– Temperaturar på over 30 grader og høg luftfuktigheit gjev meg gode vibbar, seier Erik Tysse.
Han er kanskje ein av få idrettsutøvarar som faktisk kan seie dette – og bli trudd.
For faktum er at kappgjengaren har prestert sine absolutt sterkaste resultat, i nettopp steikande asiatisk varme med høg luftfuktigheit.
Ideelle treningsforhold
I japanske Osaka i 2007 blei han nummer fem på 50 kilometeren, i like trykkande varme i OL i Beijing året etter var også Tysse femte best i verda.
23.august går Erik Tysse på ny laus på eit meisterskapløp i Asia. Nok ein gong i Beijing, og mest sannsynleg nok ein gong med temperaturar langt over det som er vanleg ein sommardag i Os, der 34-åringen bur og trenar.
Likevel ser han på treninga på heimplassen som nok ein fordel.
– No er eg akkurat tilbake frå fire veker på høgdesamling i Flagstaff (Arizona, USA, red.merk) der eg trena i over 30 grader. Når eg no er tilbake her heime er temperaturane like høge, men luftfuktigheiten er likevel konstant høg på Vestlandet. Har me 25 grader her, er luftfuktigheita framleis på 80/90 prosent, forklarer Tysse NRK utanfor heimen på Søfteland i Os kommune.
Mål om topp 12
Sjølvtilliten er difor stor framfor kappgjengarens nest siste meisterskap.
– Absolutt, eg føler eg har roa og tryggleiken som skal til for å prestere under slike forhold. Det er evnen til å presse seg sjølv framfor farta som blir viktig under slike temperaturar. Det er godt førebudd på, meiner Tysse.
Likevel er det ikkje eit einsidig fokus på medalje som står i hovudet på mannen som nok er mest kjent for sin positive dopingdom.
– Eg føler eg er på god veg tilbake der eg var etter eit par tunge år. Målet blir igjen å kome topp tolv, kanskje topp seks på ein god dag. Men det er ikkje så langt opp til medalje heller viss dei andre har litt uflaks.