– Eg meiner (Anthony) Taylor er ein bra dommar. Men eg trur noko har lagt så mykje press på han at det kjem til å bli vanskeleg for han å vere god i denne kampen, sa Mourinho før Uniteds kamp mot Liverpool på Anfield 17. oktober.
Det har fått FA (det engelske fotballforbundet) til å reagere. No blir han meldt for «å ha sett sporten i vanry».
Mourinho har frist til måndag med å gje sitt syn på saka. Sidan 2009 har det vore forbode for managerar å snakke om dommarane før kampen.
Kan bli utestenging og bot
Kampen på Anfield enda 0–0. Dommaren delte ut fire gule kort – alle til United.
Om han blir dømd, må han truleg følgje ein kamp eller to frå tribunen. I tillegg må han nok betale ei bot.
Mourinho vil nok i si forklaring ta med at det først var Keith Hackett, tidlegare dommarsjef i England, som hadde sett temaet på dagsordenen. Anthony Taylor er frå Altrincham, som ligg i bydelen Trafford i Greater Manchester.
Hackett stilte spørsmålet om det var lurt å la han dømme kampen, og om det ville legge for stort press på Taylor.
Det var dette Mourinho på pressekonferansen dagen før kampen fekk spørsmål om å kommentere.
Den utfordringa let han ikkje gå frå seg.
«Mourinhos lov»
Det er uansett ikkje første gongen José Mourinho blir granska av FA for den slags kommentarar. I si tid i Chelsea blei han både bøtlagd og utestengd etter kommentarar av dommarane.
I oktober i fjor fekk han 50.000 pund i bot for å ha kalla dommarane redde (for å gi Chelsea straffe).
Litt tidlegare hadde Arsenals Arsène Wenger sleppt unna straff for å ha kalla ein dommar svak og naiv (etter tap for nettopp Chelsea).
Det gav støyten til «Mourinhos lov»:
Så seint som i november i fjor vart Mourinho utestengd i ein kamp og fekk 40.000 pund i bot etter å ha oppsøkt dommargarderoben i pausen, skjelt ut dommaren og nekta å forlate garderoben.
Berre nokre veker tidlegare – etter 3-1-tapet for Southampton – fekk han 50.000 pund i bot for å seie at dommarane var redde for å gi hans klubb straffespark
Mourinho forstod nok derfor rekkevidda av det han sa før kampen på Anfield. For han la til – også det før kampen – at han eigentleg ikkje ville seie så mykje meir om dette temaet.
– Eg har lært ei lekse etter å ha blitt straffa så mange gonger for dommarkommentarane mine, sa han.