Hopp til innhold

Mannen som aldri fekk sjå sitt lisverk

Stanley Cup er det gjevaste ein ishockey-spelar kan vinne. Men visste du at pokalen ble gitt av ein engelskmann som aldri såg ein einaste kamp i eit Stanley Cup-sluttspel?

Lord Stanley of Preston

Biletet av Lord Stanley held vakt over den originale Stanley Cup på Hockey Hall of Fame i Toronto

Foto: STRINGER/CANADA / REUTERS

Mannen heitte Stanley, naturlegvis - nærmare bestemt Lord Stanley av Preston, med førenamnet Frederick. Han vart utnemnd til generalguvernør av Canada då det britiske imperiet var på sitt største og mektigaste, og dronning Victoria sende sine beste adelsmenn til å styre dei viktigaste koloniane.

Det var i 1888. I Canada vart Lord Stanley straks biten av ishockey-basillen. Dette lagspelet på is var nokså nytt på den tida, og "oppfunne" i Canada.

Heile familien var involvert i ishockey - både dottera og dei sju sønene hans vart aktive spelarar. Og dei "tok også spelet med seg" då dei flytte heim til England.

Vandrepokal til beste amatørlag

Stanley Cup

Slik ser Stanley Cup ut i dag. Han er blitt nesten ein meter høg

Foto: JEFF CHRISTENSEN / REUTERS

For i 1893 døydde Stanleys bror, og Fredrerick måtte reise heim til England for å overta som den 16. jarlen av Derby.

Han var lei seg for å flytte frå landet der ishockeyen hadde sine røter. Før han reiste, sette han derfor opp ein vandrepokal som skulle gå til det beste amatør-ishockeylaget i Canada.

Pokalen, som vart laga av ein engelsk sølvsmed frå Sheffield, har på den eine sida ingravert teksten "Dominion Hockey Challenge Cup of Canada", og på den andre "From Stanley of Preston".

Montreal var først

Montreal Hockey Club var første laget som vann pokalen - i 1893, men utan kamp. Laget vann AHAC-ligaen, og fekk pokalen for det. Først året etter vart det spela turnering om pokalen. Montreal vann på nytt, no med 3-1 over Ottawa i finalen.

Det vinnande laget kvart år supplerer pokalen med ein sølvring som blir lagt til pokalen lengst nede. På denne ringen blir det inngravert namnet på vinnarlaget, og i dei siste åra også namnet på spelarane og trenarane.

89,5 centimeter

Derfor blir pokalen litt større for kvart år. No er han vakse til 89,54 cm, og er 15,5 kg tung.

Originalen finst i "The Hockey Hall of Fame" i Toronto. Det vinnande laget får med seg ein kopi.

Og det som er sikkert, er at pokalen i år går til eit lag som har venta lenge. Boston har venta i 39 år på å få drikke champagne av pokalen. Vancouver har aldri fått oppleve det.

I prinsippet skulle vinnarane av alle amatør-ligaene i Canada spele om pokalen. Men nokså raskt fekk også profesjonelle lag vere med i konkurransen. Og etterkvart som ishockeyen i Canada og USA vart meir integrert, vart Stanleys pokal-forvaltarar samde om å tildele pokalen til det beste laget i dei to landa.

Aust mot Vest i finalen

Då Western Hockey League vart lagt ned i 1926, var det berre NHL-ligaen igjen av dei store ligaene. I 1947 vart det også formalisert at Stanley Cup skal vere eit NHL-basert sluttspel.

Kanadiske Victoria Cougars frå WHL vart i 1925 dermed det siste laget frå ein annan liga enn NHL som har vunne Stanley Cup.

I mange år kunne "kven som helst" møtest i finalen. Men sidan 1967 er Stanley Cup-finalen spela mellom vinnarane av Eastern og Western Conference i NHL.

Fekk aldri sjå sitt livsverk

Sidan 1939 har finaleserien blitt spela som best av sju kampar. Det vil seie at når eitt av laga har vunne fire kampar, er finalen avgjort. Og det best rangerte laget frå NHL-grunnspelet har fordelen av flest heimekampar.

Og Lord Stanley? Han reiste frå Canada sommaren 1893, året før den første Stanley Cup-turneringa. Han kom aldri tilbake til Canada, og fekk derfor aldri sjå ein einaste Stanley Cup-kamp - turneringa han hadde grunnlagt og gitt namn til. I England satsa han på hestesport og politikk. Stanley døydde i 1908, 67 år gammal.

Men pokalen hans lever i beste velgåande.

Finalelaga 2011:

Stanley Cup-finaler siden 1927

År

Vinner

Taper

Seirer
i kamper

2010

Chicago Blackhawks

Philadelphia Flyers

4-2

2009

Pittsburgh Penguins

Detroit Red Wings

4-3

2008

Detroit Red Wings

Pittsburgh Penguins

4-2

2007

Anaheim Ducks

Ottawa Senators

4-1

2006

Carlinia Hurricanes

Edmonton Oilers

4-3

2005

Sesongen kansellert
på grunn av lockout

 

 

2004

Tampa Bay Lightening

Calgary Flames

4-3

2003

New Jersey Devils

Mighty Ducks of Anaheim

4-3

2002

Detroit Red Wings

Carolina Hurricanes

4-1

2001

Colorado Avalanche

New Jersey Devils

4-3

2000

New Jersey Devils

Dallas Stars

4-2

1999

Dallas Stars

Buffalo Sabres

4-2

1998

Detroit Red Wings

Washington Capitals

4-0

1997

Detroit Red Wings

Philadelphia Flyers

4-0

1996

Colorado Avalanche

Florida Panthers

4-0

1995

New Jersey Devils

Detroit Red Wings

4-0

1994

New York Rangers

Vancouver Canucks

4-3

1993

Montreal Canadiens

Los Angeles Kings

4-1

1992

Pittsburgh Penguins

Chicago Blackhawks

4-0

1991

Pittsburgh Penguins

Minnesota North Stars

4-2

1990

Edmonton Oilers

Boston Burins

4-1

1989

Calgary Flames

Montreal Canadiens

4-2

1988

Edmonton Oilers

Boston Bruins

4-0

1987

Edmonton Oilers

Philadelphia Flyers

4-3

1986

Montreal Canadiens

Calgary Flames

4-1

1985

Edmonton Oilers

Philadelphia Flyers

4-1

1984

Edmonton Oilers

New York Islanders

4-1

1983

New York Islanders

Edmonton Oilers

4-0

1982

New York Islanders

Vancouver Canucks

4-0

1981

New York Islanders

Minnesota North Stars

4-1

1980

New York Islanders

Philadelphia Flyers

4-2

1979

Montreal Canadiens

New York Rangers

4-1

1978

Montreal Canadiens

Boston Bruins

4-2

1977

Montreal Canadiens

Boston Bruins

4-0

1976

Montreal Canadiens

Philadelphia Flyers

4-0

1975

Philadelphia Flyers

Buffalo Sabres

4-2

1974

Philadlelphia Flyers

Boston Bruins

4-2

1973

Montreal Canadiens

Chicgao Black Hawks

4-2

1972

Boston Bruins

New York Rangers

4-2

1971

Montreal Canadiens

Chicago Black Hawks

4-3

1970

Boston Bruins

St. Louis Blues

4-0

1969

Montreal Canadiens

St. Louis Blues

4-0

1968

Montreal Canadiens

St. Louis Blues

4-0

1967

Toronto Maple Leafs

Montreal Canadiens

4-2

1966

Montreal Canadiens

Detroit Red Wings

4-2

1965

Montreal Canadiens

Chicago Black Hawks

4-3

1964

Toronto Maple Leafs

Detroit Red Wings

4-3

1963

Toronto Maple Leafs

Detroit Red Wings

4-1

1962

Toronto Maple Leafs

Chicago Black Hawks

4-2

1961

Chicago Black Hawks

Detroit Red Wings

4-2

1960

Montreal Canadiens

Toronto Maple Leafs

4-0

1959

Montreal Canadiens

Toronto Maple Leafs

4-1

1958

Montreal Canadiens

Boston Bruins

4-2

1957

Montreal Canadiens

Boston Bruins

4-1

1956

Montreal Canadiens

Detroit Red Wings

4-1

1955

Detroit Red Wings

Montreal Canadiens

4-3

1954

Detroit Red Wings

Montreal Canadiens

4-3

1953

Montreal Canadiens

Boston Bruins

4-1

1952

Detroit Red Wings

Montreal Canadiens

4-0

1951

Toronto Maple Leafs

Montreal Canadiens

4-1

1950

Detroit Red Wings

New York Rangers

4-3

1949

Toronto Maple Leafs

Detroit Red Wings

4-0

1948

Toronto Maple Leafs

Detroit Red Wings

4-0

1947

Toronto Maple Leafs

Montreal Canadiens

4-2

1946

Montreal Canadiens

Boston Bruins

4-1

1945

Toronto Maple Leafs

Dettroit Red Wings

4-3

1944

Montreal Canadiens

Chicago Black Hawks

4-0

1943

Detroit Red Wings

Boston Bruins

4-0

1942

Toronto Maple Leafs

Detroit Red Wings

4-3

1941

Boston Bruins

Detroit Red Wings

4-0

1940

New York Rangers

Toronto Maple Leafs

4-2

1939

Boston Bruins

Toronto Maple Leafs

4-1

1938

Chicago Black Hawks

Toronto Maple Leafs

3-1

1937

Detroit Red Wings

New York Rangers

3-2

1936

Detroit Red Wings

Toronto Maple Leafs

3-1

1935

Montreal Maroons

Toronto Maple Leafs

3-0

1934

Chicago Black Hawks

Detroit Red Wings

3-1

1933

New York Rangers

Toronto Maple Leafs

3-1

1932

Toronto Maple Leafs

New York Rangers

3-0

1931

Montreal Canadiens

Chicgao Black Hawks

3-2

1930

Montreal Canadiens

Boston Bruins

2-0

1929

Boston Bruins

New York Rangers

2-0

1928

New York Rangers

Montreal Maroons

3-2

1927

Ottawa Senators

Boston Bruins

2-0-2

Siste nytt

  • Berge-assist da Burnley tok sesongens første seier

    Sander Berge leverte en assist da Burnley tok sin første trepoenger i Premier League med 2-1 i hengekampen mot Luton.

    Berge sto for forarbeidet da Lyle Foster scoret et fortjent ledermål på overtid i første omgang. Luton presset hardt for utligning den siste halvtimen og fikk den ved Elijah Adebayo i det 83. minutt, men ett minutt senere ble innbytter Jacob Bruun Larsen matchvinner for gjestene med et kjempeskudd.

    – Tre poeng i Premier League, det føles fantastisk. Vi måtte kjempe for det, og jeg er stolt av laget for det de viste i dag, sa manager Vincent Kompany til BBC.

    – Vi viste de kvalitetene som ga oss opprykk forrige sesong. (NTB)

    HhLi7d6bTSc
    Foto: AP
  • Ny nedtur for United – audmjuka på eige gras

    Manchester United rota bort leiinga to gonger og tapte 2-3 mot Galatasaray i kveldens meisterligaoppgjer. To mål frå danske Rasmus Højlund (20) var ikkje det nok til å redde Erik ten Hag og United ut av ei stadig djupare krise.

    – Vi har fått ein dritstart i nesten alle turneringar. Vi må samle oss, sjå kvarandre djupt i auga og så skal vi komme ut av dette saman, sa Højlund til TV 2 etter kampen.

    For tyrkarane kunne reise heime med alle tre poenga etter ein til tider kaotisk kamp på Old Trafford, som inneheldt både raudt kort og straffebom.

    – No er Manchester United i «deep shit», kommentert Simen Stamsø-Møller på TV 2 si sending.

    Raudtrøyene fekk ein pangstart på kampen, då den danske målsniken sende heimelaget i leiinga med panna etter 17 minutt. Innlegget går frå Casemiro til Marcus Rashford som sender ballen presist til Højlund framfor mål.

    Gjestane frå Tyrkia slo raskt og effektiv tilbake. Den tidlegare United-spelaren Wilfried Zaha får eit hjarteleg gjensyn med Old Trafford og utliknar fem minutt seinare. Han feirar med å setje hendene til øyra framfor heimepublikumet.

    Men dette så lenge ut til å bli United sin danske dreng sin store kveld. Først får han eit mål annullert for offside etter sidebyte. Minutta seinare kjem han på ei kontring. Iskaldt lempar han ballen over Fernando Muslera i målet til Galatasaray og United jublar for 2–1.

    Som i første omgang får ikkje heimelaget behalde leiing veldig lenge. Kerem Aktürkoglu utliknar for Galatasaray berre minutta etterpå.

    Og verre skulle det bli. Gjestane får straffe etter at Casemiro klippa ned Dries Mertens i eigen boks. Med to gule kort blir Casemiro sendt i garderoben.

    United blir i første omgang redda av at Mauro Icardi bommar på mål.

    Men han får sin revansj like etterpå.

    Leverer ein lekker chip frå 15 meter i møtet med Onana, og sender Galatasaray-fansen til himmels.

    Erik ten Hag og United står dermed utan poeng etter to kampar. Galatasaray tar 2.-plassen i meisterligaens gruppe A bak Bayern München som slo FC København 2–1 i Parken i kveld.

  • Oilers opp i rygg på Storhamar

    Stavanger Oilers måtte slite for poengene i den framskutte kampen mot Lørenskog, men Nick Dineens scoring ga 1-0-seier.

    Seieren sender Oilers opp i rygg på serieleder Storhamar. Begge har 15 poeng av 18 mulige etter seks spilte kamper.

    Hjemmelaget dominerte kampen stort og vant skuddstatistikken 56-9, men greide bare en gang å overliste Lørenskog-keeper Anders Iversen Haugum. Det var da Dineen vel halvveis i første periode dro av en motspiller og scoret alene med keeper.

    Oilers måtte forsvare seg med nebb og klør da Anders Tangen Henriksen ble utvist vel tre minutter før slutt og gjestene etter hvert tok ut keeper og spilte seks mot fire.

    Kampen tilhører egentlig neste ukes midtukerunde, men da er Oilers opptatt med CHL-kamp mot tsjekkiske Ocelari Trinec. (NTB)

    Sluttspillet i ishockey: Stavanger Oilers - Storhamar
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste