Hopp til innhold

Internett-fenomenet med oppsiktsvekkande OL-plan: – Da burde eg byte sport

Superstjerna «IShowSpeed» satsar mot OL i Los Angeles i 2028, men ekspertane har null tru på 19-åringen.

IShowSpeed Sondre Langås

RASKE MENN: «IShowSpeed» ønsker å satse mot OL. Noreg-stoppar Sondre Langås blir overraska om det blir ein realitet. 

Foto: Michel Euler/Vegard Grøtt / AP Photo/Bildbyrån

– I 2028 kjem eg definitivt til å springe i OL, fortalde «IShowSpeed» under eit intervju på scena under konferansen Complex Con i Las Vegas søndag.

Den populære 19-åringen, som eigentleg heiter Darren Jason Watkins jr., annonserte at han ønsker å springe 50 meter, 100 meter og 200 meter i Los Angeles om fire år.

Han blei naturlegvis arrestert på at den kortaste distansen ikkje finst, men parerte raskt.

– Du veit kva eg meiner.

Les også Fullt kaos da youtuber strømmet direkte – nå er han fraktet bort

IShowSpeed bæres ut av suvenirbutikken.

Annonseringa kom kort tid etter at han møtte regjerande olympisk meister på 100 meter, Noah Lyles, til ein duell på 50 meter. Der var Lyles, ikkje overraskande, raskast.

– Da burde eg byte sport

«IShowSpeed» vekte stor oppsikt da han besøkte Noreg tidlegare i år. Først blei det kaos i Oslo, deretter ein litt rolegare tur til Stavanger.

Amerikanaren har blitt ein enorm kjendis på internett, der han har stor suksess på fleire plattformer. På YouTube har han 33,2 millionar abonnentar, mens han har høvesvis 35,7 og 26,6 millionar følgarar på TikTok og Instagram.

IShowSpeed

KAOS: Speed dukka opp i Oslo med norsk landslagsdrakt, og det gjorde hundrevis av tenåringsgutar.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

I Stavanger møtte han blant anna Vikings raskaste spelar, Sondre Langås, til sprintduell på ei halv banelengde – vel 50 meter.

Ein duell som amerikanaren gjekk sigrande ut. Langås hevdar han ikkje sprang for full maskin, sidan han ikkje hadde varma opp.

– Han overraska meg dei første meterane. Han er ganske kvikk i starten, så eg tippar han heng med eit lite stykke, men han dett nok av når dei beste langar ut. Eg er ganske sikker på at eg skulle slått «Speed» på ein 100 meter. Så viss han er så god, da burde eg byte sport.

Les også IShowSpeed: Heftig jakt på «vår tids Beatles»

IShowSpeed

Fekk kommentarar etter tap

Langås seier han har blitt imponert og overraska over ein del av det han har sett av «IShowSpeed».

– Eg har sett han har sprunge mot Lyles og har sett nokre spensthopp. Han har ein eksplosiv kropp og ein genetikk som er vanvitig, men trur ikkje nivået er der at han skal ta medalje, flirer den norske landslagsstopparen til NRK.

For det er der nivået må ligge om ein skal til OL for USA. Ein må kunne ta medalje.

Football, Nations League, Norway - Kazakhstan

LATTERMILD: Sondre Langås og Sander Berge feira søndag Noregs gruppesiger i Nasjonsligaen og ein solid siger mot Kasakhstan.

Foto: BILDBYRÅN

– Han verkar jo litt som ein villbass, korleis opplevde du han?

– Du har rett i ordet villbass. Han var ein livleg fyr. Han skaper mykje liv og røre. Han ville nok skapt litt meir blest, og eg tippar ein del ville sett på om han valde å gå for det.

Han fekk sjølv erfare at han går rett heim hos tenåringane.

– Ein merka at han er ganske stor i Noreg og utlandet, og at det var ein del ungdommar som ville møte meg. Eg har jo fått ein god del kommentarar i ettertid: «Er det du som sprang mot «Speed»? Du er treg!», ler Langås.

Les også Verdensberømt youtuber skadet etter «ulovlig» osteløp: – Jeg må på sykehuset

IShowSpeed Gloucestershire

Avfeiar moglegheita

Even Meinseth er tre gonger noregsmeister på 100 meter og har sjølv OL i Los Angeles i tankane, vel å merke i den nye greina flaggfotball.

Han heller kaldt vatn i åra på tilhengarane til «IShowSpeed». For sjølv om han meiner han er ekstremt atletisk, så er konklusjonen enkel:

– Det høyrest veldig usannsynleg ut.

NM friidrett Stjørdal

TRE PÅ RAD: Even Meinseth tok sin tredje strake siger på 100 meter i Stjørdal for to år sidan.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Meinseth meiner 19-åringen kunne blitt ein god sprintar om han la om livsstilen og trena hardt, men trur neppe det hadde halde til eit olympisk nivå.

– I tillegg hadde han aldri klart å kvalifisere seg gjennom det amerikanske uttaket. Der er det altfor høgt nivå.

Ein annan som er skeptisk er Steve Magness. Amerikanaren er friidrettstrenar og forfattar.

– Sjansen for at han kjem seg til OL er null prosent, med mindre han løpar for ein obskur nasjon. Det ville vore vanvitig sjølv om han kom i nærleiken av tida for å kvalifisere seg til OL-uttaket. Eg håpar likevel han gir det eit forsøk, skriv Magness på X.

Dei formelle krava for å delta i OL i Paris var 10,00 sekund for 100 meter og 20,16 for 200 meter. Dei same krava gjeld for VM i Tokyo neste sesong.

Det er ein del av utøvarane som kjem inn via rangering, men for ein amerikanar er det utenkeleg at ein deltar i eit OL utan å kunne springe under 10 eller 20 sekund på dei to distansane.

Sportsnyheter

Representanter fra Håndballforbundet i møte med NRK

NRK avslører: Brukte halv million på VIP-losje og finalekamper – nå reagerer klubbene

Forbundet dro på teambuilding og bestilte den dyreste VIP-losjen for 18 personer under Mesterliga-finalen – uten norske lag. Det vekker oppsikt i Håndball-Norge.

Sædís Rún Heiðarsdóttir var langt nede etter Vålerengas nederlag mot Wolfsburg i Mesterligaen.

Oppløst i tårer etter «fullstendig hodemist»: – Det var en gave

Mens de fleste snakket om Wolfburgs omdiskuterte vinnermål, gikk en nedbrutt Sædís Rún Heidarsdóttir av banen vel vitende om at hun serverte tyskernes første mål.

Solveig Løvseth under Ironman i Hawaii.

Solveig hjemme etter sensasjonen i Ironman: – Hun har ei lysende framtid

26-åringen ble historisk da hun sikra Norges første VM-tittel på kvinnesida. Sportssjefen tror ikke mange skjønner hvor stor prestasjonen er.

Siste nytt

  • Brann-juvel kan kopiere Haaland – kjemper om å bli Europas beste

    Branns Signe Gaupset (20) er med i kampen om å bli kåret til Europas beste kvinnelige fotballspiller under 21 år.

    20-åringen er en av ti spillere som er nominert til prisen «European Golden Girl». Det er sportsjournalister fra en rekke av de mest kjent avisene i Europa som er med på å bestemme hvem som blir nominert og til slutt hvem som vinner.

    Alle de nominerte må være under 21 år, og de må spille på øverste nivå i en europeisk nasjons øverste liga. Prisen gjelder for et enkelt kalanderår.

    På herresiden er prisen «European Golden Boy» blitt delt ut siden 2003, og vinneren sist år ble ikke uventet Barcelonas Lamine Yamal. Erling Braut Haaland vant prisen i 2020. (NTB)

    Signe Gaupset
    Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
  • Dansk syklist syklist klar for Uno-X

    Den danske syklisten Alexander Kamp er klar Uno-X. Det bekrefter sykkellaget i sosiale medier.

    Dansken kommer fra Intermarché-Wanty, som han syklet for i 2025-sesongen.

    31-åringen har vunnet det danske mesterskapet ved to anledninger.

    Alexander Kamp
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Kjempesmell for Brann – stjernespiller ute resten av sesongen

    Sævar Atli Magnusson har pådratt seg en kneskade og mister Branns innspurt i Eliteserien og viktige kamper i europaligaen.

    Han måtte tidligere i uken ut før pause i Islands 2-2-kamp mot Frankrike i VM-kvalifiseringen.

    – Det er utrolig kjedelig og det var et sjokk for meg at det var så omfattende. Men vi har en god tropp, og jeg skal heie på dem ut sesongen, samtidig som jeg skal jobbe knallhardt for å komme enda sterkere tilbake, sier Magnusson i en uttalelse.

    Magnusson har vært en hit i Brann siden overgangen fra danske Lyngby. Han står med ti mål på 16 kamper for bergenserne. (NTB)

    Magnusson
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal