Hopp til innhold

Juventus

Siste nytt

  • Ein død i fotballbråk i Argentina

    Politiet måtte bruke tåregass og gummikuler for å stanse bråket under ein fotballkamp i Buenos Aires i natt. Ein person døydde.

    Uroa oppstod då folk pressa på for å kome seg inn på dei allereie fullpaka tribunene under toppkampen mellom Boca Juniors og Gimnasia y Esgrima.

    Då dei greidde å trenge gjennom portane, sprang tilskodarar ut på bana for å kome seg unna. Då var det spela ni minutt av kampen. Bilete viser spelarane i full fart mot garderobene for å kome seg vekk frå folkemassene og tåregassen.

    – Det blei heilt umogeleg å puste, sa dommaren.

    Ein 57 år gammal mann døydde av hjarteattakk under bråket.

    Fotballbråk i Argentina
    Foto: Gustavo Garello / AP
  • Portugal, Wales og Skottland til omspel-finale

    Portugal, Wales og Skottland tok seg torsdag kveld vidare i omspelet om to plassar i fotball-VM for kvinner neste år.

    Alle tre venta lenge med sine sigersmål. Portugals 2-1-mål over Belgia kom i det 89. minutt. Både Wales (mot Bosnia) og Skottland (mot Austerrike) måtte ha ekstraomgangar for å vinne 1-0.

    Omspelfinalene tysdag: Portugal - Island, Skottland - Irland og Sveits - Wales.

    Dei to beste vinnarane, rangert etter gruppespel og omspelfinale, går til VM. Den tredje vinnaren går til vidare omspel mot lag frå andre erdsdeler i februar.

    VM går i Australia og New Zealand i juli/august.

    Wales jubler
    Foto: PETER CZIBORRA / Reuters
  • Zucca med mål og målgivande

    Mats Zuccarello noterte seg for eitt mål og ei målgivande pasning då hans Minnesota Wild slo Chicago Blackhawks i oppkøyringskamp torsdag.

    Nordmannen spelte ikkje i Wilds to førre kampar, men var på isen i drygt 18 minutt mot Blackhawks.

    I første periode var han servitør då Marco Rossi scora. Seinare la lagkamerat Frederik Gaudreau på til 2–0. Blackhawks' Jack Johnson scora i andre periode, men Zuccarello svarte like etter.

    I tredje periode fastsette Sam Steel sluttresultatet til 4–1 for Wild.

    Wild serieopnar heime mot Zuccarellos gamleklubb New York Rangers 13. oktober. Dei spelar sin siste oppkøyringskamp mot Dallas Stars laurdag. .

    Mats Zuccarello
    Foto: Abbie Parr / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste