– Eg er glad for at eg ikkje køyrde på nokon eller noko. Eg angrar veldig, seier Pedersen.
30-åringen som signerte for HamKam for berre nokre veker sidan, fortel til Hamar Arbeiderblad om hendinga.
– Eg skal ta den straffa eg får. Hendinga kom som ei følgje av korleis ting har vore og korleis eg har hatt det. No er eg berre glad for at eg ikkje køyrde på nokon eller noko. Det er skamfullt, seier ein openhjertig Pedersen.
HamKam var klar over promillekøyringsepisoden før spissen signerte kontrakt med barndomsklubben. Likevel valde klubben å gi han ein kontrakt ut 2020-sesongen.
Han har vore utan klubb sidan kontrakten hans med Strømsgodset vart avslutta i juli i fjor. Etter det har han hatt det vanskeleg, fortel han.
– Eg vil ikkje gå konkret inn på ting som har skjedd, men det har vore veldig tøft for meg. Eg nådde botnen på det punktet.
– Det var botnpunktet for deg?
– Ja. Og no skal eg opp igjen, seier han til avisa.
Marcus Pedersen har spelt for fleire klubbar, men den største suksessen oppnådde han i to periodar for Strømsgodset. På 122 kampar skåra han 60 mål for klubben. Frå 2010 til 2014 spelte han òg for Vitesse i Nederland.
– Marcus har vore open og ærleg med oss heile vegen. Faktisk gjorde denne hendinga oss endå meir motivert for at vi ønskte å gjere dette for å hjelpe Marcus. Det er viktig for oss som klubb, for vi skal ta vare på menneske, og spesielt HamKam-gutar, seier sportssjef og hovudtrenar Espen Olsen.
Marcus Pedersen opplyser til NRK at han ikkje ønskjer å kommentere saka ut over intervjuet med Hamar Arbeiderblad.