AaFK var rasande på dommaren fordi dei ikkje fekk straffen. Dermed tapte dei kvartfinalen mot Viking.Kampen enda med 1-1, ekstraomgangar og straffespark. Der vann Viking 5-3.
Det gjer den moglege straffesituasjonen i det fjerde overtidsminuttet endå verre å svelje for heimelaget.
Vikings Viljar Venvatne gjekk inn i duell med Aalesunds Aron Thrandarsson som var på veg mot keeper Iven Austbø inne i feltet. Thrandarsson gjekk i bakken, men dommaren vinka spelet vidare, og bles ordinær tid av nokre sekund etterpå.
– Når eg ser det om igjen etterpå, er det tydeleg at det er kontakt. Kontakten er ikkje stor, men nok til at vi skulle dømt straffe. Det eg såg live ute på bana, var at det ikkje var nok kontakt til at det er straffe, seier dommar Kai Erik Steen til NRK etter at han har sett video av episoden.
– Så du burde ha dømt straffespark til Aalesund?
– Ja.
Heile Aalesund var i harnisk etter hendinga, som var det siste som skjedde i andre ordinære omgang.
– Det er klar straffe, seier Thrandarsson til NRK. – Han tar klart beina mine. Det er ein vits at dommaren ikkje dømmer straffe.
AaFK-trenar Lars Bohinen meinte at hans lag skulle hatt sin andre straffe for kvelden, og brukte lang tid av den korte pausen til å argumentere med dommaren.
– Vi meiner vi har gjort ein god jobb i 93 minutt. Så kjem denne episoden på slutten. Det kjennest utruleg kjipt, seier Steen.
– Men eg var ikkje sikker. Og når eg ikkje er sikker, kan eg ikkje blåse straffespark.
– Soleklar straffe
– Det er soleklar straffe. Det er feigt av dommaren, han er ikkje oppe i situasjonen. Det er forj*** å ryke slik. I den avgjerande situasjonen er ikkje dommaren med. Han seier at han ser verken armar eller bein, og kan ikkje dømme. Men då er han ikkje på rett plass.
– Er du feig, Steen?
– Nei, dette handlar ikkje om å vere feig. Det handlar om at eg ikkje ser den vesle kontakten vi ser på tv. Eg må vurdere om det er ein kontakt som er stor nok til at eg skal blåse.
NRKs ekspert Morten Morrisbak Skjønsberg er klar på at det var straffe.
– Men det er heilt på slutten av kampen, og dommaren vil ikkje dømme om han ikkje er heilt sikker. Likevel har Bohinen eit poeng i at han ikkje hang med.
Vikings trenar Bjarne Berntsen er nøgd med sigeren, men ikkje med at keeper berre redda ein av Aalesund sine.
– Eg er nøgd med at vi vinn, og at vi scorar på alle våre straffer. Men Iven burde tatt alle fire, sa han.
Serieleiaren i 1. divisjon starta best, og fekk straffe etter at Sondre Fet blei felt. Niklas Castro sette straffen sikkert i mål.
Den leiinga heldt til fem minutt før pause. Men då hadde Viking overteke initiativet, og Fredrik Torsteinbø utlikna frå kanten av straffefeltet.
– Likar å vere helt
Andre omgang blei sjansefattig, fram til den kontroversielle situasjonen i kampens siste sekund.
Ekstraomgangane gav derimot store sjansar til begge lag. Men trøytte bein greidde aldri å treffe mål. Derfor gjekk det til straffer.
Ståle Sæthre blei Aalesunds syndebukk. Han tok klubbens tredje straffe, og den blei redda.
Zlatko Tripic. Det var han som sette inn den avgjerande straffen for Viking.
– Det var deilig. Bohinen tar feil, vi var best i det meste av kampen. Vi skaper sjanse på sjanse på sjanse.
– Eg liker kjensla av å bli helten. Eg er vanlegvis sikker på straffe, og var ikkje nervøs sa han.