– No er me historiske, og det er so deilig. Det var ein skikkeleg slitekamp, seier Isabell Herlovsen til NRK etter cupfinalen.
Lillestrøm kvinner har dei siste tre åra teke «The Double». Det vil sei at dei har vunne både serien og cupen i same sesong.
Dagens cupfinale mot Røa vart ikkje noko ny overkøyring frå Lillestrøm. Det måtte ekstraomgangar til for å skilje dei to laga.
– Me hadde nok sjansar til å punktere kampen, men det er ingenting som er betre enn å avgjere slik som dette på slutten, seier Emilie Bosshard Haavi.
– Det var endå hardare enn frykta, kommenterer LSK-trenar Monica Knudsen.
Men med to skåringar i ekstraomgangane blei dei historiske, og eit av dei mest dominerande laga i norsk kvinnefotballs historie.
Dramatisk innspurt
Då 90 + 4 minuttar var spelt, fekk Lillestrøm til eit siste angrep. Isabell Herlovsen kom til slutt åleine med keeper, og sette ballen i mål. Men då hadde dommaren allereie blåse av for offside, då Marte Berget stod i offside.
Det møtte store protestar hjå LSK-spelarane, og også NRKs ekspertkommentator Tom Nordlie var ueinig med dommaren.
– Det er ei feil avgjerd, slo Nordlie fast.
Mykjåland ut på båre
Då det stod att 15 minuttar av kampen gjekk Lene Mykjåland hardt inn i ein duell med Røa-stoppar Hedda Strand Gardsjord. Det enda med at Mykjåland blei liggande, og måtte fraktast ut av bana på båre.
Ho klarte etter kvart å gå inn att på benken av eiga maskin, og kunne følge innspurten frå sidelinja.
Det var Lillestrøm som køyrde kampen mot Røa. Sjølv om dei i førsteomgang skapte få sjansar, var det dei som hadde ballen mest, og skapte mest i angrep.
Men dei stonga og stonga på, utan å få mål. Nærmast scoring før full tid var det Lene Mykjåland som var, då ho sende av garde eit knallskot i tverrliggaren.
Historiske
Utan nokon mål etter ordinær tid, måtte laga ut i ekstraomgangar for å avgjere cupfinalen.
– Me speler bra til tider, det er utfordrande å bryte ned eit lag som ligg so lågt, fortel Monica Knudsen
Der viste Lillestrøm at dei var det beste laget, og skåra ein gong i begge omgangane. Det første målet signert Sherida Spitse, og det andre Isabell Herlovsen, som tidlegare i kampen fekk målet sitt annullert.
Dermed blei dei historiske, som det første norske kvinnelaget som vinn «The Double» tre år på rad.
Men Røa-trenar Geir Nordby vil ikkje at LSK skal bli for vande med å vinne.
– Neste år skal me ta dei, seier Nordby.