Thor Hushovd slapp unna massevelt i sluttspurten og endte på ein god tredjeplass i første etappe av Tour de France.
- Eg var heldig som haldt meg unna velt, sa Hushovd til TV2 rett etter at han kom i mål etter den 223,5kilometer lange etappen.
Italienske Alessandro Petachhi vant dagens etappe og tok sin første etappesiger sidan 2003.
Australienaren Mark Renshaw blei nummer to.
Cavendish i asfalten
I tillegg til Hushovd var Mark Cavendish ein av førehandsfavorittane før dagens
etappe. Medan Hushovd gjekk klar, var Cavendish innblanda i velten få kilometer før mål.
– Det handlar mykje om rutine. I staden for å velte var eg med å spurta for sigeren, seier Hushovd.
Hushovd skuffa under gårsdagens prolog og endte langt bak på resultatlista. Men i dag viste Cervelo-ryttaren frå Grimstad at han er i form.
- Eg er med i kampen om den grøne trøya.
– Vart hindra
Edvald Boasson Hagen endte på 18.plass.
- LES OGSÅ:
– Det var veldig stressande og i overkant mykje folk i vegen, seier Edvald Boasson Hagen til TV 2 etter målpassering i Brussel.
Boasson klarte å styre unna krasjet, men blei hindra av kaoset som oppstod då fleire ryttarar endte i asfalten.
23-åringen var nøgd med eigen innsats på første etappe i touren.
– Det er mange dagar igjen og hovudmålet var ikkje å vinne i dag, men å vera med i spurten. Det var godt å koma seg heilskinna gjennom.
Cavendish var favoritt
Etter gårsdagens prolog var det i dag klart for første etappe i årets Tour de France. Etappen går mellom Rotterdam og Brussel. Den er 223,5 kilometer lang og flat, og det var på førehand forventa at den ville ende i ein spurt.
Mark Cavendish er kjent for sin råsterke spurt. Briten vant seks etappar i Tour de France i fjor og var ein soleklar favoritt i ein eventuell massespurt på dagens etappe
Dramatisk mot slutten
Det vart spådd at Cavendish, Farrar og Thor Hushovd vil ende opp med å knive om den grøne spurttrøya.
Høg fart gjennom ein krapp sving endte i ein velt for fleire av rytterane, deriblant Mark Cavendish og Oscar Freire.
Knappe ein kilometer før mål var det ny velt i i det tette feltet.
Cancellara framleis i gult
Fabian Cancellara og Saxo Bank vant gårsdagens prolog og skulle forsvare den gule ledertrøya. Cancellara blei hindra av massevelten på slutten. Han vil likevel ikkje bli trekt i tid ettersom krasjet skjedde innføre dei siste tre kilometarane. Cancellara får dermed behalde den gule trøya.