Kirani James frå Grenada har aldersrekordane i alle årsklassar frå 15 år og oppover.
Tysdag trekte han det lengste strået med tida 44.60 i ein superjamn stjernekamp på 400 meter.
Tittelforsvarar LaShawn Merritt såg ut som ein klar vinnar ut av siste sving. Men James heldt trykket oppe heile vegen inn og kneip seg forbi like før mål.
Merritt, også kalla penis-doparen, tok sølvet med tida 44.63.
Kévin Borlée frå Belgia kapra bronsemedaljen og blei med det best i familien. Tvillingbror Jonathan hamna på 5. plass.
Gull-James har bare sprunge eit fåtal konkurransar som senior. Han blir 19 år torsdag og fekk etter drøymefinalen påskot for ein liten fest.