– Oi! Det er kult.
– Veldig spennande.
– Det er kjempesmart.
Slik reagerer dei norske handballkvinnene når NRK fortel om Bent Dahl si nyvinning, som kan revolusjonere korleis handballtrenarar arbeider under kamp.
Får klipp på 40 sekund
I fleire år har norske Dahl hatt eit ønskje om å effektivisere korleis ein driv med analyse og kommunikasjon frå benken medan kampar går føre seg.
Og med hjelp frå ein radaringeniør i Romania har han no funne ei løysing som gjer at han raskt får videoklipp frå kampen som spelast rett inn på nettbrettet sitt, takka vere ein kontroll han held i handa.
– Eigentleg byrja det litt som ein spøk, for vi byrja med handsignal. Så sa eg at det held jo ikkje, for å trigge han litt. Og då klarte han ikkje å sove på to netter, så kom han fram med denne løysinga, fortel Dahl, som no er assistenttrenar til dei rumenske handballkvinnene.
Løysinga denne radaringeniøren, Radu Cheregi, kom opp med var kort fortalt ein kontroll som Dahl brukar til å gi beskjed til Cheregi om at han ønskjer å få eit klipp frå kampen på sitt nettbrett.
– Eg dobbeltklikkar, og gir dermed eit signal til Radu, som då sender eit klipp som går 20 sekund tilbake i tid til mitt nettbrett, seier Dahl. Det mest banebrytande er at han i løpet av 40 sekund får analyseklippet klart til å vise sine spelarar.
– Videoklipp lyg aldri
Dermed kan han til dømes byte ut ein spelar som han vil gi beskjed til, og vise ho akkurat kva som skjer, og kva han ønskjer ho skal gjere, og i så måte effektivisere kommunikasjon og forståing mellom trenar og spelarar.
– Videoklipp lyg aldri, så når spelaren faktisk får sjå det, så blir det enklare for dei å sjå kva som skjer, seier Dahl.
Alt dette skjer utan bruk av internett, då ein ikkje alltid får lasta ned klipp i ein hall under kamp, der ein er avhengige av at ting går raskt.
Det er først i VM at Romania no har teke i bruk dette systemet. Men skal ein tru Dahl, så gjer det jobben sin.
– Som kampen mot Nederland, der vi hadde returarbeid som ein av hovudmålsettingane, så hadde eg to gode klipp frå første omgang som vi kunne jobbe med og justere ting i pausen.
Misunnelege nordmenn
Dei norske handballkvinnene lar seg imponere av nyvinninga.
– Oi, det er kult! Utviklinga av teknologien, kvar skal det ende? spør Veronica Kristiansen, før ho legg til at dette er noko ho kunne tenkje seg å prøve.
– Ofte når du står i forsvar, så gjer angrepet det same tre-fire gongar. Då kan du snappe det tidlegare og vite nøyaktig kva som skjer, seier ho.
Noreg sin kaptein, Stine Bredal Oftedal peiker også på at ein kan gjere taktiske justeringar raskt og konkret ved bruk av slik teknologi.
– Eg synest det er veldig spennande at dei brukar eit slikt verktøy, og det blir spennande å sjå korleis det blir i framtida, seier ho.
- Noreg møter dei russiske handballkvinnene i VMs kvartfinale på onsdag. Kampen kan du høyre på NRK Sport 17:30.