– Raw Air er ikkje nødvendigvis meir prestisjefylt enn hoppveka, men den norske turneringa er heilt klart ei større utfordring for meg, seier Kamil Stoch til sport.pl, sportsportalen til Polens største avis Gazeta Wyborcza.
Stoch vann både hoppveka og Raw Air i 2018. Han meiner at Raw Air både er både meir krevjande og økonomisk betre enn den langt meir tradisjonsrike hoppveka i Mellom-Europa.
Årets norske komet Marius Lindvik, som vann to renn og blei nummer to samanlagt i hoppveka denne sesongen, er langt på veg samd.
– Raw Air hakket kvassare
– Eg forstår veldig godt det han seier. Hoppveka er ein tradisjon og ei veldig stor turnering. Men Raw Air er kanskje blitt hakket kvassare.
Den tysk-austerrikske hoppveka er arrangert kvart år sidan 1953, og har lenge vore den viktigaste konkurransen utanom VM og OL.
Men sidan 2017 har hoppveka fått tøff konkurranse av Raw Air. Det er renn i Holmenkollen, på Lillehammer, i Trondheim og avslutning med skiflyging i Vikersund. Til skilnad frå hoppveka tel alle hoppa med i samandraget, også kvalifiseringsomgangane – totalt 16 teljande hopp. Og det utan ein einaste kviledag imellom.
– Til fleire slike konkurransar vi har, til betre er det, seier Stoch.
Meir lukrativ hoppveke tidlegare
Også økonomisk går utviklinga i retning Raw Air som den største turneringa. Den polske avisa opplyser at premiane i hoppveka har gått nedover, og at årets vinnar sat att med småpengar, samanlikna med vinnarane for 15–20 år sidan.
I 2001 vann Adam Malysz hoppveka. Han fekk 1,3 millionar kroner pluss ein bil. Årets vinnar Dawid Kubacki fekk 500.000 kroner og ein gullpokal.
Stoch fekk 570.000 kroner i 2018, inkludert premiar for siger i alle fire renna.
Raw Air på si side gir 60.000 euro (590.000 kroner) for siger samanlagt. I tillegg kjem 10.000 sveitserfranc (drygt 90.000 kroner) frå FIS for kvart vunne renn).
Dårleg organisering
Hoppveka har eigentleg berre eit sterkt namn igjen. Det er Raw Air som kjem til å gi pengar og prestisje i framtida, skriv avisa.
Avisa skriv også at det tel i negativ retning når organiseringa har blitt så dårleg at FIS-hoppsjef Walter Hofer trua med å avbryte kvalifiseringa til årets nyttårsrenn i Garmisch på grunn av dårleg transport og manglande overnattingsplassar for utøvarane.
Marius Lindvik er også klar på at årets Raw Air er hans største mål for resten av sesongen.
– Ja, absolutt, seier han.
Årets Raw Air startar i Holmenkollen 6.–8. mars, held fram på Lillehammer 9. og 10. mars, i Trondheim 11. og 12. mars, og blir avslutta i Vikersund 13.–15. mars.