Hopp til innhold

Ingen hadde trua på han – no kan han leie Danmark til EM-finalen

Simon Kjær er kapteinen og forsvarskjempa i det danske landslaget som jaktar ein finaleplass i EM. Men på Midtjyllands akademi var det ingen trenarar som trudde at han skulle klare seg som fotballspelar.

Simon Kjær

UØNSKT: Simon Kjær var ikkje ønska av akademiet til Midtjylland som 15-åring. Han lytta ikkje til trenarane sine forventningar, og kan no leie Danmark til EM-finale.

Foto: STUART FRANKLIN / Reuters

Det var tilbake i 2004 at FC Midtjylland oppretta sitt eiget fotballakademi, som den første klubben i Danmark. Simon Kjær fekk, som den aller siste spelaren, ein plass i akademiets første opptak.

No, 17 år seinare, veit ein at Kjær er ein av suksesshistoriene til dette akademiet. Han har spela for klubbar som Roma, AC Milan og Sevilla, han har over 100 landskampar for Danmark og haustar lovord frå mange kantar.

– Han er lagets kaptein, han er lagets forsvarskrumtapp. Simon betyr så mykje for dette laget, har den danske landslagssjefen Kasper Hjulmand sagt.

Og hans førgjengar i jobben har også varme ord å kome med:

– Han er ein fantastisk fin lagkaptein på alle moglege måtar. Han er drivkrafta i laget saman med Kasper Schmeichel, seier Rosenborg- og tidlegare Danmark-trenar Åge Hareide til NRK på spørsmål om Kjærs betydning for det danske landslaget.

Men hans eigne trenarar i Midtjylland hadde ikkje trua på at Kjær skulle lukkast som fotballspelar.

Siste gut inn

Ein av desse trenarane var Rasmus Ankersen, som no er fotballdirektør i den engelske Premier League-klubben Brentford. I boka «Hvem blir best?» fortel han historia om då Danmarks kaptein kom til Midtjyllands akademi som 15-åring.

Kjær feirer mål i Europa League

Kjær utlikna mot Manchester United i Europaligaen. Det hadde ikkje Midtjyllands akademi-trenarar sett føre seg.

Foto: Dave Thompson / AP

Som eit nystarta akademi sleit klubben med å tiltrekke seg dei ordentleg store talenta i sitt første opptak. Klubben hadde likevel sikra seg 15 unge gutar, og var nesten klar for sesongstart.

På dette tidspunktet hadde dei allereie bestemt seg for at Kjær ikkje var ein spelar å satse på.

«Fleire av akademiets trenarar hadde sett han spele, meg sjølv inkludert, og vi var alle samde: 'Han har ikkje utmerkt seg, og vil heller aldri gjere det'», skriv Ankersen i boka.

Men sesongen nærma seg, og klubben mangla ein spelar for å fylle opp stallen. Trenarane kom fram til at dei ikkje hadde noko anna val enn å gi Kjær ein kontrakt. På eitt vilkår: han måtte betale for utgiftene sjølv.

Om tilbodet han fekk frå Midtjylland har Kjær sjølv sagt:

– Mitt inntrykk er at dei berre aksepterte meg fordi dei ikkje kunne skaffe spelarar som var betre enn meg. Dei beste hadde allereie takka nei.

Til dette skriv Ankersen i boka: «Han hadde fullstendig rett.»

Konvolutten med namna

Og for å ytterlegare illustrere kor liten tiltru trenarstaben til Midtjyllands akademi hadde til Kjærs fotballframtid kan ein hoppe fram til seks månadar etter at han hadde skrevet kontrakt med klubben.

Då hadde Midtjyllands direktør Claus Steinlein samla dei åtte trenarane på akademiet i eitt rom, og gav dei alle ein papirlapp. På denne skulle dei skrive ned namnet på dei fem spelarane på akademiet dei trudde kom til å nå lengst på dei neste fem åra.

Lappane blei samla i ein konvolutt, og fem år seinare skulle dei sjå kor feil desse trenarane tok. For då, etter at Kjær hadde blitt selt til Palermo for over 30 millionar kroner blei konvolutten opna.

«Simon Kjær» var ikkje skriven på nokon av lappane.

Simon Kjær Palermo

Etter fire år i Midtjylland blei Kjær selt til Italienske Palermo for over 30 millionar kroner.

Foto: Gianfilippo Oggioni / AP

Sidan den gongen har han etablert seg i toppen. Han blei kalla eitt av dei største midtstoppar-talenta i fotballen, han slo igjennom både på klubblag i Europa, og på landslaget der han no er kaptein.

Under europameisterskapen har han vist seg som ein leiar for Danmark. Då Christian Eriksen fekk hjartestans i opningskampen var Kjær raskt borte for å hjelpe. Han samla det danske landslaget for å lage ein vegg mellom hjelpemannskapet og alt av kamera som fokuserte på hendinga.

Og no skal Simon Kjær, som absolutt ingen av hans trenarar i Midtjylland hadde trua på, leie Danmark ut på grasmatta på Wembley i semifinalen av EM.

Ikkje sidan triumfen 1992 har Danmark vore så nærme smaken av gull i europameisterskapen.

Men uansett korleis det går mot England har Kjær allereie vist alle kor feil dei tok. No skal han berre setje krona på verket.

Siste nytt

  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal