Markeng operert på nytt
Skihoppar Thomas Aasen Marken har på nytt måtte legge seg under kniven og stiller ikkje under NM i Oslo i helga.
– Eg har fjerna ei skrue og litt vev i kneet. Håpet er at eg skal vere tilbake i bakken når snøen kjem, seier 20-åringen til NRK.
Aasen Markeng rauk korsbandet i desember i fjor, men kom raskt tilbake i hoppbakken. Han har likevel bestemt seg for å reduserte hoppinga i vinter.
– Eg kjem nok ikkje til å hoppe alle verdscuphelger i vinter. Eg er framleis ung, og det kjem eit OL neste år, fortel han til NRK.