Hopp til innhold

Meiner Mbappé-sagaen viser ei spesiell utvikling: – Det er tankevekkande

Superstjerna Kylian Mbappé skal ha avslått ein rekordovergang til Saudi-Arabia, men ekspertane meiner det er oppsiktsvekkande at det var både aktuelt og logisk å dra dit.

Kylian Mbappé

I FOKUS: Endå ein overgangssommar, nok ein overgangssaga rundt Kylian Mbappé.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

– Ingen veit kva som kjem til å skje. Ikkje eingong Kylian Mbappé. Faktum at han skåra hat trick i VM-finalen i desember og at vi åtte månader seinare diskuterer om han kjem til å gå til Saudi-Arabia, viser at å spå ting om fotball i dag er tullete å gjere.

Det skriv journalisten Nick Miller for nettstaden The Athletic.

I ein artikkel poengterer han at det ville vore logisk for ein av dei største stjernene i verda, Kylian Mbappé, å ta ein sesong i Saudi-Arabia. Samtidig understrekar han at det for nokre månader sidan berre ville vorte sett på som galskap. Men:

– Akkurat no er det mest logiske for Mbappé å akseptere tilbodet frå Saudi-Arabia. At vi har nådd det punktet er berre uhyggeleg, skriv han.

Kylian Mbappé

AU REVOIR? Kylian Mbappé kan forlate PSG i sommar.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Sidan det nesten heile tida kjem nye rapportar og vendingar i overgangssagaen rundt Kylian Mbappé, får du ei kjapp oppsummering:

Superstjerna vil bli verande i PSG éin sesong til, men har ikkje skrive under på ny kontrakt. Han vil dermed gå gratis neste sommar. Klubben svarte med å legge han ut for sal, ambisiøse Al Hilal la inn eit verdsrekordbod som PSG aksepterte, men Mbappé skal ikkje ha vore interessert.

Men dei siste par dagane har ein Kylian Mbappé-overgang til saudiarabisk fotball, på mange måtar, faktisk gitt meining:

  • Real Madrid, klubben Mbappé vil til, har denne sommaren hatt store utlegg etter kjøpa av Arda Güler og Jude Bellingham.
  • Mbappé vil tene vanvitige summar: 7,7 milliardar kroner ifølge The Athletic. Samstundes slepp han å sitje på ein PSG-benk før EM neste sommar.
  • PSG får bøttevis med pengar.
  • Al Hilal får ein av dei beste spelarane i verda og eit av dei aller største namna.

Eit ledd for å lokke verdsmeisteren frå 2018 til landet er å love han at det berre dreier seg om éin sesong og at han kan få draumeovergangen til Real Madrid neste sommar.

– Den ultimate maktkampen

Men alt avheng sjølvsagt av kva Mbappé sjølv ønskjer. For etter at det oppstod ein isfront mellom Mbappé og PSG, har det nesten dagleg vore noko nytt å skrive om i det som verkar som ein evigvarande overgangssaga.

– Dette er den ultimate maktkampen mellom ein enkeltspelar og klubb. Det er fascinerande. Det blir sagt at ingen spelarar er større enn klubben, men her er vi i grenseland, meiner TV 2-kommentator Øyvind Alsaker.

For ei meir detaljert oversikt over kva som har skjedd denne sommaren, sjå faktaboksen under:

– Utruleg aggressive

For sjølv om Mbappé avslår ein overgang til Saudi-Arabia, som akkurat no verkar å vere det mest sannsynlege, ville det for nokre månader sidan vorte sett på som heilt urealistisk og i det heile gi det eit forsøk.

Men berre det at det har vorte sett på som logisk og realistisk er smått utruleg.

Alsaker meiner vi nærmar oss punktet der det er heilt stovereint å forlate europeisk fotball til fordel for mykje pengar i Saudi-Arabia. Uavhengig av kva Mbappé gjer denne sommaren.

Alsaker

KOMMENTATOR: Øyvind Alsaker.

Foto: TV 2 Daniel Sannum Lauten / TV 2

– No er det såpass mange som både vurderer å gå dit og takkar ja til å gjere det at vi blir lulla inn i ein «sånn er det berre»-mentalitet. Saudi-Arabia er utruleg aggressive på overgangsmarknaden, og skulle Mbappé hamne der ... Då byrjar vi å snakke om ein liga som et seg veldig inn blant eliten, seier kommentatoren.

Jordan Henderson fekk for ordens skyld passet ordentleg påskrive for overgangen sin til Al Ettifaq.

Les også Rasar mot stjerne etter overgang: – Tragisk

Henderson

Politikarar reagerer

Kylian Mbappé er enorm i Frankrike. Han er gullkalven i landet og har vore det sidan han var med på å skyte Frankrike til VM-gull i 2018. Han er så stor at det ikkje er berre fotballkjennarar som synsar og meiner ting rundt 24-åringen. Politikarar blandar seg òg.

Anne Hidalgo, borgarmeister i Paris sidan 2014, er blant dei som har uttalt seg.

– Dei har den beste spelaren i verda og er villige til og ikkje spele med han. Eg må innrømme at eg skjønner ingenting, seier ho i eit intervju med den franske TV-kanalen BFM.

Hidalgo har jamleg vore på PSG-kampar og er overraska over innstillinga og behandlinga PSG har gitt den største fotballstjerna i landet.

598453269

Anne Hidalgo (til venstre) med PSG-president Nasser al-Khelaifi.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

– Kylian er ein ekstraordinær spelar, og eg vil helst behalde han i Paris. Eg trur det også ønsket hans er å bli verande så lenge som mogleg i Paris. Så spørsmålet er: Kva slags spel er det PSG spelar?, spør ho.

Paris' borgarmeister er ikkje den første franske politikaren som har sagt sitt om Mbappés framtid. Frankrikes president, Emmanuel Macron, har også blanda seg.

Det er ingenting å seie på ambisjonsnivået til Al Hilal. Tidlegare i sommar prøvde dei å signere Lionel Messi, som i staden valde Inter Miami.

Al Hilal har neppe gitt opp draumen om Mbappé, trass i at stjerna har sagt nei. Fleire stjerner har tidlegare sagt nei til saudiarabiske klubbar, men seinare snudd.

Al Hilal er ein av fire Saudi Pro League-klubbane som tidlegare i sommar vart kjøpt opp av det saudiarabiske investeringsfondet (PIF) i eit forsøk på å styrke ligaen.

I løpet av sommaren har dei signert Kalidou Koulibaly frå Chelsea, Ruben Neves frå Wolverhampton, Sergej Milinkovic-Savic frå Lazio og Malcom frå Zenit.

Heilomvending i fjor

Kvar einaste sommar sidan Mbappé slo gjennom har han vorte kopla til Real Madrid, men dei som har venta på franskmannen i den kvite trøya, har til no venta forgjeves.

I fjor vart det påstått at dei var svært nære. Men Mbappé skreiv i staden under på ein ny kontrakt med den franske hovudstadsklubben.

24-åringen stilte opp i dress, smilte og heldt fram PSG-drakta der det stod «Mbappé 2025», men kontrakten strekte seg eigentleg til 2024. Mbappé har sjølv ein opsjon på å forlenge kontrakten med eitt år, ein opsjon han tydelegvis ikkje ønskjer å nytte seg av.

Fristen for å nytte seg av opsjonen er 31. juli, ifølgje The Athletic.

Kylian Mbappé 2025

HEILOMVENDINGA: Kylian Mbappé poserer etter at han forlengde kontrakten med PSG sommaren 2022.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

«Upløgd mark»

Alsaker er ein av dei som har følgt overgangssommaren, og Mbappé-sagaen, tett. Han beskriv seg som både spent og bekymra, uavhengig av kva Mbappé endar med å gjere.

– Dette er heilt upløgd mark. Det kan vere at vi er vitne til eit paradigmeskifte der olje- og pengesterke nasjonar blir ein maktfaktor i fotballen. Det er i alle fall ingen tvil om at det er ein ny spelar ved bordet.

Cristiano Ronaldo

STJERNE: Cristiano Ronaldo var startskotet for Saudi-Arabias kraftige satsing.

Foto: AP

Cristiano Ronaldo oppmoda tidlegare i sommar fleire stjerner å komme til Saudi-Arabia. Sidan har ei rekke spelarar gått dit. Alsaker meiner at Mbappé ville vore krona på verket for Saudi Pro League.

– Mbappé til Saudi-Arabia ville vore banebrytande. Eg blir både uroa og spent. Det er tankevekkjande, seier han, og stiller spørsmålet:

– Kanskje Erling Braut Haaland er nestemann?

Om det skjer er ikkje godt å seie. Éin ting er i alle fall sikkert:

Det manglar verken ambisjonar eller økonomiske musklar for saudiarabiske klubbars del.

Les også – Dette er sportsvasking på et helt annet nivå

Saudi Arabia Benzema

Siste nytt

  • Bessebergs advokat reagerer kraftig på NIF-vedtak

    Anders Besseberg får ikke beholde æresmedlemskapet i Norges idrettsforbund som følge av korrupsjonsdommen i Buskerud tingrett, det opplyser Norges idrettsforbund.

    – På bakgrunn av erkjente kritikkverdige forhold som fremkommer i tingrettens dom av 12. april 2024 mot Anders Besseberg anser idrettsstyret at han har skadet idrettens anseelse, konkluderer de.

    Besseberg fratas æresmedlemskapet i NIF med umiddelbar virkning.

    78-åringens advokat Mikkel Toft Gimse reagerer sterkt på beskjeden om at Besseberg ikke får beholde hedersbevisningen sin.

    – Anders Besseberg er ikke kjent med dette. Vi reagerer på at han ikke ble kontaktet av NIF i forkant, men får vite om dette fra media, skriver Toft Gimse til NRK og utdyper:

    – Besseberg understreker at dommen mot ham ikke er rettskraftig og ser dette som en del av forhåndsdømmingen mot seg.

    Besseberg ble tildelt æresmedlemskapet i NIF allerede i 2013.

    Besseberg ble nylig felt på nesten alle tiltalepunkter og dømt til tre år og en måneds fengsel for grov korrupsjon fra tiden som president i Det internasjonale skiskytterforbundet (IBU).

    Han har anket straffen.

    (NTB/NRK)

    ga8x3mpGGZk
    Foto: AP
  • Mbappé får tyn etter ny CL-smell

    Kylian Mbappé (25) greide heller ikke i år å vinne Champions League med Paris Saint-Germain. Han kommer dårlig ut på børsen etter semifinaleexiten.

    I en nådeløs dom gir L'Équipe angriperen en toer på en skala som går til ti. «Slutten på drømmen», skriver den franske avisen i overskriften etter tirsdagens 0-1-tap hjemme mot Borussia Dortmund.

    Mbappé ble i sin tid hentet til PSG for enorme summer. Målet var at han skulle skyte klubben til suksess i den gjeveste europacupen, men det gikk aldri veien. Nærmest var laget som tapende finalist i 2020.

    Dortmund er bare nummer fem i ligaen i Tyskland, men danket ut PSG 2-0 sammenlagt.

    «Slike kvelder blir arven hans. Sju år med feilede forsøk», skriver britiske Daily Mail om Mbappé. I spanske Sport står det at «Mbappé er ute av stand til å ikle seg helterollen».

    Mbappé forlater PSG når kontrakten løper ut etter sesongen, og neste stoppersted blir trolig Real Madrid. «Han tar farvel med den franske hovedstaden med mer smerte enn ære», skriver den Madrid-baserte storavisen Marca.

    (NTB)

    Mbappé
    Foto: AP
  • Fotballkamper utsatt etter katastrofeflommen i Brasil

    Ekstreme nedbørsmengder gjør det umulig å spille seriekamper i fotball i den brasilianske delstaten Rio Grande do Sul.

    Brasils fotballforbund har hittil utsatt ti oppgjør for tre av eliteklubbene fra regionen. Det gjelder Internacional, Gremio og Juventud.

    Delstatshovedstaden Porto Alegre står under vann, og det er der Internacional og Gremio holder til.

    Minst 90 personer er meldt omkomne, opplyser myndighetene i Rio Grande do Sul. I tillegg er 131 ikke blitt gjort rede for, og 155.000 mennesker har mistet hjemmet sitt.

    De voldsomme regnbygene som begynte i forrige uke, har forårsaket flom i elver, lagt hele landsbyer under vann og ødelagt veier og broer.

    Flommen regnes som delstatens verste ekstremværkatastrofe. Det er meldt mer regn i dagene som kommer.

    (NTB)

    imwC_nnuYmA
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal