Thorsby er sjølv overraska over alle måla.
– Det kjennest litt rart å vere toppscorar. Eg har ikkje scora mykje tidlegare, så eg trur alle – meg sjølv inkludert – blei litt overraska, seier Thorsby til NRK etter ei hard treningsøkt.
Han har scora fire av Heerenveens 12 mål frå sin midtbaneposisjon denne sesongen.
– Men eg har trena mykje på det, og har brukt mykje tid. Då er det godt å få utløp for det i kamp også, legg han til.
Heerenveen er utan tap etter seks serieomgangar. Dei er eitt poeng bak PSV Eindhoven som har tapt ein kamp – 2–0 for nettopp Morten Thorsbys og Martin Ødegaards Heerenveen.
«Underdogs» mot Ajax
Søndag er det ny storkamp i skøytebyen. Ajax kjem på besøk.
Men Ajax har ikkje hatt noko stor sesongopning og er nede på sjuandeplass på tabellen etter å ha tapt to av dei seks ligakampane hittil.
Likevel meiner Thorsby at Heerenveen er underdogs.
– Ajax er laget som alltid skal vinne. Vi må ingenting. Vi har sett oss sjølve i ein veldig fin posisjon ved å ha vunne tre kampar på rad, seier han.
STJERNER: Både Martin Ødegaard og Morten Thorsby har storspilt i Heerenveen.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpixMartin Ødegaard ser også fram til storkampen.
– Det er slike kampar vi likar og har lyst til å spele. Det blir god trykk. Folk er gira og positive, det er ein bra «go» her no.
- Les også: Kjøper ikke Lagerbäcks forklaring
– Uvant
Morten Thorsby har sin eigen teori om kvifor han har lykkast så godt i sesongstarten i år.
– Vi har vore i fin flyt som lag. Det betyr mykje at vi skaper mange sjansar. Og eg har ei rolle som er meir offensiv, og som gir meg fleire sjansar til å kome inn i boksen. Då handlar det om å vere roleg og fin når du får sjansen. Det har eg vore betre på no enn tidlegare, seier Thorsby.
I fjor blei Heerenveen nummer ni etter ei stygg sesongavslutning med sju tap på dei siste ni kampane. Dermed fall dei utanfor kvalifisering for Europaligaen.
– Sesongopninga er bra, og vi har meir inne. Mot PSV viste vi at vi har toppnivået inne når vi er på vårt beste.
– Er det fotballfeber?
– Ja, vi spelar fin fotball og har fått ein god start. Og det er uvant at vi er det einaste laget som enno ikkje har tapt. Vi har vanlegvis sleppt inn mange mål, men denne sesongen har vi vore gode bakover også.
– Og det hjelper, for då slepp vi å score så mange.