Hopp til innhold

Knusande rapport etter VM i Qatar: – Skuffa over Fifa

Malcom Bidali vart arrestert då han blogga om livet som framandarbeidar i Qatar. No hevdar han overfor NRK at situasjonen ikkje har vorte betre i landet.

En ny rapport reagerer på arbeidsforholdene til sikkerhetsvaktene under VM i Qatar i fjor.

Ein ny rapport reagerer på arbeidsforholda til tryggingsvakter under Fotball-VM i Qatar. Amnesty påpeikar at framandarbeidarar framleis lid i VM-landet.

Foto: AP

Situasjonen for migrantarbeidarar og dødsfalla i samband med byggjearbeida før Fotball-VM i Qatar fekk merksemda i verda. No fortel nye rapportar om forferdelege arbeidsforhold og ulovleg praksis i VM-landet.

– Ingenting har forandra seg. Sjølv under verdsmeisterskapen var det menneske som ikkje fekk utbetalt lønningane sine og som levde under forferdelege forhold, seier Malcolm Bidali til NRK.

Bidali, som er frå Kenya, jobba som tryggingsvakt i Qatar før VM i fotball. Men 4. mai 2021 vart han arrestert etter å ha blogga om livet i Oljestaten.

Malcolm Bidali på Oslo Freedom Forum

Malcolm Bidali meiner situasjonen er den same som før for migrantarbeidarane i Qatar. Her under Oslo Freedom Forum denne veka.

Etter ein månad i fengsel vart han lauslaten. Deretter vart han deportert til heimlandet Kenya.

Denne veka fortalde han historia si på Oslo Freedom Forum.

Bidali fortel at han av tryggingsmessige grunnar ikkje lenger har nokon kontakt med dei tidlegare kollegaene sine i Qatar. Men ut frå kontaktnettet sitt får han informasjon om korleis situasjonen er i landet.

– Eg vil ikkje seie det har vorte verre. Eg vil heller seie at det er «business as usual», seier Bidali.

Han meiner problemet er at reglane ser bra ut på papiret, men at dei ikkje blir praktiserte. Han meiner boforhold, ubetalte lønningar, lange arbeidsdagar og heteslag framleis pregar arbeidslivet i landet der han sjølv jobba før.

Malcolm Bidali på Oslo Freedom Forum

Bidali var sjølv tryggingsvakt før han vart fengsla og deretter deportert ut av landet.

Foto: Oslo Freedom Forum

– Skuffa

Denne veka kom Amnesty International med ein ny rapport. Der opplyste dei om at hundrevis av migrantarbeidarar, som var tilsett som tryggingsvakter under verdsmeisterskapen, framleis lid i Qatar.

Organisasjonen har snakka med 22 tryggingsvakter, som jobba under meisterskapen på korttidskontraktar i det Qatar-eigde selskapet Teyseer Security Services.

I rapporten kjem det fram at migrantarbeidarane skal ha betalt for ulovlege rekrutteringsavgifter frå eiga lomme. Dei skal også ha vorte lova vilkår rundt tilsetjingane, som ikkje stemmer konkluderer Amnesty.

Migrantarbeidere i Qatar 2019.

Dødsfalla blant arbeidarar i Qatar fekk kritisk søkjelys på seg frå vestleg presse før Fotball-VM i fjor.

Foto: AP Photo/Hassan Ammar

Vi er svært skuffa over Fifa, for vi leverte ein rapport til FIFA i april i fjor. Der tok vi for oss situasjonen til tryggingsvaktene i Qatar.

Det seier prosjektleiar Frank Conde Tangberg i Amnesty Noreg til NRK.

Han understrekar at Fifa ikkje har følgt opp rapporten.

I ein e-post til NRK svarer Fifa at dei no følgjer opp den nye rapporten frå Amnesty.

Både VM-arrangøren sitt eige departement for arbeidarrettar og Doha-kontoret til ILO, den internasjonale arbeidstakarorganisasjonen, er varsla om skuldingane til tryggingsvaktene. Fifa understrekar likevel at det er selskapa og styresmaktene i Qatar som har ansvaret for migrantarbeidarane.

38 dagar i strekk

Conde Tandberg fortel også om migrantarbeidarar som vart lova arbeidsvilkår som ikkje vart innfridd. Av den grunn måtte dei ta opp lån for å ha råd til den ulovlege rekrutteringsavgifta.

Dei måtte også jobbe 12-timars arbeidsdagar, i opptil 38 dagar i strekk, utan pause.

Likevel kunne dei ikkje fagorganisere seg, poengterer han.

Frank Conde Tangberg

Frank Conde Tangberg, prosjektleiar i Amnesty Noreg

Foto: Privat

Viss dei prøvde å klage vart dei møtte med truslar om represaliar. Så fleire av dei vart sendt heim etter at den mellombelse kontrakten stansa, og har ikkje fått kompensasjon for desse menneskerettsbrota, seier Conde Tandberg.

Men dette har skjedd både før, under og etter VM, understrekar Conde Tandberg.

Det som har vore problemet til Fifa heile tida, er at dei ikkje har undersøkt kva for nokre menneskerettsleg risiko som det var å ha fotball-VM i Qatar. Det har ført til alvorlege menneskerettsbrot i storskala og dei har ikkje gjort nok for å sørgje for at det blir mildnande tiltak, altså for å redusere risikoen for menneskerettsbrot, seier han.

– Jobba frå morgon til kveld

Også Business & Human Rights Resource Centre har nyleg publisert ein rapport om rekrutteringspraksisen og leveforholda til migrantarbeidarane under VM.

Den viser at nesten alle, av 80 migrantarbeidarane som deltok i undersøkinga, har betalt ulovlege rekrutteringsavgifter.

Heile to av tre står i gjeld til bankar, familiar eller venner for å dekkje kostnadene.

Migrantarbeidere i havna i Doha rett før VM startet i november.

Migrantarbeidarar i hamna i Doha rett før VM starta i november.

Foto: AP

Dei har også vore utsette for forferdelege arbeidsforhold, lønnstjuveri, mangel på overtidsbetaling, andre kontraktar enn lova, og dessutan lågare lønn enn avtalt.

En av de intervjua migranarbeidarane forteller i rapporten:

– Eg måtte jobbe frå morgon til kveld. I samsvar med kontrakten skulle eg jobbe åtte timar om dagen og seks dagar i veka. Men dei første tre månadene måtte eg jobbe opptil ti timar om dagen. Seinare auka arbeidstida opp til 14 timar om dagen.

Han forteller i rapporten om at arbeidsgivaren etter VM ba han jobbe 17 timer i døgnet, uten overtidsbetaling.

– Eg nekta å jobbe under slike forhold, forteller migrantarbeideren ifølge rapporten.

Han dro til hjemlandet.

På bakgrunn av intervjua konkluderer også rapporten med at det er tydeleg at selskapa systematisk ikkje har klart å vareta, eller redusere risikoen arbeidarane har stått ovanfor.

Styresmaktene i Qatar svarer ikkje NRK direkte på skuldingane i rapportane frå menneskerettsorganisasjonane.

Dei opplyser at 97 % av godkjende arbeidarar er sikra rett lønn til rett tid og at useriøse selskap blir straffa med bøter. Qatar seier dei ikkje har juridisk myndigheit til å gripe inn i når migratarbeidere tek opp lån i heimlanda sine.

Saknar stjernene

Malcolm Bidali fekk med seg både Noregs og Tysklands markeringar for menneskerettar i forkant av fotball-VM i Qatar. Det meiner han var bra for å få merksemd rundt forholda i vertskapslandet.

Lionel Messi, FIFA-president Gianni Infantino og Emir Sjeik Tamim bin Hamad al-Thani etter VM-finalen

Lionel Messi vart den store profilen i VM-finalen. Her fekk han VM-troféet av FIFA-president Gianni Infantino og Emir Sjeik Tamim bin Hamad al-Thani etter VM-finalen i Qatar.

Foto: AFP

Men han saknar eit engasjement frå dei store stjernene.

– Ein annan ting er at profilerte fotballspelarar tek eit standpunkt, at dei faktisk kjem med ei fråsegn. Cristiano Ronaldo, Messi, alle desse folka. Det er berre snakk om ei melding på Twitter eller eit innlegg for å auke kjennskapen. Eg skjønner ikkje kvifor dei ikkje gjer det avsluttar Bidali.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal