Johannes Thingnes Bø nominert til idrettspris

Dei to verdscupsigrane til Johannes Thingnes Bø før jul gav resultat: 20-åringen frå Stryn er nominert til Idrettsgallaen.

Johannes Thingnes Bø

To verdscupsigrar gav Johannes Thingnes Bø idrettspris-nominasjon

Foto: JEFF PACHOUD / Afp

Bø vann både sprinten og jaktstarten i Frankrike og slo med det gjennom i verdseliten. Dagen etter vart han også teken ut til OL i Sotsji.

No er han i tillegg nominert i klassen Årets gjennombrot på Idrettsgallaen 4. januar. Juryen la i dag fram dei siste nominasjonane til Idrettsgallaen.

I tillegg til Johannes Thingnes Bø er også skyttaren Tom Beier Jensen lagt til i klassen for årets gjennombrot. Han tok eit suverent EM-gull i skeet i sommar.

Juryen har også teke med fleire nye kandidatar i denne siste nominasjonsrunden.

Kickboksetrenar Daimi Akin har fått plass på nominasjonen som Årets trenar. Han leia dei norske kickboksarane fram til fire VM-gull i år.

Handballspelar Katrine Lunde er også nye på lista over nominerte til Årets lagspelar. Som Årets lag er fotballandslaget for kvinner (EM-sølv) og U21-landslaget for menn (EM-bronse) også nominert.

Tidlegare har det kome sterke reaksjonar mot at sjakk-verdsmeister Magnus Carlsen ikkje er nominert .

Les: Sjakkikon sjokkert over Carlsen-vrakingen

Slik ser den endelege nominasjonslista til Idrettsgallaen ut:

Gullballen:

Caroline Graham Hansen – kvinnelandslaget og Tyresö/Stabæk
Ingrid Hjelmseth – kvinnelandslaget og Stabæk
Solveig Gulbrandsen – kvinnelandslaget og Vålerenga
Tom Høgli – herrelandslaget og Club Brugge
Stefan Johansen – herrelandslaget og Strømsgodset

Årets kvinnelege idrettsutøvar:

Tora Berger (skiskyting)
Marit Bjørgen (langrenn)
Therese Johaug (langrenn)
Suzann Pettersen (golf)
Tiril Sjåstad Christiansen (freestyle)

Årets mannlege idrettsutøvar:

Anders Bardal (hopp)
Emil Hegle Svendsen (skiskyting)
Torstein Horgmo (snowboard)
Aksel Lund Svindal (alpint)
Petter Northug jr. (langrenn)

Årets lagspelar:

Caroline Graham Hansen (fotball)
Katrine Lunde (håndball)
Mats Zuccarello-Aasen (ishockey)

Årets lag:

Dobbeltsculler lettvekt, roing (Are Strandli/Kristoffer Brun)
Dobbeltsculler tungvekt, roing (Kjetil Borch/Nils Jakob Skulstad Hoff)
Fotballandslaget, kvinner
Fotballandslaget U21, menn

Årets gjennombrot:

Johannes Thingnes Bø (skiskyting)
Tiril Sjåstad Christansen (freestyle)
Caroline Graham Hansen (fotball)
Tom Beier Jensen (skyting)
Henrik Kristoffersen (alpint)
Are Strandli og Kristoffer Brun (roing)

Årets kvinnelege funksjonshemma idrettsutøvar:

Mariann Vestbøstad Marthinsen (langrenn)
Sarah Louise Rung (svømming)
Birgit Skarstein (roing)

Årets mannlege funksjonshemma idrettsutøvar:

Vegard Dahle (langrenn)
Nils-Erik Ulset (skiskyting)
Tommy Urhaug (bordtennis)

Årets trenar:

Daimi Akin (kickboksing)
Johan Flodin (roing)
Egil Gjelland (skiskyting)
Egil Kristiansen (langrenn)
Even Pellerud (fotball)

Årets namn:

Tora Berger (skiskyting)
Marit Bjørgen (langrenn)
Magnus Carlsen (sjakk)
Tiril Sjåstad Christiansen (freestyle)
Fotballandslaget, kvinner
Kjetil Borch og Nils Jakob Hoff (dobbeltsculler tungvekt, roing)
Therese Johaug (langrenn)
Petter Northug jr. (langrenn)
Suzann Pettersen (golf)
Emil Hegle Svendsen (skiskyting)
Aksel Lund Svindal (alpint)
Mats Zuccarello-Aasen (ishockey)

Open klasse:

Ole-Kristian Bryhn (skyting)
Magnus Carlsen (sjakk)
Magnus Midtbø (klatring)
Thea Therese Vingmark Næss (kickboksing)
Sigrid Rykhus (Telemark)

Årets førebilete og Årets heiderspris har ingen nominerte. Prisane blir tildelte av hovudjuryen med grunngjeving som blir lese opp på idrettsgallaen.

Utøvarane sin pris blir organisert av utøvarane sjølv, uavhengig av hovudjuryen.

Årets eldsjel har eigen jury.

Siste nytt

  • Troppen i EM-kvaliken

    Dette er troppen til EM-kvalifiseringskampene borte mot Hviterussland og Færøyene 4. og 8. oktober:

    Cecilie Fiskerstrand (LSK Kvinner), Oda Maria Bogstad (Arna-Bjørnar), Aurora Mikalsen (Manchester U.), Ingrid Moe Wold (LSK Kvinner), Maren Mjelde (Chelsea), Maria Thorisdottir (Chelsea), Synne Skinnes Hansen (LSK Kvinner), Tuva Hansen (Klepp), Kristine Bjørdal Leine (Reading), Ina Gausdal (LSK Kvinner), Kristine Minde (Wolfsburg), Frida Maanum (Linköping), Rikke Bogetveit Nygard (Arna-Bjørnar), Ingrid Syrstad Engen (Wolfsburg), Lisa Naalsund (Sandviken), Karina Sævik (Paris Saint-Germain, Amalie Eikeland (Reading), Guro Reiten (Chelsea), Vilde Bøe Risa (Koppabergs/Göteborg), Caroline Graham Hansen (Barcelona), Lisa-Marie Karlseng Utland (Reading), Elise Thorsnes (LSK Kvinner), Isabell Herlovsen (Kolbotn).

    Landskamp fotball kvinner: Norge-England (2-1).
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
  • Norsk EM-gull i skyting

    Jeanette Hegg Duestad og Simon Kolstad Claussen tok EM-gullet i skyting på øvinga blanda lag 50 meter liggande i Bologna tysdag.

    I finalen var dei suverent best og leia gjennom heile konkurransen. Dei vann føre Russland og Storbritannia.

    – Det kjennest fantastisk. Vi skaut godt både i kvalifisering, semifinale og finale, og er kjempefornøgde. For ei herleg oppleving, seier Jeanette Hegg Duestad.

    Simon Kolstad Claussen
    Foto: Norges Skytterforbund
  • Neymars straff redusert

    Den internasjonale idrettsdomstolen CAS har redusert Neymars utestenging frå tre til to meisterligakampar. Det betyr at superstjerna er klar for PSGs kamp mot Brugge 22. oktober.

    Neymar blei utestengd for sterke angrep mot dommarane på sosiale media etter PSGs kamp mot Manchester United i mars. PSG blei slått ut etter at United fekk straffe i kampens siste minutt.

    Neymar
    Foto: Lionel Bonaventure / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal