Malmö snudde kampen og slo Norrköping 3–1. Med det har dei ti poengs leiing til AIK på andreplass når berre tre kampar står att.
– Det var ei utløysing, sa Malmös trenar Magnus Pehrsson til SVT om 3-1-målet seks minutt før full tid.
Fansen var på veg til å storme bana alt før sluttsignalet gjekk. Men Pehrsson og andre frå lagleiinga greidde å roe gemytta, og sei siste sekunda kunne spelast etter ein liten pause.
Det er Malmös 20. seriemeisterskap, og det fjerde på fem år. Det einaste andre laget som har vunne i den perioden, er nettopp Norrköping for to år sidan.
Jo Inge Berget spela heile kampen, medan Andreas Vindheim og Magnus Wolff Eikrem blei bytta inn.
Malmö forsvarte dermed gullet frå i fjor.
David Moberg Karlsson scora for heimelaget etter berre ni minutt, og det stod 1–0 til Norrköping halvveges.
Men i andre omgang scora Carlos Strandberg, Lasse Nielsen og Anders Christiansen og sikra Malmö siger og seriegull. Jo Inge Berget hadde målgjevande ved det siste målet.
Med siger også i dei siste tre kampane vil Malmö setje poengrekord for Allsvenskan med 69 poeng.
Malmös aller største stjerne helsa også til gamleklubben: