Det var særs få som på førehand trudde at Bovim skulle avansere til finale.
– Skal ho gjere det må ho overgå seg sjølv, sa NRK-kommentator Lars Lystad før løpet.
No er jubeljenta full av sjølvtillit før finalen torsdag.
– Eg er i mitt livs beste form. Det er eit bra utgangspunkt for finalen om to dagar, seier Måkestad.
Gratulér Ingvill nedst i saka!
Yppa seg heilt framme i feltet
I andre heat i semifinalen gjekk det seint frå start, men farten tok seg veldig opp i før siste runde.
Måkestad Bovim kjempa langt framme i feltet og heldt posisjonen med dei f konkurrentane heilt til slutt.
I mål fullførte ho på fjerdeplass med tida 4:08.03.
– No er eg i finalen! Det føles så bra, jubla Måkestad Bovim.
Vukicevic: – Eg bøyer meg i støvet
At Måkestad Bovim har prestert noko heilt utanom det vanlege for norsk idrett er hekkeløpar Christina Vukicevic klar på.
– Det er helt vilt. Eg kjem ikkje over det. Eg trur ikkje folk er klar over kor bra det er, seier Vukicevic.
Ho er ikkje i tvil om at finaleplassen var full fortent.
– Eg kjenner Ingvill kjempegodt. Ho har kjempa i så mange år. Det viser bare at tålmod er nøkkelen til suksess. Det er bare å bøye seg i støvet, held Vukicevic fram.
Sterk formutvikling
Ingvill Måkestad Bovims trenar Knut Jæger Hansen har hatt stor tru på eleven gjennom heile sesongen. Det sjølv om det bare er de siste tre vekene hun har vist i god form.
– Ingvill var litt sjuk i vinter. Etter at ho blei frisk igjen bomma vi litt på opplegget. Det blei litt for mykje mengdetrening, og det har gjort utslag på løpinga hennar i sommar, fortalde Jæger Hansen.
Han hadde på seg raud jakke for å varsle at Ingvill hadde ordna semifinaleplass etter det innleiande heatet søndag.
– Kva farge hadde du på jakka etter denne semifinalen?
– He-he, nei i dag hadde vi et anna teikn, men det er så grovt at jeg ikkje vil fortelje om det, humra ein nøgd trenar etter løpet.