– Eg var godt førebudd på det som venta i dag, men problemet var at det ikkje var nok «trøkk» i beina, sa Lundanes til Orientering.no etter løpet.
– Det er på mange måtar ei stadfesting på at det trengst meir enn fem månader med god trening i løpet av dei siste 18 månadene for å vinne ein langdistanse under VM, heldt han fram.
Nummer sju
Han vann sitt første VM-gull som senior i 2010 på heimebane, før han tok VM-gull i Lausanne i 2012.
I fjor tok han derimot konkurransepause på ubestemt tid og droppa fjorårets VM i Finland.
Han redebuterte seinare med siger, før det blei sølv i orienterings-EM i Portugal tidlegare i år. Neste store mål var då VM i Lavarone, Italia.
Der slo han like godt til med bronsemedalje i første konkurranse han deltok i, nemleg på langdistansen. Medaljen er Lundanes sin sjuande i VM-samanheng.
Franske Thierry Gueorgiou og sveitsiske Daniel Hubmann var dei einaste to som slo 26-åringen frå Ålesund.
Lundanes var 2.24 bak sigrande Gueorgiou, medan sølvmedaljør Hubmann var 1.27 bak franskmannen.
Godt med medalje
Nordmannen seier at han likte løypa i Italia.
– Det var godt at eg fekk med meg ein medalje. Men eg kunne gjerne ønskja at kroppen svarte betre, sa Lundanes.
Magne Dæhli blei nest best av dei norske på 11.-plass, medan Hans Gunnar Omdal enda opp som nummer 16. Neste medaljesjanse for Lundanes blir fredag – på mellomdistansen.
– Det blir truleg meir teknisk krevjande. Dermed kan eg ha ei moglegheit, seier Lundanes.
På kvinnesida onsdag blei Mari Fasting beste norske på ein fjerdeplass, halvanna minutt bak sveitsiske Judit Wyder på bronseplass. Gøril Rønning Sund blei nummer fem, medan Tone Wigemyr blei nummer sju.