen.

– Er det ein viss sjanse for at ho er heilt frisk?

– Ja, det vil eg absolutt påstå, nettopp fordi ho ikkje har nokre symptom. Men når vi finn noko slikt, så vil vi ta fleire undersøkingar for å sjå om det utviklar seg eller om det endrar seg, seier Froholdt.

Likevel understrekar legen at ein hjarteposebetennelse må ein ta på alvor.

– Det kan vere potensielt livsfarleg å trene med. Vi har sett utøvarar med akutt død i idretten, og vi veit ikkje nødvendigvis akkurat kva det har vore, men at noko kan ha vore hjarteposebetennelse – det trur vi, seier Froholdt og påpeikar at ein hjarteposebetennelse kan føre til akutt hjartestans.

Emily Stand Sando

I AKSJON: Sando i målet mot Polen.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Vanskeleg i eit OL-år

Ekstra tungt er det å få ein slik melding same år som OL skal gå av stabelen i Tokyo. Sando debuterte på landslaget allereie i 2010, og hadde gode sjansar for å bli utteken til det prestisjefulle meisterskapet i juli.

– Ho er ikkje aktuell til OL nettopp på grunn av dette. Det er kjempekjedeleg. For hennar del er det veldig ergeleg, og eg forstår at ho er frustrert på grunn av dette, fortset Froholdt.

Det er som Sando seier: «Ein kvardag eg absolutt ikkje er vand til».

– Det har vore vanskeleg. Eg har nok ikkje vore enkel å vere saman med til tider. Det å sjå andre trene, har gjort ilt. Når nokon spring forbi meg, har eg lyst å springe etter, seier Sando.

No må ho sjå fram mot neste sommar-OL i Paris. Fire år er det til.

– Det gjer ekstra vondt. Det har vore eit merkeleg år, og det er ingen som hadde forventa at noko slikt skulle skje. Fysisk har eg det bra, men mentalt er det hardt, avsluttar ho.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal