Hopp til innhold

Ingrid Wigernæs er død

Ingrid Wigernæs var pioneren som fekk langrennsjentene fram i lyset.

Ingrid Wigernæs

PIONEREN: Ingrid Wigernæs kjempa mot sterke fordommar og krefter, og makta å setje kvinnene på langrennskartet

Foto: Ntb / NTB

Dottera Ine Wigernæs bekrefta søndag til NTB at Ingrid Wigernæs gjekk bort laurdag. Ho blei 95 år gammal og døydde med familia rundt seg. Familia er innforstått med at dødsfallet omtalast.

Ho var ikkje den første kvinna som konkurrerte i langrenn for Noreg, men ho er kanskje den som har sett mest spor etter seg i norsk kvinnelangrenn.

Ho omtala laget sitt på 60-talet som «jentut'n». Det betyr jentene på hennar dialekt, og blei eit omgrep som framleis er knytte opp til pionerane i langrenn for kvinner, i ei tid då jentene måtte kjempe mot fordommar både i presse og forbund for i det heile teke å få lov å gå.

Det var i denne «settingen» Ingrid Wigernæs vaks fram som ei av dei aller største i norsk skihistorie.

Heime i Hemsedal, der ho var fødd i 1928 og bar namnet Ingrid Løken, gjekk ho på ski som andre born og ungdommar ute på bygda.

– Då eg vaks opp, var ski leik og transportmiddel. Vi var mange ungar i grenda, og flaug ut i snøen med skia så snart vi hadde gjort lekser, sa Wigernæs (til frilansjournalist Elizabeth Lingjærde).

Men ho var ikkje meir enn 16 då ho flytte frå bygda og inn til Oslo like etter at krigen var slutt. – For å lære betre å spele trekkspel, som ho forklarte det med.

Der fekk ho seg kontorjobb. Den treivst ho godt med, men sakna det aktive livet. Det blei det for lite av, sjølv om ho gjekk i marka både sommar og vinter.

Bondeheimen og sko nummer 47

Ingrid Wigernæs i monolittrennet 1954

FØRSTE LØPET: Ingrid Wigernæs i fint driv i Monolittrennet i Frognerparken på nyåret i 1954, hennar første konkurranserenn og i lånte ski og sko

Foto: Aktuell / NTB

Vendepunktet kom på Bondeheimen, eit samlingspunkt for innflyttarungdom i hovudstaden. Ho gjekk ofte dit for å ete, og kom i kontakt med BUL og organisert idrett. Der tok ho til å konkurrere, både i langrenn og orientering.

Vi reiste til klubbhytta i Nordmarka så ofte som vi kunne, har ho fortalt til idrettsveteraner.com.

Det var i det miljøet ho møtte Lars Tjærum, også han frå Hallingdal.

– Han overtalte meg til å starte i Monolittrennet i Frognerparken i 1954. Eg fekk låne utstyr av Lars – ski som målte 215 centimeter, og sko nummer 47, har Wigernæs fortalt.

Det var i idrettsmiljøet ho møtte Leif Wigernæs. Det førte henne til Romerikslaget, og jonsokaftan 1955 blei det bryllaup. Ingrid tok etternamnet som ho blei kjend under.

«Slimete striper på strategiske stader»

Langrenn for kvinner var ikkje berre-berre på 50-talet. I OL i Oslo var det på programmet, men slett ikkje med norsk velvilje. Tvert imot. NM blei det først i 1954.

– Langrenn var ikkje kvinneleg nok, slo avisene fast, og omtalene av kvinnene som trassa motstanden og gjekk, blei nærmast latterleggjort.

«De hadde slimete, sveitte striper på strategiske stader. De kvinnelege tilskuerane måtte føle seg fornedra på sitt kjønns vegne», skildra ei avis eitt av dei første langrenna der kvinner fekk delta.

Ingrid Wigernæs

STYGT? Dette er ikkje kvinneleg, meinte både presse og forbund på 50-talet.

Foto: Ntb / NTB

Også legane åtvara kvinnene mot å drive med så tung fysisk aktivitet. Det kunne vere skadeleg.

Det var desse fordommane Ingrid Wigernæs måtte kjempe imot, og greidde å knuse.

Ho deltok på 10 km i OL i Cortina i 1956, men blei berre nummer 27. Til OL i Squaw Valley i California hadde ikkje Noreg råd å sende kvinner.

I Innsbruck i 1964 gjekk det litt betre, med 12. og 15. plass på 10 og 5 km, men langt unna pallen. Sovjetrussarane dominerte, saman med svenskar og finnar, som hadde kome mykje lenger i kvinnelangrenn.

Einaste kvinnelege landslagstrenar

Men kvinnelangrenn hadde fått både ein gryande aksept og eit godt miljø her heime. Ikkje minst på grunn av Wigernæs’ arbeid i Romerikslaget og andre skimiljø i landet. Ho var medverkande til at skitinget i 1964, mot tilråding frå styret, innførte kvinnestafett som NM-øving.

Då det stunda til VM i Oslo i 1966, hadde 38-åringen to stafettgull og fem individuelle NM-gull bak seg.

Men viktigare var det at tilstrøyminga av unge jenter til skiløypene var aukande. Det gav optimisme. Ingrid Wigernæs fekk ansvaret som landslagstrenar på deltid i 1965 – til dags dato den einaste kvinna som har vore landslagstrenar i langrenn.

– Eg trur «jentut’n våre» skal ha ein sjanse til å kjempe om medalje i stafetten, sa ho før VM opna. Det var ei nokså breial utsegn, men det skulle vise seg at Wigernæs visste kva ho snakka om.

Gjennombrotet med VM-sølv

Jentut'n, med Inger Aufles, Birger Mørdre, Ingrid Wigernæs

JENTUT'N: Trioen som slo gjennom med VM-sølv i 1966: Inger Aufles, Berit Mørdre og Ingrid Wigernæs

Foto: Erik Thorberg / NTB

For gjennombrotet for norsk kvinnelangrenn kom på avslutningsdagen i Holmenkollen. Verken TV eller radio sende 3 x 5 kilometer direkte, fordi gudstenesta trumfa sporten denne søndagsføremiddagen.

Men det TV kunne vise i opptak litt seinare på dagen, var utruleg. Ingrid Wigernæs gjekk første etappe.

– Eg låg sist ei stund, men greidde å ta innpå. På Gratishaugen var beina som to strikkepinnar. Men så sa eg «Gud, no må du hjelpe meg til mål». Og det gjorde han visst, sa Wigernæs om sin etappe.

Inger Aufles på andre etappe heldt også godt følgje, og kunne sende Berit Mørdre ut framfor sine nordiske konkurrentar.

Innspurten blei dramatisk. Svenske Toini Gustafsson gjekk forbi nokre hundre meter før mål og fekk ei tilsynelatande trygg luke.

Der stod Wigernæs og ropa. – Hoks at du e sterk i arma, Berit, ljoma Hemsedal-dialekta over stadion. Og Berit Mørdre brukte kjempekreftene sine til å stake Noreg inn til eit svært overraskande VM-sølv.

– Du gir deg vel ikkje no etter denne prestasjonen? spurde NRKs Øivind Johnsen.

– Jau, no gir eg meg. No har vi knytte band mellom gammalt og nytt. Eg er glad for å ha halde koken heilt til slutt, svarte veteranen på 38 år.

NRKs intervju med «jentut'n»:

Ski-VM i 1966.

LA OPP: – No gir eg meg. No er det slutt, sa Ingrid Wigernæs rett etter sølvstafetten i Holmenkollen

Knusande suverent OL-gull

Wigernæs heldt ord og la opp etter Oslo-VM. Men ho var framleis landslagstrenar under OL i Grenoble dei franske alpane to år etterpå, og hennar lagvenninner frå sølvlaget var betre enn nokon gong.

På 10-kilometeren kunne dei ikkje gjere noko med Toini Gustafsson. Men Berit Mørdre og Inger Aufles tok sølv og bronse, og heldt russarane heilt borte frå pallen.

Dette lova godt for stafetten. Og forventningane blei meir enn innfridd. 3x5 kilometer stafett i Autrans utanfor OL-byen Grenoble skulle bli det store høgdepunktet i norsk kvinnelangrenn, eit høgdepunkt det skulle ta mange år å overgå.

Babben Enger Damon hadde erstatta Ingrid Wigernæs sidan sølvlaget i Kollen, og var tredje kvinne på laget. Aufles starta, Damon gjekk andreetappen og Mørdre var ankerkvinne.

Aufles gjekk tidleg frå konkurrentane, og Noreg var klart best heile vegen. Sverige blei slått med 21 sekund, og det frykta laget frå Sovjetunionen blei vist til bronseplass, slått med 43 sekund av «jentut’n».

Det utløyste sjølvsagt enorm nasjonal glede. «Beste jentene i verda» stod det i telegrammet frå statsminister Per Borten.

Landslagstrenar Ingrid Wigernæs kunne juble hemningslaust.

– Eg trur ikkje gutane i same grad som jentene gledde seg over stafettgull, men det heng vel saman med at dei er betre vant med å vinne gull, sa Ingrid Wigernæs. Mennene hadde vunne eit suverent stafettgull dagen før.

– Brende lyset mitt i begge endar

Wigernæs trena laget ein sesong til, men i 1969 gav ho seg etter fire strevsame år i jobben. – Eg kjende det som om eg hadde brent lyset mitt i begge endar, sa ho.

I ettertid kritiserte ho Noregs Skiforbund for manglande satsing på kvinnene.

– I 1966 hadde vi flaks med smurningen. I 1968 hadde vi flaks fordi det var eit generasjonsskifte hos russarane og delvis også hos svenskane. Det fanst ikkje forståing på ansvarleg hald. Langrenn var for gutane, jentene fekk klare seg sjølv, sa Wigernæs i eit intervju med Aftenposten i 1985.

Det skulle gå lang tid før norske langrennsjenter markerte seg i verdstoppen igjen. Ikkje før i 1982, neste gong ski-VM gjekk i Oslo. Først i oppkøyringa til det meisterskapet blei jentene satsa på i tilnærma same grad som gutane.

Plate og bok

SONG: Ingrid Wigernæs gav som fleire av dei andre langrennsløparane på 60-talet ut plate. Her framfører ho «Jentut'n våre» frå eit skishow i operaen

På 60-talet var det ikkje uvanleg at dei fremst skiløparane song inn plater. Ingrid Wigernæs gjorde det og. Tittelen? Sjølvsagt «Jentut’n våre», med eit aldri så lite spark til dei som ikkje trudde på eller støtta langrennskvinnene. I 1967 gav ho også ut boka «Mot mål med jentut’n».

Ingrid Wigernæs har fått sin statue. Den er laga av biletkunstnaren Merete Sejersted Bødtker og plassert i heimbygda Hemsedal.

Initiativet kom frå polfarar Liv Arnesen i nettverket Damenes Skiklubb – ein klubb som blei stifta i 1931 og gjenoppliva i 2003, med visjon «å fremme ski- og turglede i nettverk for damer, støtte damer som trakkar nye løyper og synleggjere damers skihistorie», som det står i føremålsparagrafen.

Den paragrafen kunne ikkje passe betre for nokon enn for pioneren Ingrid Wigernæs. Ho som stod bak gjennombrotet for langrenn for kvinner.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal