Morrison ute etter blodpropp-funn: – Då dei sa seks månader blei eg veldig trist

Aalesund sin midtbanespelar Jason Morrison mistar resten av sesongen. Grunnen er blodpropp i lungene.

Sandnes AaFK

Jason Morrison er uaktuell for AaFK-spel resten av årets sesong. Her er han i aksjon mot Sandnes Ulf.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Eg hadde verkeleg sett fram til resten av sesongen. Så eg er ganske skuffa akkurat no, fortel Jason Morrison i prat med NRK.

Jamaicanaren har fått påvist blodpropp i lungene (lungeemboli). Dei siste dagane har han blitt behandla ved Ålesund sjukehus, før han blei skriven ut i ettermiddag.

Bjørn Erik Melland

Fysioterapeut og medisinsk koordinator i AaFK, Bjørn Erik Melland.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Fatta mistanke etter 16. mai

Det var til 16. mai-kampen mot Brann, då Jason Morrison måtte melde pass, at AaFK fatta mistanke. Morrison har slite med pusteproblem.

– Han har slite den siste veka, og vore dårleg heilt sidan han meldte pass til 16. mai-kampen, fortel Bjørn Erik Melland, fysioterapeut og medisinsk koordinator i Aalesund Fotballklubb.

Morrison sjølv merka det heilt først dagen før kampen mot Lillestrøm 13. mai.

– Eg følte meg litt uvel dagen før Lillestrøm-kampen, på trening. Men eg tenkte ikkje meir på det då, seier han til NRK.

Han spelte då AaFK vann 7-1.

Innlagt tysdag

Morrison blei innlagt ved Ålesund sjukehus tysdag.

– Klubblegen var uroa og vi fekk teke blodprøver. Han blei innlagt tysdag, før det blei teke bilde som stadfesta mistanken om lungeemboli.

– Diagnosen fekk han i går og behandling blei sett i gang. Jason er no utskriven frå sjukehus og er etter forholda i god form, seier Melland til NRK.

Jason Morrison

Jason Morrison har vore ein sentral spelar for Aalesund dei siste sesongane. Her jublar han etter cuptriumfen i 2011.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

– Ikkje kjekke nyheiter å få

Midtbanespelaren sjølv, som har vore svært sentral for AaFK dei siste åra, fortel at diagnosen var eit lite sjokk.

– Det var ikkje kjekke nyheiter å få, så eg ganske trist i augneblinken. Då dei sa at eg blei ute i seks månader blei det ekstra trist, for eg hadde verkeleg sett fram til å spele AaFK til topps.

Morrison er derimot lukkeleg for at ein fann ut av dette såpass raskt.

– Helsa er sjølvsagt viktigast, så eg prøver å sjå det positive i ting.

– Det kunne vore verre, sa legane, og det er betre å finne ut av dette no og ikkje seinare, slår Morrison fast.

Null kontaktidrett

Bjørn Erik Melland vil ikkje gå inn på kor alvorleg blodproppen i dette tilfelle er.

– Han er utskriven, og det seier vel sitt. Slikt er heilt individuelt og kan ikkje generaliserast.

– No når dette er oppdaga meiner legane at vi har god kontroll og behandling er sett i gang. Han bør derimot unngå kontaktidrett så lenge behandlinga skjer, meddeler Melland.

Behandlinga går over minst seks månader.

– Han kan trene, men bør ikkje vere involvert i noko som helst kontaktidrett. Dermed blir det ikkje fotball.

Ikkje kjekt med slike diagnosar

Når det blei teke blodprøver, etter pusteproblem, er Melland klar på at ein må vere open for både mindre og meir alvorleg diagnoser.

– Men det er ikkje kjekt med slike meldingar. Aller minst for Jason sjølv.

Melland har prata mykje med midtbanespelaren, og konklusjonen er enkel:

– Fotball er viktig, men helse, familie og andre ting er langt viktigare. Ein må ta dette til etterretning, og så må Jason få tid på seg til å bli frisk. Vi satsar på at han kjem sterkt tilbake, seier Melland.

I utgangspunktet skal Morrison behandlast over seks månader.

– Det skal vere tilstrekkeleg, men vi får sjå, avsluttar den medisinske koordinatoren i AaFK.

Siste nytt

  • Hjemmeseier for Blackhawks

    En enkelt scoring var alt Chicago Blackhawks trengte for å slå St. Louis Blues i «the windy city» onsdag. Kampens eneste mål sto hjemmelagets Brent Seabrook for. Norske Andreas Martinsen fikk drøyt elleve minutter på isen denne gangen.

    SPO-HKO-HKN-COLORADO-AVALANCHE-V-CHICAGO-BLACKHAWKS
    Foto: JONATHAN DANIEL / AFP
  • Elverum og Halden i NM-finalen

    Elverum er klar for NM-finalen i håndball for menn etter 37-26 over Bækkelaget i onsdagens semifinale. Lukas Sandell ble mestscorende for Elverum med sju fulltreffere. Halden blir motstander i finalen i Oslo Spektrum 29. desember.

    apelgren
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Dropper omstridt aldersgrense

    Linda Hofstad Helleland er innstilt som kandidat for å bli WADA-president, men har fått mye motgang allerede før valget. Den 5. november kom det et forslag fra den Afrikanske unionen om at en president må være 45 år, og ha mastergrad, noe Helleland ikke oppfyller. Mange tolket dette som et forsøk på å holde Helleland utenfor diskusjonen om å kunne bli president.

    Dopingjournalist i ARD, Nick Butler, forteller i kveld på Twitter at det forslaget ikke vil bli inkludert som et krav og at det blir avfeid som et tåpelig forslag.

    Laster Twitter-innhold

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
VM sjakk: Parti 5: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
VM sjakk: Parti 5
Sport i dag: VM sjakk 2018