Hopp til innhold

Inspirert av Forrest Gump – sprang 500 mil på 47 dagar

– Ein blir så glad av å springe, seier finske Pekka Aalto. Ingen har vunne det lengste årlege løpet i verda fleire gonger enn han, og no har det blitt film av det.

Pekka Aalto

DEN NYE FORREST GUMP? Pekka Aalto tar sin niande siger i det 5000 km lange løpet i New York. Men i år brukte han nesten sju dagar meir enn då han sette rekord

Foto: SRI CHINMOY ULTRA RACE

3100 engelske mil – alias 5000 kilometer – på 47 dagar. Det er 2,5 maratondistansar kvar dag. Det svarar til avstanden Oslo – Roma og tilbake igjen.

Det er ikkje rart at han blir samanlikna med filmhelten Forrest Gump, den kjende filmen frå 1994 med Tom Hanks i hovudrolla.

No er han i Oslo for å sjå løpet sitt på film.

– Eg likte ikkje å sjå meg sjølv på film første gongen. Men etter å ha sett filmen fleire gonger, synest eg det er moro å sjå seg sjølv, seier han når NRK møter den beskjedne finske 49-åringen Pekka Ashprihanal Aalto før premieren på «3100: Run and Become» i Oslo.

5649 rundar rundt kvartalet

Pekka Aalto

POSTBOD: Til dagleg ber Pekka Aalto posten i Helsingfors. Når han ikkje spring ekstremt lange løp, klatrar i fjell eller kryssar USA til fots

Filmen byggjer på løpet Sri Chinmoy Self-Transcendence 3100 Mile Race. Dei 5000 kilometrane blir unnagjort i ei knapt kilometerlang rundbane rundt eit kvartal i New York. 5649 rundar skal løparane gjennom.

Det er det lengste årlege løpet i verda, ifølgje kondis.no.

Aalto vann årets utgåve som blei avslutta 2. august – hans niande siger. Det er rekord. Han har fullført løpet i alt 15 gonger.

– Det blir 75.000 kilometer i den same runden, reknar han ut.

– Er du inspirert av Forrest Gump?

– Ja, han er «hemskt bra», seier Aalto om filmhelten som sprang nesten 25.000 kilometer på 420 dagar.

– Det er nok noko eg ikkje kan gjere han etter. Men det som er bra, er at han ikkje set nokon grenser for seg sjølv. Det kan ein lære av mentalt, seier finnen.

Ikkje heilt nøgd

Pekka Aalto brukte i år 47 dagar, ein time, ni minutt og 34 sekund på årets løp. Det svarar til to og ein halv maratondistanse – om lag 105 kilometer – kvar av dagane.

Det var han ikkje heilt nøgd med. Då han sette rekord for løpet i 2015, sprang han nesten tre maraton kvar dag. Då kom han i mål etter 40 dagar og 9 timar.

Eit maratonløp er 42,195 kilometer.

Løpet i New York går over 18 timar kvar dag, og seks timar kvile. Det betyr seks timar på kvar maraton. Det er ikkje særleg raskt samanlikna med dei fleste maratonløp. Men Pekka og dei andre sprang altså meir enn 105 maratonløp på rad.

Aalto fortel at det varierer mykje frå dag til dag kor opplagd han er.

– Av og til hadde eg ein dårleg dag og kom ikkje så langt som eg ville. Eg var trøytt. Og andre dagar kunne vere veldig gode, spesielt tidleg i løpet. Då kunne eg springe mykje meir enn tre maraton.

Pekka Aalto

LYKKELEG OG UTSLÅTT: - Kanskje er løpet best når det tek slutt, seier Pekka Aalto - her lykkeleg på senga med sigerskransen om halsen

Foto: SRI CHINMOY ULTRA RACE

Trenar med posten i trapper

Til dagleg er Pekka Aalto postbod heime i Helsingfors. Der syklar han når han kan, elles brukar han bil.

– På sykkel held eg forma ved like. Med bil blir det lite med trening, seier han.

– Men eg spring iallfall opp og ned mange trapper.

Den svenskfødde finnen meiner at det er tanken og den mentale innstillinga som er avgjerande.

– Det er «mind over body». Tankesettet er det avgjerande. Ein skal ikkje klage for mykje, så går det bra, seier Aalto. – Ein blir glad av å springe.

Han driv ikkje berre med å springe. Han har klatra til topps på Galdhøpiggen mange gonger, og han har vore til topps på Matterhorn. Og han har gått frå Mexico til Canada.

Det dreiar seg om det mentale

– Av og til kjenner eg for å gjere andre ting enn å springe. Ein veit aldri kor lenge ein kan halde på, seier 49-åringen.

– Når har du størst glede av det du held på med?

– Kanskje når det tek slutt. No er du ferdig, etter å ha kjempa heile sommaren, og synest at ein fortener å ta det roleg.

– Når blir du for gammal til å halde på med dette?

– Det veit eg ikkje. Som eg sa, er det tankane som set grensene. Prøv å stenge av dei mentale grensene, så kan ein gjere veldig mykje.

– Eit løp for svært spesielt interesserte

Jann Post

MENTAL STYRKE: - Ein må vere sta og mentalt sterk for å gjennomføre noko slikt, seier NRKs friidrettskommentator Jann Post, som sjølv er maratonløpar

Foto: Privat

NRKs friidrettskommentator Jann Post er sjølv maratonløpar. Han meiner at ein må vere sta og ha ein enorm mental styrke for å gjennomføre eit slikt løp.

– Det er oppturar og nedturar heile vegen, og det er ikkje for kven som helst å kome uskadd gjennom det. Det er rett og slett eit løp for svært spesielt interesserte.

Med opp- og nedturar meiner han at det til tider fungerer bra, til andre tider mindre bra.

– Og det er ingen logikk bak når det kjennest bra og når det kjennest dårleg. Det viktige er å stå i det også i dei dårlege periodane, når alt verkar svart, og ikkje tenke på at det er så og så langt igjen.

Post meiner prestasjonen først og fremst går på det mentale, og det å kunne ta inn nok næring.

– Dei spring ikkje så veldig fort, men det krev enormt mykje å stå i det så lenge.

Siste nytt

  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Benske og Tjøm finaleklare i ro-EM

    Lars Benske og Ask Tjøm var nest best i oppsamlingsheatet og rodde Norges dobbeltsculler i lettvekt til EM-finale.

    Duoen var i mål på tiden 6.42,81 og endte bak Spania. Fire båter fra oppsamlingen tok seg til lørdagens finale i ungarske Szeged.

    Torsdag ble Benske og Tjøm nummer to i det siste av to heat. Bare vinnerne gikk da rett til finalen.

    Martin Helseth rodde inn til 7.22,61 og 3.-plass i oppsamlingsheatet for singlescullere. Det var akkurat ikke godt nok til å gå videre til A-semifinale. (NTB)

    Benske og Tjøm
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Windingstad avslutter samarbeid

    Alpinist Rasmus Windingstad avslutter samarbeidet med skimerket Stöckli. Det bekrefter han selv på Instagram.

    30-åringen skriver at han er takknemlig for samarbeidet over de siste fire årene.

    – Det var på tide å gå videre og prøve noe nytt, spent på de kommende sesongene, skriver Windingstad.

    Han bekrefter dermed at han ikke er helt ferdig med alpinkarrieren enda, men røper ikke hvilket skimerke han kjører på kommende sesong.

    Stöckli har blant annet stjernen Marco Odermatt blant sine utøvere.

    Audi FIS Alpine Ski World Cup - Men's Giant Slalom
    Foto: SEAN M. HAFFEY / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal