– Det er komisk og parodisk. Ein må nesten berre sjå det komiske i det. Eg har i lang tid skulda Fide for å vera i lomma på Kreml. Så klarer dei til og med å adoptera Putins eigen strategi for presidentembetet.
Det seier Atle Grønn, sjakkekspert og professor i russisk ved Universitetet i Oslo (UiO).
– Dei følgjer oppskrifta til Putin. Det blir ikkje klarare enn dette, seier Grønn.
EKSPERT: Atle Grønn.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRKHan er ikkje overraska over at vedtaket vart stemt gjennom. Han beskriv det heile som «berre sørgeleg».
– Oppskrifta til Putin har vel vore å setja inn ein avløysar, for så å komma inn igjen etterpå. At Atle finn det komisk, er jo greitt, men forslaget vart vedteke med eit overveldande fleirtal, og eg trur veldig mange av dei som stemde for er motstandar av den forferdelege krigen Russland fører mot Ukraina, svarer Fides norske visepresident, Jøran Aulin-Jansson.
- I romjula kan du sjå og følgja VM i hurtig-og lynsjakk på NRK. Meisterskapet blir arrangert frå 26. til 30. desember.
Sjakkprofil: – Dette er flautt
Den sitjande sjakkpresidenten, Arkadij Dvorkovitsj, er ein mektig person i Russland. Frå 2012 til 2018 var han visestatsminister under den russiske statsministeren Dmitrij Medvedev.
Før han vart vald som president i Fide, uttalte han ifølgje Chess.com at ein president berre bør få lov til å sitja i to periodar. Valløftet vart kort tid etter ein del av Fides charter.
Søndag vart avgrensingane fjerna igjen.
– Dvorkovitsj har no fullstendig kontroll på Fide og den tradisjonelle verdssjakken. Eg trur ein del av dei europearane som går inn for dette, inst inne skjønner kor håplaust opplegget er. Sjølv Dvorkovitsj trur eg skjønner at dette er ròte tvers gjennom – han gjekk jo til val på det motsette. Det er rein kynisme, påpeikar Grønn.
Sjakkprofilen Levon Aronian var blant dei som tok til sosiale medium.
– Dette er flautt. Og viss dette passerer, vil det øydeleggja Fide i auga til profesjonelle sjakkspelarar, skreiv Aronian på X søndag kveld.
Han var då den første av dei store sjakkstjernene som tok eit standpunkt mot det kontroversielle forslaget.
KRITISK: Levon Aronian.
Foto: Carina Johansen / NTBBerre timar etter meldinga til Aronian var tala klar: 108 stemde for og 27 stemde mot.
Magnus Carlsens trenar, Peter Heine Nielsen var blant dei som reagerte.
«Ein dårleg dag for sjakk, ein god dag for Russland», skreiv han på X.
Til NRK utdjupar han:
– Eg synest det trist og pinleg. Der sjakken i 2018 innførte avgrensingar i talet på periodar, er me no tilbake til kva status var tidlegare.
Slik svarer Fide-leiinga
Anna Volkova, PR-sjef i FIDE, skriv til NRK at «påstandar om at Fide er påverka av alle politiske einingar er ugrunna og skadeleg for sjakken».
– Avgjerdene våre er baserte på dei kollektive interessene til sjakkmiljøet og veksten til sporten globalt. Det er viktig å understreka at Fide opererer uavhengig, leia av transparente prosedyrar og demokratiske avgjerdsprosessar som involverer representantar frå ei rekkje forbund over heile verda, skriv Volkova.
Ho meiner at avgjerda om å fjerna grensa for talet på fireårsperiodar ein kandidat kan stilla er heilt i tråd med andre idrettsorganisasjonar i verda.
– I dette tilfellet kom forslaget om å endra regelverket frå fleire sjakkforbund frå ulike delar av verda, påpeiker ho.
REGELENDRING: Sjakkprofilen Levon Aronian er lite fornøgd med vedtaket til Fide, som gjer at sitjande president Arkadij Dvorkovitsj kan bli sitjande på ubestemd tid.
Foto: NTB– Jobbar nesten døgnet rundt for sjakken
Sjakktrenar Nielsen er ikkje imponert over Dvorkovitsj.
– Oppfatninga mi er at Dvorkovitsj ikkje er veldig interessert i sjakk, og at Fide-president er eit steg ned på karrierestigen for ein tidlegare visestatsminister i Russland, tidlegare arrangør av fotball-VM og tidlegare leiar av Skolkovo. Eg trur ikkje spesielt på at dette er Dvorkovitsjs ønske, men at det er Russlands ønske, seier Nielsen.
Det får visepresident Aulin-Jonsson til å reagera:
– Det blir for meg litt som om at sjakkdommarar ikkje har noka særleg interesse for sjakk. At Dvorkovitsj ikkje speler så mykje, er for så vidt greitt, men mannen jobbar nesten døgnet rundt for sjakken, og følgjer ivrig med på dei fleste store turneringar. Dette veit eg, i motsetning til Peter Heine Nielsen, seier han til NRK.
Etter vedtaket søndag kan Dvorkovitsj i teorien sitja livet ut viss han blir attvald.
Det er Anniken Vestby, president i det norske sjakkforbundet, kritisk til. Ho deltok på den åtte timar lange kongressen søndag.
– Noreg stemde mot, noko styret var einstemmig om. Dette er eit spørsmål om demokrati og å forhindra at ikkje eigna personar kan sitja evig, skriv ho i ein SMS til NRK.
Visepresident: – Uheldig
Norske Aulin-Jansson er ein av fleire visepresidentar i Fide. Han skulle sjølv helst ha sett at det framleis var avgrensingar.
– Eg synest vedtaket om å fjerna avgrensingane i talet på periodar ein president kan sitja var uheldig, seier han.
– Personleg synest eg at det burde vera ei avgrensing, men ho kan kanskje aukast til 3x4 år. Eg er elles samd med dei som meiner at Arkadij Dvorkovitsj har gjort ein veldig god jobb for Fide, seier Aulin-Jansson.
SJAKKTOPP: Jøran-Aulin Jansson (høgre) er ein del av styret i Fide. Her frå tida som president for det norske sjakkforbundet, frå opninga av Sjakk-OL i Tromsø i 2014. Tidlegare Fide-president Kirsan Iljumzjinov til venstre.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTBReagerer på kritikk
Som eit svar til Aronians kritikk, hevdar Aulin-Jansson at profesjonelle sjakkspelarar aldri har hatt betre vilkår enn no.
Han er heller ikkje samd med Peter Heine Nielsen i at kongressvedtaket gjer at det er ein dårleg dag for sjakk.
– Her vil eg seia at det er ein god dag for sjakken, og ikkje nødvendigvis ein god dag for Russland, seier Aulin-Jansson.
– Når ein rettar kritikk mot Fide, verkar det på meg som ein kritiserer Fide som administrasjonen til organisasjonen og valde tillitsfolk. Og det synest eg er litt rart, seier han vidare.
Forslaget om å fjerna avgrensingane for presidentperiodar kom frå Andorra, i god tid før den fastsette fristen, ifølgje Aulin-Jansson.
– Verken presidenten eller administrasjonen har noko anna val enn å leggja fram forslaget til generalforsamlinga, seier han, og seier at dei som ønskjer regelendringar i framtida, er hjarteleg velkomne til å komma med forslag gjennom deira nasjonale forbunda.
– Gir styret altfor liten tillit
Aulin-Jansson meiner styret i Fide blir undervurdert.
– Eg synest Atle Grønn og Peter Heine Nielsen gir resten av styret i Fide ein altfor liten tillit, seier han, og held fram:
– Styret består av 14 andre menneske frå mange nasjonar. Og mange av dei er ikkje kjende for å vera bestevenner med Russland.
Den russiske ambassaden i Noreg skriv i ein e-post at dei ikkje synest det er formålstenleg å kommentera russiskfiendtlege kommentarar. Dei peikar samtidig på at Russland har spelt ei stor rolle i utviklinga av verdssjakken.
– Når det gjeld Arkadij Dvorkovitsj så kjem han, som dei sikkert veit, frå familien til ein internasjonal sjakkdommar, har vore første visepresident i den russiske sjakkføderasjonen i 2007–2009 og i 2010–2014 har han leia representantskapet til organisasjonen, skriv ambassaden.
Dvorkovitsj tok over for landsmannen Kirsan Iljumzjinov i 2018. Då hadde Iljumzjinov sete som president sidan 1995.
Det er førebels ikkje klart om Dvorkovitsj stiller til attval i 2026, men ifølgje ei rekkje ekspertar er det svært sannsynleg at det skjer.