– Eg fekk mail frå forbundet nå. Dei har vurdert situasjonen på same måte som oss, og det blir ingen utestenging av Martin Strandfeldt, seier direktør i Stavanger Oilers Pål Higson til NRK.no.
Gladmeldinga kjem like før Oilers sin andre finalekamp mot Vålerenga i Oilershallen torsdag kveld.
- Les òg:
– Slaget var ikkje retta mot hovudet
Den omstridde hendinga skjedde i tysdagens kamp, der Vålerenga vann 5 – 1, etter den andre scoringa.
Tyler Donati hadde akkurat sett pucken i nettet bak Stavanger-målvakt Ruben Smith og skulle til å feira da Martin Strandfeldt smalt kølla opp i hovudet på kanadiaren.
Donati gikk rett i bakken og forlét isen med tydelege smerter.
– Nå er det konkludert at slaget ikkje var retta mot hovudet, og at det ikkje var meininga av han å treffa Tyler Donati.
Viktig spelar
Dermed er Oilers sin toppscorar klar for kveldens kamp, noko direktøren er svært nøgd med.
– Han er ein sentral spelar for oss, så det er viktig å ha han med. Han har førebudd seg som om han skulle spela, og er sjølvsagt klar, avsluttar Higson.