Medan dei mørkeblå kreftene i norsk politikk opplever tilbakegang, er to av dei mørkeblå laga i norsk fotball i storslag for tida. Og for å halde oss i eit politisk spor: Kveldens oppgjer var eit fint bilete på norsk demokrati. Laga hadde kvar sin omgang og fordelte poenga broderleg mellom seg. Dermed var det minst sannsynlege resultatet i årets eliteserie eit faktum.
Eg har éin ting å innrømme ovanfor begge laga: i mi bok var dei avskrivne som medaljehåp etter første del av sesongen.
Kjell Jonevret strevde med å komponere eit slagkraftig lag. Alt for ofte såg Viking ut som eit lett bytte for motstandaren – som ein hare omringa av ulvar. I Drammen roterte David Nielsen så mykje, både spelarar og formasjon, at Godset svimla rundt utan kart og kompass midt på tabellen. Til sist vart Nielsen offer for sitt roteringsregime – han måtte ta den berømte hatten og gå.
Men sidan har det skjedd ting. Før kveldens kamp hadde Viking vinne sju av dei siste ni i eliteserien. Godset hadde vinne seks av dei siste åtte, inkludert ein knusande 4-1-siger mot nettopp Viking. Endringa er tilsynelatande så radikal at ein kunne mistenke begge laga for å ha smakt på trylledrikken til trollmann Miraculix.
Nytt liv i gamle prinsipp
Sanninga er snarare det heilt motsette: over tid har begge laga gradvis kome fram til ein måte å spele på som står betre i stil med spelarmaterialet.
Godset har måtte restarte seg sjølv, finne tilbake sporet av den tapte tid med Ronny Deila som hovudtrenar. Bjørn Petter Ingebretsen har re-introdusert ein flytande 4-3-3-formasjon, som både gir god breidde i angrepsspelet og ei kompakt defensiv kjerne.
Resultatet er eit fast spelemønster som alle kan relatere seg til. Godset har vorte meir robuste. Dei slepte inn 21 mål på dei første 10 seriekampane. Sidan har dei berre slept inn 14 på 13 kampar. Då dei gjekk opp til 1-0 i kveld, vart 4-3-3 enkelt omdanna til 4-5-1. Fleksibelt, men utan å rokke ved grunnprinsippa i spelesystemet.
Artikkelen fortsetter under bildet.
MÅLSCORER: Iver Fossum sendte Strømsgodset i ledelsen på Viking stadion.
Foto: Johansen, Carina / NTB scanpixOgså offensivt har Godset sett bakover i tid. Eg var skeptisk då dei henta Marcus Pedersen, som var ein skugge av seg sjølv i Brann, men etter returen til SIF har han vist prov på det talentet han ein gong var. Han scora ikkje i kveld, men var eit kontinuerleg uromoment fram til han vart bytta ut med Marco Tagbajumi, som også har vore ein nyttig tilvekst etter at han kom til klubben i august.
Andre enkeltspelarar har også blomstra, i første rekke Gustav Wikheim og Ivar Fossum, toppscoraren til Strømsgodset. Sistnemnde putta i kveld også, då han skar gjennom Viking-forsvaret på smidig vis i første omgang. Målgjevande pasning? Wikheim, så klart. Relasjonen dei to i mellom var ei kjelde til farlege situasjonar gjennom heile kampen.
Ingebretsen har ganske enkelt lukkast med noko så elementært som man management – det beste kvaliteten ein trenar kan ha når han tek over eit lag i motgang.
Mindre eleganse, meir musklar
I Viking sitt tilfelle er det to utslagsgjevande faktorar: Jonevret har gradvis klart å omdanne den ballspelande stilen til Viking frå ineffektiv trilling til klinisk effektivitet. Dei vart rett nok stagga av eit fokusert Strømsgodset-lag storparten av denne kampen, men har elles levert potent offensiv fotball den siste tida.
I tillegg er det defensive opplegget av ein heilt annan karakter – Viking er ikkje tilnærmingsvis like porøse no som i starten av sesongen.
Midtbanekonstellasjonen til Viking er nøkkelen til suksessen. I 4-4-2 kan ein lett verte overspelt viss motstandaren har ein ekstra mann sentralt. Det var nøyaktig dette som hende då Viking tapte 4-1 heime mot Rosenborg i fjerde runde. Då stilte Viking med Vidar Nisja, Magne Hoseth, Yann-Erik de Lanlay og Zymer Bytyqi i midtbaneleddet – fire elegante menn, men spinkle som halmstrå.
Artikkelen fortsetter under bildet.
POPULÆRE: Makthar Thioune og Viking-spillerne kan være på vei mot medalje i både i Eliteserien og NM i år.
Foto: Johansen, Carina / NTB scanpixDen versjonen av Viking fekk meg til å tenkje på det argentinske landslaget under José Pekerman inn mot VM i 2006. Argentinsk media ville gjerne ha alle dei lettbeinte teknikarane - Pablo Aimar, Javier Saviola, Carlos Tevez og Lionel Messi – på førstelaget. «Dette er ikkje Snøkvit og dei Sju Dvergane», sa Pekerman. «Det er det argentinske landslaget. Vi må tenkje på balansen.»
Ein kan seie at Jonevret gjorde ei liknande vurdering då han let Hoseth og de Lanlay gå i sommar. I haust har Viking som oftast spelt med to jernmenn sentralt. I kveld starta dei med Joackim Jørgensen og Karol Mets. Det er ikkje vakkert, men desto meir effektivt.
Fantasilause tendensar
Minuset med denne oppstillinga kjem til syne når Viking ligg under. Jørgensen og Mets er ikkje dei optimale spelartypane med tanke på å finne ei uventa opning hos det forsvarande laget. Etter at SIF gjekk opp til 1-0, var det eit frustrert Viking som fånyttes stanga mot forsvarsverket til Godset. Heimelaget hadde knapt ein einaste målsjanse i første omgang.
Apropos det å spele heime: Viking har ofte strevd med å meistre høge forventingar frå eit kravstort Stavanger-publikum. I fjor tok dei meir poeng borte enn heime. Slik har det ikkje vore i år, men i kveld vart Viking stadion heimsøkt av gamle spøkjelse. Ein bortimot fullsett tribune gav tydeleg uttrykk for misnøye då storspelet let vente på seg.
Etter pause, då Viking klarte å skru opp balltempoet fleire hakk, var publikum meir med. Då utlikninga kom 15 minutt før full tid, hadde stemninga for lengst gått frå lunka vatn til full fyring. Det er slik stønad Viking treng i siste rest av sesongen viss medaljehåpet skal bestå.
FEIRET MÅL: Samuel gratuleres av André Danielsen og Indridi Sigurdsson etter å ha utlignet for Viking mot Strømsgodset.
Foto: Johansen, Carina / NTB scanpixTillit til ungdommen
Det mest imponerande med Viking i haust, er at dei har klart å erstatte Veton Berisha, som også forsvann i sommar. På det tidspunktet trudde eg i alle fall at alt håp var ute for Viking med tanke på medalje. Utover denne hausten har eg dermed mått ete hattar til både frukost, lunsj og middag, for laget har faktisk vorte betre utan Berisha – utruleg som det enn kan høyrast ut.
Den viktigaste forklaringa er at dei to unge nigerianarane Samuel Adegbenro og Suleiman Abdullahi verkeleg har vist kva som bur i dei. Dei har gått frå å vere typiske «impact players» til berebjelkar i laget. Adegbenro og Abdullahi er x-faktoren i den Viking-renessansen som har utspelt seg i haust, mot alle odds. Som venta var dei begge involvert då Viking utlikna mot Godset: scoring av Adegbenro etter forarbeid av Abdullahi.
På same måte som Ingebretsen har fått meir ut av enkeltspelarane i SIF, har Jonevret klart å få dei unge til å ta steget når det vart naudsynt. Adegbenro er 19 år, Abdullahi er 18. Viss dei held fram i same spor, har Viking-fansen mykje å gle seg til i tida som kjem.
Alternativt kan dei bøte på ei slunken klubbkasse, viss ein større klubb skulle melde si interesse. Det verkar sannsynleg, men for Viking og norsk fotball sin del hadde det vore artig å sjå dei i eliteserien også neste år.
I den næraste framtida er det medaljekampen som gjeld. Alt tydar på at både Viking og Strømsgodset kjem til å henge med der, heilt til den feite dama har sunge det siste verset av årets sesong.