Hopp til innhold

Dette er sist gang Norge var verre i OL

For første gang sidan 1964 kan Norge stå utan gull eller sølv i OL. Då var Harald kronprins i Norge, og flaggbærar under OL i Tokyo.

Kronprins Harald

KRONPRINS-FLAGGBERAR: Kronprins Harald deltok i segling sist Norge enda opp utan gull eller sølv i OL.

Foto: NTB scanpix

Skjebnedag for Norge i medaljekampen. Sjekk kor vi kan redde OL-fangsten her.

Norge er nummer 71 på medaljestatistikken med tre bronsemedaljar i Rio-OL.

Olympiatoppens mål var å ta fleire medaljar i Rio enn i London-OL 2012. Då blei det to gull, eitt sølv og éin bronse.

– Utan gull eller sølv er vi dårlegare enn i London. Då vil ikkje Olympiatoppens mål vere innfridd, seier idrettshistorikar Tom A. Schanke.

Gullhåpa rauk i handball og roing, der Are Strandli og Kristoffer Brun blei sett på som duoen med sjansar til å stå på toppen av pallen.

Når OL går mot slutten risikerer Norge å ende opp utan gull eller sølv. Det har betydning for plasseringa på medaljetabellen. Filippinene har eitt sølv så langt i OL, men kjem over Norge på medaljetabellen fordi eitt sølv er meir verd enn tre bronse.

Vi må faktisk 52 år tilbake i tid, til Tokyo-OL i 1964, for å finne sist gang vi ikkje tok eit einaste gull eller sølv. Då enda vi opp med null medaljar totalt.

– Vi er i bakevja

Den labre fangsten av edelt metall skjer i en periode kor Olympiatoppens budsjett har auka med 62,7 millionar frå 109,5 millionar i 2008 til eit rekordbudsjett på 172,2 millionar i år, ifølge VG.

Men roaren Olaf Tufte vil ikkje høyre at Olympiatoppen - underleddet i Norges Idrettsforbund - gjør ein dårleg jobb.

– Vi ser eit resultat av at mange etablerte har slutta etter ein periode kor ein «toppa heila driten» i Aten (2004) og Beijing (2008). Då måtte det produserast nye topputøvarar, seier Tufte til NRK.

Han trur Tokyo-OL i 2020 blir langt betre for Norge:

– Vi er fortsatt litt i bakevja, men så har vi utruleg mange på rekruttsida som kjem til å bli store om dei får lov til å utvikle seg i riktig tempo. Det er ikkje bare sånn at ein kan bestille gull. Ein skal trene over lang tid, legg bronsevinnaren frå Rio til.

Sommer-OL i Rio 2016

TAR OLYMPIATOPPEN I FORSVAR: Olaf Tufte.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– For mange er fornøgde med å få OL-bagen

Samtidig meiner Tufte at for mange norske utøvarar kun har vore tilfredse med å delta i OL.

– Det er litt for mange som er fornøgde med å få OL-bagen, seier han.

– Kva kan ein gjøre for å endre haldninga hos fleire?

– Du er ofte eit produkt av kulturen du er i. Det er klubb og forbund sitt ansvar å følge opp utøvarane. Olympiatoppen er siste instans der ein skal få det vesle ekstra for å verkeleg nå toppen. No er det Olympiatoppen som får kjeft for at folk ikkje presterer i baugar og kantar.

Støttar rekordstor millionsatsing

Olympiatoppens harde økonomiske satsing med historiske 172,2 millionar i årsbudsjett er helt nødvendig, meiner Tufte.

– Det er to grunnar til at ting kostar pengar. Alt blir dyrare og dyrare kvart einaste år, og utviklinga går vidare. Den må ein vere med på. Det kostar pengar, seier roaren, som er ein av Norges mestvinnande sommarolympiarar gjennom tidene.

PS: Handballjentene speler bronsefinale i dag, og kan ta Norges fjerde bronsemedalje i OL. Då endar vi opp med fleire medaljar enn i Los Angeles-OL i 1984, men der tok vi eitt sølv i tillegg til to bronse.

Oftedal

INGEN GULL TIL DEN STØRSTE, NORSKE FAVORITTEN: Dei norske handballjentene vann OL i 2008 og 2012, men klarte ikkje å nå finalen i Rio.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal