Hopp til innhold

Lyon-Andrea: – Følte meg frosen ut av klubben

KLEPP (NRK): Toppserieklubben Klepp meinte supertalentet Andrea Norheim ville bli ein nøkkelspelar denne sesongen. Men etter at Lyon blei interessert har 17-åringen ikkje fått starte ein einaste seriekamp.

Andrea Norheim

TØFT: Andrea Norheim synest den siste tida i Klepp har vore tøff.

Foto: Stine Løvmo Lie / NRK

– Ho er sterk fysisk, og er god med begge bein.

Klepp-trenar Jon Palmason er full av lovord om den Lyon-klare spissen Andrea Norheim. Likevel har ikkje 17-åringen spelt ein einaste seriekamp frå start denne sesongen.

Ikkje spelt frå start

– Det har jo vore litt tøft å ikkje kunne starte, eg har følt at eg fotballmessig hadde fortent det, seier Norheim.

Hovudpersonen sjølv gjekk måndag gjennom legesjekk hos meisterligavinnar Lyon. I fjor spelte 17-åringen 17 av 22 toppseriekampar for Klepp, og blei sett på som ein nøkkelspelar inn mot sesongen.

Andrea Norheim i Lyon

LYON-KLAR: Berre ein formalitet frå FIFA gjenstår før Andrea Norheim er heilt klar for Lyon.

Foto: Privat

Men etter at ho kom heim frå prøvespel i Lyon i februar, har spissen knapt blitt brukt.

– Me såg trudde ho ville bli ei av dei viktigaste spelarane denne sesongen, men så opna det seg andre moglegheiter og det er me glade for. Samtidig er det trist, for hadde ho ville blitt verande i klubben, ville ho vore eit viktig bidrag for oss denne sesongen, seier sportsleg leiar i klubben, Tor Åge Risnes.

Norheim sjølv synest vurderinga er spesiell.

– Hadde eg vore trenar så hadde eg brukt dei beste spelarane for å vinne kampar.

– Og du er ei av dei?

– Ja, det meiner eg iallfall, seier spissen.

Trenar Palmason veit ikkje om han er einig.

– Me har 15-16 spelarar. Eg veit ikkje om ho er best, eller nummer åtte eller ni. Slik har eg aldri tenkt, seier Palmason.

Andrea Norheim

TRENT MED GUTTA: Før U17-EM har Andrea Norheim trent med guttelaget til Bryne.

Foto: Stine Løvmo Lie / NRK

Gått utover utviklinga

Sjølv om Norheim ikkje fekk spele i Toppserien, brukte ikkje Europas beste lag denne sesongen lang tid på å bestemme seg.

– Eg var der på prøvespel og trente to dagar med dei. Så sa dei at dei ville signere meg.

Starten av sesongen mista Norheim sidan ho representerte Noreg i U17-EM, i tillegg til ein ferie som var avklart med klubben.

– I starten av sesongen var ho ikkje tilgjengeleg. Ho var også borte på EM og dermed prioriterte me ikkje å bruke ho, seier Risnes som meiner fråveret er grunnen til at Norheim ikkje har spelt.

Even Pellerud, fagsjef for aldersbestemte jentelandslag, meiner konflikten mellom Norheim og klubben har gått på bekostning av 17-åringens treningskvardag.

– Den har jo i år blitt prega av ein ganske langvarig konflikt mellom to partar, seier Pellerud.

Norheim sjølv er sikker på at det er utanomsportslege grunnar til at ho ikkje har fått spele.

– Ja, absolutt, svarar ho kontant.

– Blir du fryst ut?

– Eg føler eg ikkje blir fryst ut på trening, men frå laget føler eg at eg blir utfryst, seier 17-åringen.

Det kjenner ikkje trenar Palmason seg igjen i.

– Ingen er utfryst av Klepp.

Siste nytt

  • Juventus-spiller Harviken involvert i dramatisk avslutning

    Bayern München vant 2–1 over Juventus etter scoring på overtid i Mesterligaen torsdag kveld.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken forsøkte å avverge skuddet fra Lea Schuller på strek, men det ble dømt scoring.

    Bayern München-spiss Pernille Harder sendte hjemmelaget opp i ledelsen etter elleve minutter.

    Knappe seks minutter senere utlignet Eva Schatzer for gjestene fra Italia.

    Emma Stølen Godø ble byttet inn for Juventus etter timen spilt, mens Harviken kom inn 13 minutter før slutt.

    To minutter på overtid kom Bayern München til en kjempemulighet.

    Tuva Hansen så hele kampen fra benken for Bayern München.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
    Video: Disney
  • Arsenal med seier i Portugal – avgjorde med frekk frisparkvariant

    Den engelske klubben fikk med seg tre poeng fra bortekampen mot Benfica etter en 2-0-seier.

    Det tok lang tid før gjestene fra England åpnet det portugisiske forsvaret, men like før timen var spilt satte Beth Mead inn åpningsmålet.

    Spenningen varte fram til det gjenstod to minutter av ordinær tid. Et innøvd frisparktrekk kom overraskende på hele Benfica-forsvaret, og Alessia Russo fikk en enkel oppgave med å sette inn Arsenals andre.

    Dette var Arsenals første poeng i årets mesterligasesong. De tapte åpningsoppgjøret hjemme mot Lyon 1-2.

    Alessia Russo fikk æren av å sette inn Arsenals andre scoring mot Benfica i Mesterligaen.
  • Maccabi Tel Aviv-supportere nektes inngang – israelsk minister reagerer

    Europaligakampen mellom Aston Villa og israelske Maccabi Tel Aviv kan gå uten bortefans. Det reagerer flere sterkt på.

    Politiet i Birmingham har klassifisert oppgjøret som høyrisiko, og en lokal rådgivningsgruppe har bedt Aston Villa om å utestenge bortesupportere i kampen.

    «Klubben er i kontinuerlig dialog med Maccabi Tel Aviv og de lokale myndighetene gjennom denne prosessen. Sikkerheten til supportere som skal komme på kamp, er prioriteten», skriver klubben på sine hjemmesider.

    Israels utenriksminister Gideon Sa'ar er blant dem som reagerer på avgjørelsen.

    «Det er en skammelig beslutning. Jeg ber myndighetene om å gjøre om denne feige avgjørelsen», skriver han på X.

    Storbritannias statsminister Keir Starmer mener også at Maccabi-supporterne burde få tilgang til stadion.

    «Dette er feil avgjørelse. Vi vil ikke tolerere antisemittisme i våre gater. Politiets rolle er å sørge for at alle fotballfans kan nyte kampen uten frykt for vold eller trusler», skriver Starmer på X.

    Lederen for det konservative partiet i Storbritannia, Kemi Badenoch, mener det er farlig å utestenge bortefans i kampen.

    – Det vil sende et forferdelig signal, sier hun.

    Kampen spilles 6. november. (NTB/NRK)

    Tekst
    Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal