– Slalåmdelen var «children's race» – barneskirenn. Det var motbydeleg, seier ein svært irritert Kostelic til NRK.
Høyr Kostelics utblåsing her:
Han meiner konkurransen favoriserte fartskøyrarane.
Ivica Kostelic er rekna som klart best i dei tekniske øvingane. Og han utdjupar kritikken mot kombinasjonen i Vail.
– Vi må køyre ei utforløype som er tøffare enn det spesielle utforrennet, fordi traseen er speilglatt. Og så får vi ei slalåmløype som er laga for barn. Det er urettferdig for slalåmspesialistane, seier Kostelic.
Sølvvinnaren frå VM for to år sidan låg 3,02 sekund bak Kjetil Jansrud etter utfordelen.
Men i rennet i går enda han heilt nede på 12.-plass, over eit sekund bak gullvinnar og slalåmspesialist Marcel Hirscher, og 86 hundredelar bak
.– Vi har i utgangspunktet berre ein slalåmomgang, det er halvparten av eit vanleg slalåmrenn. Som til overmål passar for barneskirenn. For framtida må vi få profesjonelle slalåm-løypesetjarar også i kombinasjon. Slik det er i dag, er det urettferdig, rasa Kostelic.