– Eg vil ikkje talfeste plasseringa eg må ha for å vere nøgd. Men prestasjonen bør vere god nok til medalje – helst gull – om eg skal vere nøgd, seier Malin Westerheim til NRK dagen før ho skal i elden på 10 meter luftrifle.
Kvalifiseringa startar klokka 13.30 norsk tid laurdag. Finalen går klokka 15.30, og då skal dei aller første medaljane i Rio-OL delast ut.
22-åringen frå Krapfoss Sportskytterlag i Moss er med i sitt andre OL, og skal torsdag også skyte 50 meter halvmatch med rifle.
– Eg er meir avslappa no enn eg var i London. Eg har fått veldig mykje meir erfaring, og den har eg tenkt å bruke her i Rio, seier ho.
I London var ho ein 18 år gammal debutant, og enda på 25.-plass i luftrifle, tre poeng unna finaleplass.
EM-sølv og VM-bronse
Ho tok bronse på 50 meter i VM i 2014, det sikra Norge ein kvoteplass i Rio. På «lufta» har ho ferskt EM-sølv frå i vår.
– Eg har forventningar om at eg skal klare arbeidsoppgåvene mine teknisk og ha fullt fokus på det. Klarer eg det, har eg også forventning om medalje, seier Westerheim.
Ho har skote med luftgevær i 13 år. men synest i stadig større grad at rifle på 50 meter er betre.
– Halvmatchen er meir utfordrande, med 60 skot i tre ulike stillingar. Det er nesten som ei manndomsprøve å rekne, seier ho.
Hårfine marginar
Men først er det luftgevær, der er marginane nesten ufatteleg små. Poenga blir gitt i desimalar, og skilnaden på desimal-poenga er som eit hårstrå. 0,1 poeng kan vere det som avgjer ein finaleplass eller ein medalje.
Tiaren er ein halv millimeter i diameter. Det er som eit knappenålshovud, eller som prikken du får når du set blyantspissen ned på eit papir. Og blinken er ti meter unna.
– Det er breidda på eit hårstrå som skil dei beste frå dei nest beste, seier Westerheim.
– Korleis er det mogeleg å måle det?
– Det er det elektronikken som gjer. Det var verre før når ein skaut på pappskiver, seier Malin Westerheim.
Konkurransen omfattar først 40 skot, deretter ein finale på inntil 20 skot for dei åtte beste. I finalen blir dei dårlegaste hekta av etterkvart, til det er kåra ein vinnar.
Der vil Malin Westerheim vere med.