Heile idrettsverda gispa då Usain Bolt tjuvstarta under VM-finalen.
På grunn av reglane på 100 meter blei det bare med eitt forsøk for verdas største friidrettsstjerne som blei diska umiddelbart etter tjuvstarten.
No reagerer friidrettsverda på dei strenge 100 meter-reglane.
– Dagens tjuvstart-regel er ikkje rett. Men så lenge det internasjonale idrettsforbundet meiner den er bra for TV vil den vel bli verande, seier Kim Collins som tok bronsemedalje i finalen sundag.
– Øydelegg for sporten
Eks-sprintar John Ertzgaard er einig med Collins.
– Dette er ikkje bra for sporten. Det er ingen som kjem til å hugse Yohan Blakes siger etter det som skjedde. Regelen går også ut over tidene til utøvarane som ikkje vil risikere å starte for hardt, seier Ertzgaard som meiner at det bør bli meir som før, då utøvarane fekk åtvaring etter å ha tjuvstarta.
Også hekkeløpar Christina Vukicevic stiller også spørsmål ved regelen.
– «Regelendringar?», skriv ho på Twitter og held fram:
– «Ok. Skal dei også ha eitt forsøk i høgde?», melder Vukicevic og siktar til at høgdekonkurransen har tre forsøk i kvar høgde.
Hoen: – Gjer sporten meir spennande
Europameister i høgde og Bislett Games-arrangør Steinar Hoen var av dei sjokka sjåarane som fekk med seg finaledramaet.
– «Er det mogleg?», tenkte eg først. Men sett med kommersielle briller er det dette som gjer sporten så spennande, seier Hoen.
Han trur det vil komme sterke reaksjonar mot regelen som bare gjev ein sjanse til tjuvstart på 100 meter, men meiner at den bør bli ståande.
– Det er ikkje mange idrettar som ville gjort dette mot seg sjølv, men samstundes er det så «inn i granskauen» rettferdig.
– Regelen er knallhard. Ein kan ikkje gjere mykje feil på øvinga. Men samstundes er det jo dette som gjer sporten så spennande, seier Hoen.
Trur ikkje Bolt vil klage
Usain Bolt slo i veggen i frustrasjon over diskinga, men VM-fiaskoen var kanskje ikkje så ille for verken jamaicanaren eller idretten elles, meiner Hoen.
– At han måtte ut er jo ei bombe og ein stor nyhet i VM. I tillegg trur eg ikkje merkevara Bolt blir mindre etter dette, seier eks-høgdehopparen.
Verdsmeisteren vil heller ikkje klage på den strenge regelen, trur Hoen.
– Usain er den første til å ikkje klage på nokon ting. Ein såg på reaksjonen etterpå at han var skuffa, men han er ein mann som tek dette med fatning.
– I tillegg viser han dei andre utøvarane at regelen kan råke alle. Jentene som spring 100 meter i morgon vil nok tenke at «når det skjer med han, så kan det skje oss alle», seier Hoen.
No kan du vedde på om regelen blir fjerna eller ikkje
Men fleire friidrettsfans er einig med Vukicevic og Ertzgaard. På Twitter stormar det etter VM-finalen trass i at regelen er til for å få avvikle 100 metrar så sjåarvennleg som mogleg.
– «Denne regelen tek ikkje med menneskelege feil i rekninga. Desse atletane er menneske. Vi må slutte å få alt til å dreie seg om pengar,» skriv ein friidrettstilhengar.
Og om det ikkje skulle dreie seg nok om pengar frå før:
No har det britiske bettingselskapet William Hill gjort det mogleg å satse pengar på om regelen blir fjerna eller ikkje.
– Det vil komme reaksjonar etter diskinga av Bolt. Vi vil ikkje bli overraska om regelen er endra før OL i London neste år, seier Graham Shape, talsmann i bettingselskapet.
Går mot oppgjer for falne gigantar i OL
Hoen trur også mange millionar fans sat skuffa igjen i både Daegu og foran TV-skjermen.
No kan dei i det minste sjå fram til stjernekamp mellom nemnde Bolt, Asafa Powell og Tyson Gay under OL i London til neste år - om ingen av dei blir offer for regelen også der, sjølvsagt.
– Det blir eit gigantoppgjer. Verken Bolt, Asafa Powell eller Tyson Gay fekk springe finalen i VM. Alle dei tre største sprintarane i verda vil vere revansjesugne til då, seier Hoen.
- SJÅ VM-FINALEN OM IGJEN - UTAN BOLT: