Amerikanaren frå Salt Lake City blei den store folkehelten då han sikra seg nok eit storslalåmgull i VM i går.
I europeiske og amerikanske medier hagla superlativa.
Men norske Henrik Kristoffersen var ikkje like imponert.
– Heimebanefordel, seier Kristoffersen, som køyrte inn til 13.-plass i storslalåmrennet i går.
Ligety tok sitt tredje strake VM-gull i storslalåm, og USAs første i årets VM.
Amerikanaren vann med 45 hundredelar. Det hadde han ikkje klart om konkurransen hadde gått i Europa, meiner Kristoffersen.
– Hadde ikkje gått i Schladming
Då hadde forholda vore likare for alle, seier 20-åringen.
'– Alle i dette konkurransefeltet køyrer såpass mykje i Europa. Der hadde konkurransen vore tettare.
– Om vi hadde køyrt i Schladming, som er heimebanen til Marcel Hirscher, hadde ikkje heimebanefordel betydd i nærleiken av så mykje som det det gjør her borte, seier Kristoffersen.
Få i verdscupsirkuset kjenner løypa i Beaver Creek bedre enn storslalåmlegenda Ted Ligety.
Og ingen annan fekk høgare jubel på veg mot mål. Med høgast fart av alle susa Ligety over målstreken og inn til eit ellevilt folkehav på heimebane.
Norges store teknikk-stjerne er sikker på at amerikanaren har store fordelar av å køyre på snøen i Beaver Creek, som er av ein annan type enn den dei konkurrerer på i Europa.
Også utforminga av bakken er annleis, fortel Kristoffersen.
– Eg synst ikkje det er så stor forskjell på snøen her og mange andre stader, men mange andre meiner det. Bakken er ganske speisell.
– Han fortener å vinne fordi han køyrer raskast, men resultatet hadde sett heilt annleis ut om det var i ein annan bakke, seier Kristoffersen.
Ligetys største
Ligety set den suverene triumfen øvst av alle.
– Dette gullet betyr kanskje mest av alle fordi eg har kjempa så hardt for å komme tilbake til toppen. I 2013 vann eg alt, så tok dei andre meg igjen. No var eg usikker på om eg skulle klare det, seier Ligety.