Mandag blei Even Hovland med 24 landskampar for Norge klar for klubben frå saftbygda.
Frå før har laget hardhausen Kjetil Wæhler med 32 kampar med flagget på brystet.
No blir duoen truleg Sogndals nye midtstopparpar mot Haugesund på Fosshaugane på søndag.
– Vi hentar ikkje Even heim for at han skal sitje på benken. Men han må gje «full gass» som alle dei andre på laget. Men vi tar ikkje ut laget gjennom media, smiler trenar Eirik Bakke til NRK.
– Fleire mulegheiter
I 2-1-tapet i vestlandsderbyet mot Brann gjekk Sogndal ut i ein 3-4-3-formasjon med Per Magnus Steiring (20), Kjetil Wæhler (41) og Reiss Greenigde (21) som tre midtstopparar bak.
Å bruke tre stopparar bak har vore Sogndals mest vanlege lagoppstilling denne sesongen.
Men Hovlands inntreden gjev trenar Eirik Bakke fleire strengar å spele på, og spele i ein 4-4-2-formasjon, med to midtstopparar.
– Å få inn Even gjev oss endå fleire mulegheiter og til å utvikle systemet vi har. Og vi kan spele i ein litt annan formasjon, med to bak, seier Eirik Bakke.
Draum om utlandet
Ingen andre stopparpar i Eliteserien vil ha fleire landskampar enn Sogndals nye slugger-duo.
Til samanlikning starta serieleiar Rosenborg med midtstopparduoen Tore Reginiussen og Jørgen Skjelvik med totalt «berre» 28 landskampar (22 + 6) i 0-2-sigeren over Strømsgodset.
Og fyller du på med Johan Lærdre Bjørdal (3 landskampar), så er det fortsatt langt opp til Sogndals nye superduo.
Even Hovland spelte sin hittil siste kamp for Norge i privatlandskampen mot Sverige (1-1) på Ullevaal stadion i juni.
Men Vadheim-karen blei vraka til VM-kvalikkampane mot Aserbadsjan og Tyskland etter ein klubblaus sommar.
– Dette er ein «restart» for meg. Eg treng kampar for å kome tilbake på landslaget og i tillegg få vist meg fram med tanke på utlandet, som framleis er ein draum, seier Hovland, som ikkje fekk fornya kontrakta med Nürnberg i 2. Bundesliga.
Prestasjonskultur
For trenar Eirik Bakke er Hovland ein solid tilvekst til ei ung spelargruppe.
– No har vi Even og Kjetil som kan lære dei unge korleis dei skal opptre både på og utanfor bana. Vi er veldig glade for at han tok valet om å kome heim att, seier Bakke, som har eit mål om at 28-åringen igjen skal bli aktull for landslaget.
– Men i Sogndal betyr det ingenting kva du heiter eller kor gamal du er, det er kva du presterer som betyr noko. Og den prestasjonskulturen vil Even vere med å bidra i, seier Eirik Bakke.