Leknessunds første verdstoursiger
Andreas Leknessund (23) rykka frå brotrivalane og trilla inn til solotriumf på måndagens etappe i Sveits rundt. Med det tok han sin første proffsiger.
Tromsøværingen viste kjempekrefter i røffe stigningar undervegs. Ingen i dagens brot greidde å halde tritt då han satsa på eiga hand med underkant av to mil igjen.
De siste 15 kilometerane var i lett terreng og bestod av fleire utforkøyringar. Feltet starta jakta på Leknessund for seint og kunne ikkje hindre norsk siger.
– Det er ikkje så mykje å seie. Heilt ufatteleg, sa han på spørsmål om å setje ord på sin hittil største milepæl i karrieren.
– Mot slutten var det berre å gi full gass. Det var tøft i bakkane, og dei siste kilometerane var ei blanding av liding og nyting, la Leknessund til.
23-åringen har vore ein del av DSM-laget sidan fjorårets sesong. Før det sykla han for Uno-X.
Måndagens etappe var kupert og hadde ei strekning på 199 kilometer. Den starta i Küsnacht og hadde målgang i Aesch.