Chelsea-keeper Kepa Arrizabalaga blei beordra av bana etter skade. Men han nekta, og fekk viljen sin medan manager Maurizio Sarri tilsynelatande var på veg ut av Wembley i protest.
Etter å ha fått kampen litt på avstand, prøvde likevel Sarri å roe det heile ned.
– Det var ei misforståing, sa Chelsea-manageren då. Han lova at Kepa ikkje kjem til å få noko form for disiplinærstraff av klubben.
– Eg fekk forståinga av av at Kepa hadde fått krampe og ikkje ville vere i stand til å stå i straffesparkkonkuransen. Men då legen kom tilbake på benken etter fire minutt, forstod eg at det ikkje var tilfelle, sa Sarri til Sky Sports.
Hendinga like før ekstraomgangane var over, overskygga alt anna i kampen. At ein spela nektar å gå av bana når han har fått beskjed om å bli bytta ut, høyrer til det sjeldne i fotballen.
– Du strippar trenaren for autoritet på denne måten, sa Viasat-kommentator Roar Stokke.
– Autoriteten til Chelsea-manageren blir no undergravd offentleg, seier BBC-kommentator John Murray.
– Dette er ikkje vakkert. Det kokar ned til det som skjer mellom manageren og spelarane. Her er det heilt tydeleg mangel på respekt, seier tidlegare landslagsspelar Jermaine Jenas.
Sarr: – Det var ei misforståing
Det var like før ekstraomgangane var slutt. Kepa Arrizabalaga var strekkskadd, og manageren gjorde klar til byte til ein frisk og meir rutinert keeper før straffekonkurransen.
Men Arrizabalaga nekta. Fleire gonger. Sjølv då reservekeeper Willy Caballero stod klar og fjerdedommaren heldt byte-plakaten oppe, nekta Kepa tvert å gå av bana.
TV-bileta viste manager Maurizio Sarri på veg vekk frå benken og ut av bana, tydeleg frustrert. Han snudde etter kvart og gjekk tilbake til benken.
Sarri er allereie i hardt ver i klubben etter svake resultat i dei siste kampane, og det blir spekulert i om han snart får sparken.
– Etter dette må enten Kepa eller Sarri forlate klubben. Eg trur det blir Sarri. Hans autoritet er undergravd, og det er det verste som kan skje ein manager, seier tidlegare Chelsea-spelar Chris Sutton.
– Trudde han hadde kramper
Men Sarri fortalde etterpå at det var han som misforstod situasjonen, og tok på seg skulda.
Om at han var på veg vekk frå bana, sa han dette:
– Eg måtte kome meg vekk frå benken litt
Tidlegare Chelsea-kaptein og ikon John Terry kjøper ikkje heilt den forklaringa.
– Dette er den offisielle forklaringa. Om det er noko dei involverte har blitt samde om inne i garderoben, veit eg ikkje, seier Terry til Sky Sports.
– Eg har framleis autoriteten min intakt. Situasjonen min i klubben er ikkje endra sidan før kampen, seier Sarri, som av ekspertane får skryt for sitt taktiske opplegg for finalen.
Arrizabalaga fekk stå i straffekonkurransen. Han måtte sjå at Raheem Sterling sette inn den avgjerande straffa via stanga, og City vann 4–3 i straffekonken, etter at ein litt skuffande kamp enda utan scoringar.
Caballero redda tre straffer for City mot Liverpool i 2016 – sist ein ligacupfinale blei avgjort på den måten.
Citys kaptein Vincent Kompany var derfor glad Caballero ikkje kom innpå.
– Heldigvis gjorde han ikkje det, sa han stil Sky Sports. Og la smilande til: – Eg skulle ønskje at eg også slapp å gå av bana når manageren bad om det.
VAR-annullert mål
Første omgang var nokså roleg, men etter pause blei det mykje meir fart. Og det var Chelsea som tok kommandoen. Det var lite som minte om Citys 6-0-siger frå ligakampen for berre to veker sidan.
Sergio Agüero trudde han hadde gitt City leiinga ti minutt etter pause. Men etter VAR-gransking annullerte dommaren målet for offside.
Begge laga har vunne ligacupen fem gonger tidlegare – City seinast i fjor, Chelsea sist i 2015.
For City betyr det at trass ein heller dårleg kamp kan dei framleis gå for fire trofé denne sesongen.
For Chelsea-keeper Kepa – den dyraste keeperen i verda då han signerte i sommar – kan framtida derimot vere usikker. Chelsea møter Tottenham i ligaen onsdag.
– Eg trur ikkje Kepa står i den kampen, seier Viasat-ekspert Morten Langli.