– Eg veit at det er utradisjonelt, men likevel er vi (medisinsk og sportsleg apparat rundt hopplandslaget) samstemde om at det er ei veldig god løysing for meg med tanke på å komme opp på det nivået eg ønskjer, seier Lundby i ei melding.
Den regjerande olympiske meisteren i normalbakke sleit med skadar førre sesong og enda på åttandeplass i verdscupsamandraget. Derfor meiner ho at ho treng å gjere noko annleis i år.
– Planen er å ha tett oppfølging på trening på Olympiatoppen i Oslo. Samtidig har eg fått tilrådd å utfordre kroppen i andre aktivitetar som eg ikkje er så vann med. Derfor passa eigentleg opplegget i Skal vi danse som hand i hanske for min del i år, seier Lundby.
Remen Evensen skeptisk
NRKs hoppekspert ,Johan Remen Evensen, vil ikkje sage ideen allereie no, men han vedgår at han er skeptisk.
– Toppidrett er brutalt og krev mykje. Men om dei har ein teori om at dette skal styrkje henne til vinteren, så har dei sikkert tenkt at dette lèt seg gjere. Men eg stussa litt då eg las det. Eg gler meg til å sjå henne danse, men ho kunne kanskje venta til karrieren er over, seier Remen Evensen.
– Er dette gambling?
– Ja, det vil eg seie. Ein har ikkje så mange aktive idrettsutøvarar som er med i Skal vi danse, og som kan dokumentere at det gir positiv effekt, seier han.
SKEPTISK: Johan Remen Evensen synest deltakinga i Skal vi danse er gambling.
Foto: Terje Bendiksby / NTBRundt tre månader før OL skal ho altså fokusere på både dans og hopp. Det fryktar NRK-eksperten kan bli mykje.
– Det høyrest veldig hektisk ut. Det er opp til henne kor mykje ho legg i det. Ho tenkjer kanskje at ho har overskot og energi til dette. Ho har sagt at ho skal prioritere fysikk i større grad, og dansinga er sikkert beinhard og kan fungere sånn sett, seier Remen Evensen.
Ser fellesnemnarar med hopping
NRKs hoppekspert, Anders Jacobsen, meiner det er eit spesielt val og at det er vanskeleg å gi noko konkret svar på om dette er lurt.
– Det er utradisjonelt. Eg vil tru det har vore ein god dialog rundt det, og at ho får normal trening òg, for det er viktig. Det kan vere ein fin måte å kople av frå den vanlege kvardagen som toppidrettsutøvar, meiner eksperten.
STØTTAR LUNDBY: Anders Jacobsen trur kombinasjonen dans og hopp kan vere smart.
Foto: Cornelius Poppe / NTBEksperten deltok sjølv i dansekonkurransen for nokre år sidan. Han trur ikkje dette nødvendigvis vil vere negativt for hoppinga.
– Eg kan jo snakke av erfaring, eg har vore med sjølv. Og det er mange timar med trening, men det er mange fellesnemnarar med hopping, som til dømes det med timing, seier Jacobsen.
Trur Lundby vil lykkast
Det er berre nokre få veker sidan Lundby bestemde seg for å droppe å delta i sommarhopprenn i år. Vinnaroppskrifta før OL-sesongen skulle vere å hoppe mindre.
Hoppsjef Clas Brede Bråthen trur dette er fornuftig av Lundby.
– At det er eit utradisjonelt og annleis opplegg er nok heva over all tvil, men ekstreme historier blir stort sett skapt av menneske som er i stand til å gjere ting annleis enn resten, seier Bråthen.
– Eg har aldri opplevd ein utøvar som har vore meir dedikert og gjort fleire gjennomtenkte val enn det eg veit Maren har gjort. Dette har ført til at ho er den mestvinnande skihopparen vår gjennom tidene, legg han til.