Raw Air-vinnaren: – Trudde ikkje det var godt nok

Vikersund (NRK): Ryoyu Kobayashi gjekk forbi Stefan Kraft i det aller siste hoppet i Vikersund og vann Raw Air samanlagt med minimal margin.

AKKURAT NOK: Her hoppar Ryoyu Kobayashi 239 meter og tek sigeren i Raw Air

Kraft låg 8,5 poeng framfor Kobayashi før dagens renn, ein avstand som blei redusert til 6,7 i første omgang.

I den andre landa Kraft på «berre» 229,5 meter og gav ei opning for japanaren. Kobayashi takka for opninga med 239 meter og 20 i stil, og sneik seg framfor Kraft.

2,9 små poeng skilde etter 15 hopp på tilsaman nesten to og ein halv kilometer i Raw Air.

– Slitsamt

– Eg er veldig overraska. Det var så stor poengskilnad at eg ikkje trudde det skulle gå. Sjølv etter det siste hoppet var eg usikker, seier Kobayashi til NRK.

Han seier at den ti dagar lange konkurransen med teljande konkurransehopp kvar dag, har vore slitsam, men spennande.

Kobayashi har ikkje vore i leiinga på noko tidlegare tidspunkt i Raw Air. Det gjorde først Robert Johansson, og deretter fram til pausen i Vikersund i dag Stefan Kraft.

Kraft var ingen slagen mann trass i at han mista førsteplassen med ein poengsum som ikkje tilsvarte meir enn eit par meter i Vikersund.

Frå fiasko til perfekt for Kraft

– Eg skulle gjerne hatt meir enn 229 meter, men det gjekk ikkje. Det skjønte eg då eg landa. Kobayashi er «man of the season», seier Kraft.

Han kallar likevel sesongen sin for perfekt. Det er fordi ha var heilt utanfor på forsesongen, og blei nummer 15 og 21 i det austerrikske meisterskapet i oktober.

– Då såg eg ikkje for meg kva for ein stor sesong eg skulle få.

Men utover i sesongen har det snudd, og i dei siste renna har han hatt fast plass på pallen.

Men Kobayashi blei snytt for sigeren i rennet. Domen Prevc slo japanaren med minst mogelege margin, 0,1 poeng.

– Då eg stod på toppen, var eg så nervøs at eg skalv, sa Prevc. Han hadde ei solid leiing etter den første omgangen.

Laster innhold, vennligst vent..
Robert Johansson

PÅ PALLEN: Robert Johansson har hoppa sine beste hopp for sesongen i løpet av Raw Air-konkurransane

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det var ekstremt spennande, seier landslagssjef Alexander Stöckl, som fekk sjå Robert Johansson på Raw Air-pallen. Nordmannen var 109,9 poeng bak vinnaren. Johann André Forfang enda på femteplassen.

– Eg tar iallfall med meg at eg leverte mine beste hopp for sesongen i starten på Raw Air, seier Johansson. Han leia frå starten i Holmenkollen og til etter rennet på Lillehammer. – Og eg kom på pallen trass alt, sjølv om eg gjerne skulle gjort det betre midt i Raw Air.

– Det var godt for oss med Robert, seier Stöckl om Johanssons tredjeplass.

Johansson bytta ski

Robert Johansson nummer fem etter 237 meter i første omgang. Han slo sterkt tilbake etter nedturen laurdag då Raw Air-sjansen samanlagt definitivt rauk. Han slo av til 224 i andre omgang, og fall til sjetteplass.

Før rennet i dag hadde han bytta ski.

– Det var eit bevisst val, og det gav resultat. Dei nye skiene har eit anna lag under, og det gir større fart. Dessutan har han senka skuldrene etter gårsdagen, fortalde landslagssjef Alexander Stöckl til NRK.

AKKURAT IKKJE NOK: Stefan Kraft har leia Raw Air i fleire dagar, men dette hoppet på 229,5 meter blei akkurat litt for kort til at han skulle sigre sigeren

Siste nytt

  • Marca: Hazard klar for Real Madrid

    Den spanske avisen Marca hevder at Chelsea-stjernen Eden Hazard skal spille for Real Madrid, og at overgangen vil bli kunngjort i løpet av de neste dagene. Prisen for belgieren skal være like i underkant av 100 millioner euro (960 mill. kroner).

    hazard
    Foto: Matt Dunham / AP
  • Tønnesen rekker mesterligakamp

    Den norske håndballspilleren Kent Robin Tønnesen (27) er spilleklar til kvartfinalen i mesterligaen etter to håndbrudd.

    – Jeg spiller for fullt nå, så jeg rekker heldigvis kampen, skriver Veszprèm-spilleren til NTB.

    I kvartfinalen onsdag venter Flensburg, og dermed fire landslagskollegaer: Torbjørn Bergerud, Magnus Jøndal, Gøran Johannessen og Magnus Abelvik Rød.

    Tønnesen
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Møter Sør-Afrika i VM-generalprøven

    Det norske kvinnelandslaget i fotball møter Sør-Afrika 2. juni i den franske byen Amiens. Treningskampen er Norges siste test før verdensmesterskapet sparkes i gang 7. juni. Sør-Afrika er nummer 49 på FIFA-rankingen, mens Norge ligger på 12. plass.

    VM-kvalifiseringskamp for kvinner : Norge-Irland (1-0)
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal