– Ja, eg har lyst til å springe 10.000 meter i EM neste år, sa Johaug. Ho blei noregsmeister på distansen tidlegare i år, då også utklassa ho alle konkurrentane.
– Dette gav meirsmak, sa ho.
Johaug tok tidleg teten og berre auka etter kvart. I mål var ho 28 sekund framfor fjorårsvinnar Sigrid Jervell Våg. Maria Sagnes Wågan tok bronsen.
– Eg var ute og sprang løypa i går. Då var det glatt mange stader, men i dag var det fint.
Johaug var glad og godt nøgd etter løpet.
– Nesten Kollen-stemning
– Det var moro å springe her med så mykje folk og så mykje trykk langs løypa. Med flott ver i tillegg var det også nesten som i Kollen, sa Johaug.
Ho var klar favoritt, men vedgjekk at ho likevel var nervøs før start.
Ho har lyst til å satse meir på å sprineg, men ikkje så mykje at det går ut over skiløpinga. Allereie etter NM på Hamar i august sa ho at 10.000-meteren i EM neste år freistar.
– Eg vil meir enn gjerne vil vere med i EM neste år, men berre dersom eg er i god nok form. Slik det ser ut no, er sjansen 50-50 for det. Dessutan har eg aldri vore i Paris, ser ho.
Men i terrengløp-VM i desember skal ho ikkje starte. For då er langrennssesongen i gang.