– Dette er Italias største sportslege katastrofe på 60 år, seier tidlegare borgarmeister i Roma, Walter Veltroni, til RAI Radio 1.
Han meiner det går langt djupare enn til landslagstrenaren, og indikerer ei fullstendig utreinsking av fotballeiinga.
Berre ein gong tidlegare har det skjedd at Italia er slått ut i VM-kvalifisering. Det var til VM i 1958, som til alt overmål gjekk i Sverige.
«FINE», «Slutten», skriv Gazetta dello Sport med store bokstavar på framsida.
Roma-avisa Il Messaggero kallar samanlagt-tapet mot Sverige ei nasjonal skam. Corriere dello Sport krev like godt at alle involverte må gå.
«Apocalypse Azurra», lyser det frå toppen av Torino-avisa La Stampa. Azurra er kjælenamnet på det italienske landslaget.
Nesten 15 millionar italienarar følgde tv-sendinga frå den italienske fiaskoen måndag.
– Dette er eit sjokk for meg, men det er verre for min far. Han er 54 og har aldri gått gjennom noko liknande, seier Stefania Pusateri til AFP. Faren var fødd seks år sidan sist Italia rauk ut i ei VM-kvalifisering.
Nedoverbakke
Men Gazetta peikar også på at Italia har hatt ei nedgåande kurve etter VM-tittelen i 2006. Verken i 2010 eller 2014 kom Italia vidare frå gruppespelet. Rett nok kom dei til EM-finalen i 2012, men det er unntaket.
Foxsports.com.au peikar også på to andre grunnar til VM-fiaskoen: At Italia har slurva med ungdomsarbeidet, og manglar talent når den gamle garde gir seg. I første kampen mot Sverige var sju av spelarane i startellevaren over 30 år.
Og at dei ikkje har teke privatlandskampane alvorleg på mange år. Det går ut over FIFA-rankinga og har gitt Italia ekstremt tøffe kvalik-motstandarar. I år hamna dei i gruppe med Spania og blei klart slått.
Blir VM det same utan Italia?
Også langt utanfor Italias grenser skaper det jordskjelv at Italia ikkje skal vere med i Russland neste år.
Vil eit VM utan Italia og Nederland – som begge er slått ut av Sverige – bli det same? spør newsx.com. Dei viser til at rekordmange 3,2 milliardar sjåarar følgde VM i Brasil i 2014 på TV.
– Fråværet av dei to landa vil heilt sikkert merkast, men det står att å sjå kor mykje, skriv nettstaden.
Før VM må Italia i staden spele rolla som oppvarmingsmotstandar for England.