Hopp til innhold

Marius (13) vakna med fem ulike hjerneblødningar etter stygt fall

HAMAR (NRK): Marius Nordbø gav gass til sjette gir, heldt rundt 80 kilometer i timen og skulle berre forsere eit flatt strekk på motocrossbanen i Italia. Så vart alt svart.

Tøffe opplevelser

TØFF TID PÅ SJUKEHUSET: Marius Nordbø trenar igjen, men gløymer ikkje tida der han vart alvorleg skadd etter eit fall.

Foto: Privat/NRK

– Eg hugsar ikkje noko. Eg hugsar at vi køyrde på banen. Så vakna eg plutseleg på eit sjukehus, seier 13-åringen til NRK.

Den dramatiske hendinga skulle setje det aller meste på vent. Hadde andre fått bestemme, hadde karrieren kanskje vore over. I dag meiner mamma Anne Nordbø at det er mot alle odds at sonen i helga deltek i speedcross-konkurransen under NM-veka på Hamar.

– Som regel blir ein skremd når ein får ein sånn skade. Ein blir forsiktig og tilbakehalden. Men det var ikkje noko alternativ å slutte for Marius, seier mora.

Nordbø

STORT TALENT: Marius Nordbø, her i intervju med NRK tidlegare denne månaden.

Foto: Vegard Lien / NRK

Gjer comeback

Ungguten skal delta i speedcross-konkurransen med innleiande heat og finale i 85 kubikksklassen laurdag.

Trenaren hans på juniorlandslaget i Noreg, Øystein Kjørstad, fortel at Nordbø har fått klarsignal på at kroppen hans toler like mykje som før.

I konkurransen er han desidert yngst blant 13, 14 og 15-åringane. Dei andre klassane blir avvikla anten fredag eller søndag.

Lamslått mamma

Det var den 22. april – 2. påskedag i fjor – under ei treningssamling på bane i Dorno, litt sør før Milano i Nord-Italia, at det gjekk gale.

12 år gamle Nordbø hadde sykkelen i sjette gir og køyrde i omtrent 80 kilometer i timen på eit strekk som blir skildra som flatt. Plutseleg trefte han antakeleg eit djupt spor, fekk «high side», og sykkelen gjekk rett rundt.

Det måtte gå så gale det kunne gå. Sykkelen vrengde seg i samanstøyten og motocrosstalentet landa med hovudet rett i bakken.

Mamma Anne var til stades. Ho såg aldri kva som skjedde med eigne auge, men har fått fortalt frå andre kva som verkeleg skjedde.

– Du får sjokk. Du klarer ikkje gjere noko. Og blir heilt lamslått, seier ho.

– Det var brutalt, seier hovudpersonen sjølv.

Alvorleg skade

Marius Nordbø vart henta av helikopter og køyrd til sjukehus. Mamma Anne fekk bli med i helikopteret. Pappa Frode prøvde å finne sjukehuset bak rattet på bilen.

Marius Nordbø

LANG JOBB FOR Å KOMME TILBAKE: Marius Nordbø, her på sjukehuset etter fallet i Italia.

Foto: Privat

Då begge foreldra kom til sjukehuset, forstod dei ikkje kva dei sjukehustilsette sa på italiensk. Dei fekk heller ikkje bli med på intensivavdelinga. Seinare same kveld fekk dei vite at sonen låg i koma med alvorlege skadar på hovudet.

– To indre hjerneblødningar og tre ytre. Fem totalt som dei såg på resultata frå bilde og testar, seier mamma Anne.

Om sonen var nær å døy, er ho usikker på.

Marius Nordbø hugsar ikkje noko før han vakna på sjukehuset dagen etter.

– Eg sa to setningar. Det var «mamma, har du sove godt?» og «når kan eg byrje å køyre igjen?», seier han–medan han trekkjer litt på smilebandet.

– Må ta risikoen

Eit dansk legeteam flaug ned til Italia. Dei sjekka og ordna alt for heimreisa til Noreg. Frykta var at trykket skulle forverre noko. Men etter éi veke kom klarsignalet. Heile familien fekk returnere og vart henta med ambulansefly.

Deretter bar det til sjukehus i Noreg. I midten av mai, ein snau månad etter hendinga i Italia, vart han flytta vidare for rehabilitering på Sunnaas sjukehus. Der vart han verande i over ein månad, til slutten av juni 2019. Han måtte drive opptrening, balansetrening og ikkje minst lære seg å snakke ordentleg igjen. Han hadde nemleg «mista» mange ord som følgje av hodeskadane.

Han byrja å trene på sykkelen igjen først på hausten i fjor og endå meir frå jul og utover. Etter nyttår har han vore på ei rekkje samlingar i både inn- og utland.

Marius Nordbø

HØG FART OG HØgE SVEV: Marius Nordbø, her under ei trening, der NRK var til stades.

Foto: Vegard Lien / NRK

Og laurdag deltek han i den første konkurransen på svært lang tid.

Nordbø fortel at han ikkje har vore redd for verken ulukker eller skadar i etterkant. I møtet med NRK verkar han som svært ambisiøs. Han har ikkje eingong tenkt på kor gale det kan gå, når han faktisk har vore gjennom ei slik ulukke han har vore.

– Eg må ta den risikoen. Det er gøy å drive med dette. Det er favorittsporten min, så ein må jo risikere litt.

Vurderte å stoppe karrieren

For mamma Anne var det ingen sjølvfølgje at sonen skulle tilbake på speedcross-sykkelen.

– Vi var usikre på om vi skulle la han køyre igjen, eigentleg. Dei tilrådde at han ikkje skulle drive med nokon ting, han kunne jo slå hovudet igjen. Men dette har med livskvaliteten hans å gjere, så å ikkje drive med noko aktivt ... Uansett kva han gjer så er det jo baklengs salto, springe og hoppe rundt. Så er du sånn, så er det vanskeleg å gjere noko med, seier ho.

Anne Nordbø

ENGASJERT: Mamma Anne Nordbø følgjer opp karrieren til sonen.

Foto: Vegard Lien / NRK

Det er vanskeleg å seie kva slags forventingar unge Nordbø kan ha til seg sjølv til helga. Dei veit at han ligg litt bak det nivået han var på tidlegare–helgas konkurranse er berre ein einaste stor opptur uansett.

Trenar Kjørstad i Motorsportforbundet er djupt imponert over eleven.

– Det er ein kjempeprestasjon å kome tilbake. Han har vore i opptrening og det har teke lang tid, nesten eit heilt år. Han er berre 13 år, men ein dedikert utøvar med ein dedikert familie som legg mykje i det, seier han.

  • Sjå NM-veka på NRK 1 fra laurdag klokka 12.00.

Sportsnyheter

Mange nordmøringar har møtt opp for å ta imot opprykksheltane.

KBK-gutane blir tatt imot som heltar i Kristiansund

På straffekonk klarte Kristiansund BK å knuse Vålerenga i siste minutt. Dermed er dei klare for Eliteserien.

Siste nytt

  • Carlsen fortsatt ubeseiret i Toronto

    Magnus Carlsen har vunnet alle sine fire første dueller i Champions Chess Tour-sluttspillet. Igjen måtte han ut i armageddon.

    Der fant han en vei til seier med hvite brikker, og det var også helt nødvendig. Remis ville ha gitt Hikaru Nakamura seieren i Toronto.

    Begge de ordinære hurtigsjakkpartiene endte med poengdeling. En vinner måtte dermed kåres i armageddon. Carlsen lyktes også i det formatet da han lørdag slo tenåringen Nodirbek Abdusattorov.

    Carlsen vant duellen mot Fabio Caruana etter å ha spilt remis med hvite brikker og vunnet med svarte. (NTB)

    Magnus Carlsen
    Foto: Christian Grieg Sander / NRK
  • Gironas sensasjonsferd fortsetter

    Girona slutter ikke å overraske i tetsjiktet i Spania. Søndag ble det 4-2-seier i Catalonia-derbyet borte mot Barcelona.

    Bragden gjør Girona til serieledere i La Liga, med 41 poeng på 16 kamper. Det er to poeng ned til Real Madrid, og syv til regjernde mester Barcelona.

    Artem Dovbyk tok Girona foran etter tolv minutters spill. Ukraineren ble satt opp av landsmannen Viktor Tsyhankov og scoret via stolpen.

    Robert Lewandowski headet inn utligningen kort tid senere, men Girona slo til igjen før pause. Miguel Gutiérrez curlet vakkert gjestene opp i 2-1.

    Mot slutten la innbytter Valery Fernández på til 3-1. Han hadde kun vært på banen i to minutter.

    I tilleggstiden tente Ilkay Gündogan et håp for Barcelona, men Cristhian Stuani fjernet all tvil i det femte overtidsminuttet.

    Girona ble nummer ti i La Liga sist sesong. Nå ryster Catalonia-klubben de etablerte i spansk toppfotball. (NTB)

    Girona jubler for borteseier mot Barcelona
    Foto: Joan Monfort / AP
  • Wembstad røk korsbåndet

    Alpintalentet Inni Holm Wembstad har røket korsbåndet. Det bekrefter 23-åringen selv på Instagram.

    – Jeg er knust og tom før ord. Jeg har kost meg på ski på et nytt nivå de siste månedene, skriver Wembstad.

    Dermed fortsetter St. Mortiz-marerittet for Wembstad. I fjor strakk hun korsbåndet i kneet etter fall i den sveitsiske bakken.

    Den gang røk hele sesongen for den norske kvinnen, og nå blir det nok et langt skadeavbrekk.

    – St. Moritz... Du vant denne gangen også. Mitt hat-elsk forhold til denne bakken fortsetter, skriver Wembstad.

    Inni Holm Wembstad
    Foto: Sergei Belski / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal